Valeria Schwanitz, som er forskar ved Høgskulen på Vestlandet i Sogndal, fann ut at ho ville redusere klimafotavtrykket sitt. - Eg liker ikkje å moralisere, eg berre seier at det er fullt mogleg å reise på andre måtar enn med fly, seier ho. (Foto: Christian Blom)

Ho har ikkje tatt fly sidan 1995. Men ho forskar i Japan og er i USA på konferanse

Forskar Valeria Schwanitz kombinerer internasjonal karriere med mikroskopiske CO2-utslepp. Ho tar bussen til Bergen, toget til Toulouse og båten til New York.

Ho er nettopp tilbake i Sogndal, førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet, Valeria Jana Schwanitz, etter det siste forskingsopphaldet i Japan. Det tok litt tid å komme seg både fram og tilbake. Men ikkje verre enn at det fint lar seg gjere.

Frå Schwanitz sette seg på bussen i Sogndal til ho nådde fram til Institutt for vitskap og teknologi på Okinawa, den japanske øya, tok det fjorten dagar.

– Men eg kunne gjort det på ti. Eg kombinerte med ferie denne gongen, og hadde nokre stopp, seier ho til På Høyden.

Sidan Schwanitz begynte å jobbe ved Institutt for miljø og naturvitskap i Sogndal for fire år sidan har ho vore to gonger i Japan som gjesteforskar. I tillegg har ho dei siste par åra besøkt Marseilles, Toulouse, Lisboa, Torino og Napoli i samband med møter og konferansar – og fleire reiser blir det i åra framover, sidan ho no er involvert i eit større samarbeidsprosjekt med partnarar frå fleire EU-land. I tillegg kjem reisene kringom i Noreg.

Turane går alltid på skinner, eller på hjul, sidan det ikkje finst jernbane til Sogndal. Fly slutta ho med i 1995, lenge før ordskiftet om klima nådde akutte dimensjonar.

– Ikkje berre A til B

Korleis går det an?

– Det krev litt planlegging, seier Schwanitz.

Det hjelper med ein arbeidsgivar som synest dette er i orden, kanskje til og med bra. Ho har heller ikkje barn som må organiserast. Det gjer det lettare å planlegge både lengre opphald og reiser. Reisetida kan vere produktiv arbeidstid, enten ho no er på bussen til Bergen eller toget til Vladivostok. Skal du på konferanse i California, sa du?

Kva med ein lugar over Atlanterhavet? Schwanitz kan love gode arbeidsforhold utan ein einaste trugsel om opne kontorlandskap.

– Ein kan både oppleve og få gjort mykje undervegs. Det handlar berre om å tenke litt annleis, å ikkje berre tenke på reising som A til B og noko som må gjerast unna raskast mogleg.

Med kontor på havet kan mykje bli gjort. Valeria Schwanitz hadde lugar på frakteskip då ho tok sjøvegen frå Europa til USA på møter og konferanse. (Foto: Privat)

Ho fortel gjerne om sine noko ekstreme reisevanar til kollegaer ho møter på sin veg, men vifte med peikefingeren vil ho ikkje.

– Eg innser at noko flyging må til, det er ikkje noko vi kan unngå hundre prosent. Men eg vil gjerne vise at det går an, og at det går an å tenke på ein annan måte enn vi er vande med.

På Høyden har i ein serie artiklar sett søkelys på reisevanar og manglande klimatiltak i universitets- og høgskulesektoren, og særleg Universitetet i Bergen (UiB). Samstundes er festtalar og planstrategiar fulle av formuleringar om berekraft og mål om å redusere eigne klimagassutslepp.

Forskarar er blant dei som reiser mest og lengst i jobben, og dei reiser stadig meir og stadig lenger, viser statistikken. Universitetstoppane, særleg rektorane, er stadig på farten for å pleie nasjonale og internasjonale relasjonar på fjerne og nære kontinent.

Det har ein pris: Universiteta plasserer seg i CO2-toppen, og flyreiser er den største bidragsytaren til klimagassutsleppa.

#flyingless

Men det finst dei som gjer sitt for få ned klimagassutsleppa. Det finst dei som i det stille vel toget framfor Flesland og Gardermoen, eller som let bilen stå og tar den mindre komfortable bussen til jobb. Som droppar den ti minutts presentasjonen på konferansen i Shanghai. Eller tar toget.

Valeria Schwantiz er ikkje lenger åleine.

Allereie i 2015 slo tidsskriftet Nature på leiarplass fast at «forskarar og institusjonar bør sjå nærare på CO2-fotavtrykka sine og spørje seg sjølv om dei verkeleg treng å reise på akademiske konferansar».

Allereie i 2015 slo tidsskriftet Nature på leiarplass fast at «forskarar og institusjonar bør sjå nærare på CO2-fotavtrykka sine

Dei seinare åra har emneknaggane #flyless og #flyingless dukka opp i sosiale media der forskarar deler kunnskap, erfaringar og oppmodingar om nettopp å flyge mindre. Eit opprop er så langt signert av 560 akademikarar frå ulike stader i verda. Målet er at universitet og universitetstilsette skal ta ansvar for å kutte eigne klimagassutslepp – og flyge mindre.

I Sverige tok 18 forskarar frå sju universitet til orde for at arbeidsplassane skal halvere utsleppa innan fem år: «Om ikkje universitet og høgskular tar kunnskapen dei produserer på alvor – korleis kan vi då forvente at nokon andre gjer det?», skreiv forskarane i Dagens Nyheter.

I Danmark har 600 forskarar signert på eit ope brev til alle landets universitet med krav om å stille seg i spissen for klimakampen. Eitt av krava er å avgrense flyreiser og gi «massiv støtte til klimavennlege transportformer på alle nivå».

Mange av forskarane som omset ord til handling er unge, universitetslektorar og doktorgradsstipendiatar, ofte internasjonalt orienterte.

– Ikkje all internasjonalisering er bra

Marikken Wullf Wathne er i denne kategorien, og er i gang med doktorgraden om smartbyar på OsloMet. Engasjementet hennar vart vekt då ho studerte samfunnsgeografi i Bergen. Som 28-åring plasserer ho seg sjølv, med ein viss sjølvironi, blant dei «unge og naive».

– Skal ein vere akademikar, må ein sjølv ta ansvar for nødvendige og vanskelege endringar i samfunnet, ein kan ikkje heve seg over dei. Då må ein gjere nokre smertefulle val. Eg synest for få stiller spørsmål ved om det er bra og nødvendig å flyge. Det er viktig at vi ikkje berre tankelaust aksepterer status quo, seier Wathne.

Det er nødvendig å gjere nokre smertefulle val, meiner Marikken Wullf Wathne. (Foto: Anna Alstad)

Rettleiaren hennar sit i Stockholm, og dit dreg ho ofte, og alltid med tog. Fly har ho stort sett kutta ut. Korleis harmonerer det med å skape seg ei akademisk karriere der internasjonalisering er utropt til suksessformel?

– Eg har inga tru på at all internasjonalisering er bra. Reising tar seg godt ut på CV’en, men det er ikkje berre å dekke mest mogleg av kloden, så blir det bra forsking av det. Vi bør tenke meir over gevinsten ved å reise verda rundt for å halde ein presentasjon, seier Wathne.

Ein lugar med utsikt

Valeria Schwanitz fekk offiserslugar på containerskipet. To rom og bad, med arbeidsbord og utsikt.

– Ein får ro til å arbeide, og ønskjer du nokon å snakke med, er det ikkje noko problem. Mange funksjonar er automatisert på eit moderne frakteskip, og det er mykje dødtid for mannskapet. Du står fritt om bord, kan ta deg ein tur på brua eller i maskinrommet. Det blir mange interessante samtalar. Eg hadde også tilgang til treningsrom og svømmebasseng.

Ti dagar tok det over Atlanterhavet til New York, den gongen ho reiste i 2012. Det gjaldt eit møte på Stanford-universitetet om eit EU-prosjekt ho var engasjert i, med 22 internasjonale partnarar. I tillegg deltok ho på ein konferanse.

– Eg passar alltid på å kombinere slike møter med konferansar om det er mogleg, for å unngå fleire reiser enn nødvendig, seier Schwanitz.

På den tida ho drog til Stanford i California, arbeidde ho på eit institutt for klimaforsking i Potsdam i Tyskland. Først tok ho toget til Valencia i Spania der ho gjekk om bord i frakteskipet. Vel i land i New York tok ho toget til Los Angeles og buss til Palo Alto og Stanford. Etter returen med tog over det amerikanske kontinentet, segla ho med eit nytt frakteskip frå Charleston, denne gongen med destinasjon Rotterdam. Så gjekk det på skinner heim.

Det handlar berre om å tenke litt annleis, å ikkje berre tenke på reising som A til B

Frå fleire hamner i Europa går det skip som tar med reisande til alle kontinent. Det er ikkje gratis, prisen blir fort den doble av ein flybillett, og dei som ikkje bur i hamnebyar som Hamburg eller Rotterdam må reise eit stykke for å mønstre på.

– Men det er ein god måte å reise på. Det kan absolutt anbefalast, seier Schwanitz.

Ho har ikkje akkurat lagt ned reiseverksemda etter at ho flytta til Sogndal for fire år sidan. I tillegg til ulike (kollektive) jobbreiser kringom i Noreg omtrent annankvar månad, har ho tatt toget til konferansar og møter i Torino, Toulouse, Lisboa, Napoli og Marseilles.

I fjor var ho i Japan, i tillegg til ein svipp til universiteta i Oxford, Leeds og Edinburgh.

– Håper leiarane tar ansvar

På Lunds universitet i Sverige, ved Senter for berekraftig samfunnsutvikling (LUCSUS), sit ein av frontfigurane i flyingless-rørsla, Kimberly Nicholas. Ho forskar på korleis sosiale og politiske straumdrag endrar haldningar til flyging i takt med at klima erobrar den offentlege dagsorden.

– Eg opplever at akademia og forskarane er i ferd med å vakne. Fleire innser kor akutt situasjonen er og kor dårleg tid vi har på å redusere karbonutsleppa. Som akademikarar spelar vi ei nøkkelrolle i å løyse dei problema vi står i. For at vi som forskarar skal kunne bevare tilliten vi har, er det avgjerande at vi raskt klarer å kutte våre eigne utslepp. Då må vi redusere flyreisene. Her i Lund står fly for meir enn 90 prosent av dei rapporterte utsleppa, seier Nicholas.

- Som akademikarar spelar vi ei nøkkelrolle i å løyse dei problema vi står i, seier Kimberly Nicholas. (Foto: Privat)

Sjølv slutta ho å flyge innan Europa i 2012, og har redusert flytida si med 80 prosent. Men fortsatt tar ho av og til fly for å besøke familien i USA.

Ho viser til ein studie som er gjort ved University of British Columbia som fann at 4,8 prosent av dei tilsette stod for 50 prosent av alle utslepp frå flyreiser. Med andre ord kan nokon lette klimabagasjen meir enn andre.

– Eg håper leiarane på universiteta tar innover seg behovet for ei kulturendring og tar ansvar, seier Nicholas.

På senteret der ho jobbar har dei frå og med i år innført nye retningslinjer for reising. Inspirasjonen er blant anna henta frå Tyndall Centre for Climate Change Research. Der har Kevin Anderson, framståande klimaforskar og sjølve flyge-mindre-guruen, vore med å utvikle ein manual for meir klimavennleg reising. Det er denne som også har inspirert retningslinjene som Senter for klima og energiomstilling ved UiB har laga for sine tilsette.

Sist gong Kevin Anderson sat på eit fly var i 2003. Men då var altså Valeria Schwanitz allereie for veteran å rekne.

Sogndal-Okinawa (via Vladivostok)

Ho har fleire forskingsopphald i Japan bak seg, ved universitetet i Osaka og på Okinawa. Alle gongene har ho reist på same måten, med tog og båt, og litt buss der det er nødvendig.

– Eg passar på å vere ei viss tid når eg først reiser. Då eg var i Japan no sist, drog eg i september og kom tilbake i januar. Ferien vart lagt inn i reisa.

Reiseruta var eit eventyr i seg sjølv: Sogndal – Oslo – Stockholm – Helsingfors – Moskva –Vladivostok – Donghae og Pusan (Sør-Korea) – Fukuoka – Osaka – Kagoshima – Naha/Okinawa.

Det var då ho var student i Moskva at ho fekk ideen om å reise flylaust. Dei andre studentane tok stort sett tog kor enn dei skulle.

– Det vil eg prøve, tenkte eg. I starten var det ikkje primært på grunn av miljøengasjement, eg var berre nysgjerrig. Deretter gjekk forskinga mi i ei retning som påverka meg personleg: Det blei etter kvart meiningslaust for meg å etterlate meg haugar av klimagass, fortel Schwanitz, som har bakgrunn både i økonomi og fysikk.

I Sogndal underviser ho passande nok i det internasjonale masterprogrammet Climate Change Management. I tillegg forskar ho på berekraftige energi- og transportløysingar. Prognosen er at flytrafikken vil auke på, særleg i andre verdselar enn vår, og spesielt i Asia, Afrika og Latin-Amerika. Men forskaren i Sogndal har ikkje anlegg for apati.

– Det vi verkeleg treng globalt er biobasert drivstoff eller elektriske fly. Men i mellomtida kan vi ikkje berre sitje og sjå på. Vi har, kvar enkelt av oss, eit ansvar for å gjere det vi kan gjere.

Saka vart først publisert i På Høyden

Powered by Labrador CMS