Ifølgje rapporten vil dei fattige vert mest påverka, til dømes vil dobbelt så mange mangle vatn ved 2 grader enn ved 1,5 graders oppvarming. (Illustrasjonsfoto: Piyaset / Shutterstock / NTB scanpix)
Ifølgje rapporten vil dei fattige vert mest påverka, til dømes vil dobbelt så mange mangle vatn ved 2 grader enn ved 1,5 graders oppvarming. (Illustrasjonsfoto: Piyaset / Shutterstock / NTB scanpix)

Forskar samanfattar: Fire viktige punkt i FNs 1,5-gradersrapport

– Det billegaste CO2-molekylet er det du ikkje slepp ut, seier Bjerknessenter-direktør Tore Furevik.

Published

Måndag morgon 8. oktober lanserte FNs klimapanel, IPCC, den såkalla 1,5-gradersrapporten – som tek for seg forsking på kva som må til for å halde den globale oppvarminga under 1,5 grader i forhold til før-industriell tid, og kva følgjer ei slik oppvarming vil ha samanlikna med ei oppvarming på 2 grader.

Hovudfunna er kanskje ikkje så overraskande, men rapporten viser at det er viktige skilnader på 1,5 og 2 graders oppvarming, og at det hastar meir enn nokosinne å få ned utsleppa av klimagassar.

– For første gong ser vi korleis ulike klimatiltak vil verke inn på dei ulike berekraftsmåla. Dette gjeld både klimatilpassing og utsleppsreduksjon, seier Tore Furevik, direktør ved Bjerknessenteret for klimaforsking, og viser til dei 17 måla som vart vedteke i 2015, etter førre store IPCC-rapport.

Fire hovudpunkt

Rapporten samanstiller mykje ny forsking, og sjølv om det meste allereie er kjend, er det veldig bra at vi no får samla all denne kunnskapen og satt han på dagsorden. Tore Furevik meiner dette er dei viktigaste punkta i rapporten:

Tore Furevik er direktør ved Bjerknessenteret klimadirektør ved Universitetet i Bergen. (Foto: Gudrun Sylte).
Tore Furevik er direktør ved Bjerknessenteret klimadirektør ved Universitetet i Bergen. (Foto: Gudrun Sylte).

1. Vi har litt meir tid enn vi trudde, men veldig raske kutt i utslepp av klimagassar er påkrevd

Vi har mellom 550 og 750 milliardar tonn karbondioksid att av karbonbudsjettet før vi overstig 1,5 grader oppvarming. Med dagens utslepp svarar det til 15-20 år, noko meir enn det som var oppgitt i den femte hovudrapport til FN sitt klimapanel som kom i 2013. Men utsleppa må likevel raskt gå mot null innan 2050. Klarer vi ikkje det fort nok, må vi stole på at vi eller våre etterkommarar klarer å fjerne store mengder CO2 frå atmosfæren.

– Slike teknologiar finst, men det er vanskeleg å sjå korleis dette skal vere mogleg å gjere i stor nok skala – med en effektivitet og med ein kostnad som er realistisk. Dette understrekar det enorme behovet for ein rask overgang til fornybarsamfunnet, seier Furevik.

– Det billegaste CO2-molekylet vil vere det du ikkje slepp ut.

2. Berekraftsmåla har fått ryggrad

Sjølv om alle land skulle oppfylle lovnadane inn mot Parisavtalen, er ikkje dette nok til å halde oppvarminga under 1.5°C – heller ikkje 2°C.

Utsleppskutt i tillegg til det som allereie er lovd, fører til mindre «overstiging» av 1,5 grader og mindre behov for framtidig fjerning av CO2 frå atmosfæren for å få temperaturane ned att.

– Tilpassing som kan redusere lands sårbarheit, er veldig bra og ut frå eit berekraftperspektiv, særleg når det gjeld å redusere fattigdom. Andre tiltak for klimatilpassing og utsleppsreduksjon kan ha både positive og negative konsekvensar for dei ulike berekraftmåla, så det er viktig med tilpassa og målretta handlingar, seier Furevik.

3. Utviklinga går hardast utover dei allereie sårbare

Alle dei negative effektane og risikoane som er forbunde med klimaendringane vert verre med 1,5 graders oppvarming enn det dei er i dag, men likevel ikkje så ille som for 2 graders oppvarming.

Det er sterk auke i ekstremvarme i alle folkesette delar av verda, auke i ekstremnedbør i dei fleste områda og auke i ekstremtørke nokre område. Dei fattige og sårbare vert mest påverka, til dømes vil dobbelt så mange mangle vatn ved 2 grader enn ved 1,5 graders oppvarming, og mange lågtliggjande øystatar vil forsvinne under vatn.

– Å avgrense oppvarminga til 1,5 grader i staden for 2 grader har stor betyding for både dei landbaserte og dei marine økosystem, og for den nytte vi har av dei. Går temperaturen over 1,5 grader, er det større sjansar for endringar som ikkje kan la seg reversere, og totalkollaps. Med 1,5 grader i staden for 2 grader vert det mindre reduksjon i globale avlingane og næringsinnhald, og betydeleg mindre risiko for matmangel i verda, seier Furevik.

4. 1,5 grader i 2040, med mindre…

Menneskeskapt global oppvarming nådde 1 grad over førindustrielt nivå i 2017 og aukar for tida med 0,2 grader per tiår.

– Med dagens utslepp av klimagassar vil temperaturauken fortsette, og kloden passerer 1,5 graders oppvarming rundt 2040, seier Furevik.

Rapporten viser at vi med dagens utslepp med 90 prosents sikkerheit vil passere to graders oppvarming i løpet av dette århundret.

Norske bidrag

– Noregs forskingsråd snudde seg veldig raskt rundt i 2016, og ved hjelp av ein ekstraordinær utlysing vart fem norske prosjekt finansiert, som alle har bidrege inn mot rapporten, seier Furevik.

Camille Li er professor ved UiB og forskingsleiar ved Bjerknessenteret. (Foto: UiB)
Camille Li er professor ved UiB og forskingsleiar ved Bjerknessenteret. (Foto: UiB)

I sommar vart forskingsresultata presenterte, blant anna HappiEVA som Bjerknessenteret er partnarar i. Camille Li, professor ved Universitetet i Bergen, og forskingsleiar ved Bjerknessenteret var blant forskarane på prosjektet:

– Det er ikkje det at vi ikkje kjenner fysikken. Det gjer vi. Men det er mange effektar som speler inn, og kva som har mest å seie akkurat i skiljet mellom 1,5 og 2 grader, det er nokså vanskeleg, forklarar Li.

For oss i Noreg og spesielt langs kysten har stormbanene mykje å seie for vêr og klima. Desse drar med seg vassdamp frå subtropiske område i Mexicogulfen til Nord-Europa og Noreg, der lågtrykka er fullt utvikla og nedbøren er kraftig. Utanfor stormbanene kan det bli mindre nedbør og oftare tørke.

Men med varmare og fuktigare luft i stormbanene, kjem sterkare stormar og kraftigare nedbør. Når temperaturskilnadane mellom Arktis og tropane aukar, blir desse banene dytta nordover:

– Vi er ganske sikre på at denne siste effekten er den som antakeleg vinn når den globale oppvarminga har pågått lenge, men når inntreff dette? Vi er også sikrare på modellresultata som simulerar effektane av eit kraftig oppvarmingsscenario enn framskrivingar med mindre oppvarming, seier Li.