Professor og statsvitar Oluf Langhelle (t.v.) og professor og teknolog Mohsen Assadi (t.h.) jobbar mot det same målet: Nullutsleppsamfunnet. (Foto: UiS)

Utdanner høgt kvalifiserte energi-ekspertar

Sju UiS-forskarar deltek i eit forskingssamarbeid mellom europeiske universitet og industri som skal utdanne høgt kvalifiserte energi-ekspertar og gje meir miljøvenlege energisystem i Europa.

– For å kome Paris-avtala og to-graders-målet i møte, er ei global energi-omstilling naudsynt, ikkje berre med tanke på korleis energi lagast, men også med tanke på korleis energi blir omdanna og brukt, seier professor Mohsen Assadi ved Universitetet i Stavanger (UiS).

Assadi deltek i eit større europeisk forskings- og innovasjonsprosjekt om energisystem i endring – ENSYSTRA – Energy Systems Transition. UiS har fått bevilga omlag 7,6 millionar kroner i prosjektet og er engasjert med sju forskarar. Målet er å skape framdrift i overgangen frå eit sentralisert til eit desentralisert og meir miljøvenleg energisystem i Europa.

Det skal dei klare ved at teknologar og samfunnsvitarar samarbeider tett med industrien for å utdanne 15 ph.d.-stipendiatar innan feltet.

Powered by Labrador CMS