Fleire vil ha norskproduserte proteinvekstar til både mat og fôr. Det har ført til auka produksjon av åkerbønner og erter dei siste åra.
Samstundes som produksjonen har ekspandert, har omfanget av plantehelseutfordringar også tatt seg opp. Det gjeld mellom anna avlingstap grunna insekt, seier Gunda Thöming, forskar ved NIBIO.
Enorm auke
– For ti år sidan hadde eg to til tre spørsmål om skadelege insekt i løpet av sesongen. No får eg førespurnadar to til tre gongar om dagen, fortel Thöming.
Noko av bakgrunnen er at det blir færre og færre sprøytemiddel tilgjengeleg kvart år. Dessutan gjev klimaendringane betre tilhøve for skadedyra.
– Varmare vêr gjer det enklare for insekta å formeire seg. Dette er noko vi observerer generelt i mange kulturar.
Thöming seier at Noreg ligg litt etter når det gjeld kunnskap om dyrking av proteinvekstar. Ute i Europa vert det mellom anna forska på kva slags alternative metodar som fungerer mot skadedyra.
– Som ein del av et større forskingsprosjekt har vi no byrja å teste ut ulike alternativ til sprøytemiddel under norske forhold, fortel ho.
Kjenningar og nykomarar
Det største problemet for dei som dyrkar åkerbønner og erter, er ertesnutebilla (Sitona lineatus). Den vaksne billa et blad og legg egg i jorda. Der vandrar larvane rundt i rotsystem og gneg på røter og nitrogenfikserande knollar, noko som kan redusere avlinga.
– Denne billa har vore her heile tida, men no har ho blitt eit stort problem. Lokalt har det vore så store angrep at heile planter veltar på grunn av gnaging i rotsystemet. Ein kan sprøyte mot dei vaksne billene, men finn ein vaksne, vil det allereie vere egg i jorda.
Ei anna utfordring i åkerbønner er frøbilla Bruchus rufimanus, som enno ikkje har norsk namn.
– Denne billa har hatt ei eksplosjonsarta utvikling i Sverige, der ho har gjort stor skade. Vi har hatt ein del førespurnader her heime om øydelagde frø dei siste åra.
– I erter er sommarfuglen erteviklar også ei utfordring, fortel forskaren.
Seinare og djupare
– Vi må bruke friskt frø. Og vi veit er at det er viktig med god gjennomtenkt arealplanlegging og vekstskifte. Ikkje plant år etter år på same stad eller dyrk åkerbønner og erter saman. Det finst modellar for god arealplanlegging og risikovurdering av skadedyrangrep som kan hjelpe, påpeikar Thöming.
Ho råder til å dyrke åkerbønner litt seinare og djupare enn det som er vanleg i dag.
– Då klarer ikkje så mange larvar å kome ned og gjere skade. Dette kan vere vanskeleg grunna kort vekstsesong, og difor testar vi no ut ein tidleg sort. Så langt er resultata lovande, opplyser forskaren.
Proteinvekstar
Studiar viser at norske forbrukarar i aukande grad vil ha plantebaserte produkt i kosthaldet. I dag importerer vi også store mengder planteprotein til kraftfôr. Det er eit sterkt ønske om at delen av importert fôr i husdyrproduksjonane skal ned.
Ved maksimal utnytting av potensialet er det mogleg å produsere rundt 20.000 tonn protein årleg frå belgvekstar i Noreg, ifølgje NIBIO. For å utnytte potensialet trengst det tilpassa sortar og dyrkingsteknikk.