Annonse

Slik sparar du klimaet med klesvasken

Hjelper det miljøet om du vaskar kleda dine mindre? Britiske myndigheiter meiner det. – Eg ville ikkje fokusert på dette, seier norsk professor.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Tørkar du kleda på tørkesnor i staden for i trommel sparar du klimaet og lommeboka. (Foto: Colourbox)

I samarbeid med


 

       

Denne saken er produsert av NRK.

Fakta:

Klesvask i Noreg

Alminneleg hygienisk standard på 1950-talet var å skifte herreundertøy ein gong i veka, mens dameundertøy vart skifta mellom ein og to gongar i veka.

I dag skiftar dei aller fleste i Noreg undertøy dagleg.
Vi vaskar oftare for å fjerne lukt enn å fjerne synleg smuss.
Ein familie på 2 vaskar klede cirka 238 gongar i året, mens ein familie på 4 har om lag 430 klesvaskar i året.

Kjelde: Statens institutt for forbruksforskning

Britiske forbrukar blir råda til å vaske kleda sjeldnare for å kutte klimautslepp og spare miljøet.

– Ved å redusere klesvasken med ein tidel kan vi spare karbonutslepp og vatn, seier det britiske regjeringsoppnemnde rådet Waste and Resources Action Programme (WRAP), og blir backa opp av den britiske miljøvernministeren.

Dette har irritert blant anna det britiske TaxPayers’ Alliance, som meiner WRAP bør halde seg unna skitentøyskorga til britane og prioritere andre, meir viktige satsingsområde. Dette skriv Mail Online.

Nordmenn brukar i alle fall ikkje vaskemaskina mindre enn britane. Kor mykje kan vi spare klimaet og miljøet på vaskerommet?

Vi tok ei ringerunde til forskarar og miljøvernorganisasjonar for å sjekke saka.

_____________________

Les hele saken på NRK.no

Powered by Labrador CMS