Dei fleste au pairane som kjem til Noreg er profesjonelle hushjelper. (Foto: Microstock)

Ser på au pairar som underbetalte hushjelper

Norske styresmakter kallar au pair-ordninga for kulturutveksling. I realiteten er au pairane profesjonelle hushjelper med ei løn ned mot 69 kroner i timen, hevdar forskarar.

Au pair-ordninga

Den europeiske au pair-ordninga vart stifta i 1969.

Au pair-ordninga opnar for at unge menneske mellom 18 og 34 år kan reise ut i verda for å lære eit anna språk og ein annan kultur, i byte mot lettare husarbeid og kost og losji hos ein vertsfamilie.

Au pair er fransk for «på like fot».

95 prosent av au pairane i Noreg er kvinner. Au pairen kan ikkje ha eigne barn.

Au pairen skal berre gjere lettare husarbeid og kan arbeide maks 30 timar i veka.

Au pairen får opphaldsløyve i landet i inntil to år, men ikkje arbeidsløyve.

Ho skal ha fri kost og losji og få minst 5200 kroner i lommepengar før skatt.

Au pairen skal bu hos familien i eit eige rom heile kontraktperioden.

Au pairen har rett på minst ein fridag i veka, og ein fast ettermiddag per veke.

Vi kan kalle ho «Nicole». Nicole er ei ung kvinne frå Filippinane og au pair. Ho bur hos ein norsk familie, der både mor og far har tidkrevjande, men godt betalte, fulltidsjobbar. Nicole passar dei tre barna mellom 2 og 8 år, som skal hentast og bringast til og frå barnehage, skule og fritidsaktivitetar. I tillegg er det hennar jobben hennar å halde det store huset reint og ryddig, og å handle mat på måndagar.

Ifølgje au pair-kontrakten skal ikkje Nicole jobbe meir enn 30 timar i veka. Det blir ofte ein del timar ekstra likevel, for grensene mellom jobb og fritid er utydelege. Det er vanskeleg å seie nei når ungane kjem og vil leike på fridagen hennar, eller når vertsmora spør om ho kan bake kake til foreldremøtet.

Nicole vegrar seg for å snakke med vertsfamilien om desse tinga. Ikkje snakkar ho norsk og ho fryktar at familien vil bli misnøgd med henne og avslutte kontrakten hennar, dersom ho gjer seg vanskeleg. Da står ho i fare for å miste opphaldsløyvet i Noreg.

Au pair-ordninga set kvinnelege arbeidsmigrantar i ein svært sårbar situasjon, ifølgje jurist Lene Løvdal. (Foto: privat)

Strukturell diskriminering

Ifølgje norske styresmakter er Nicole på kulturutveksling for å bli kjent med det norske språket og samfunnet. Forskarar hevdar at å kalle ordninga ei kulturutveksling ikkje treng å bet.

I realiteten er au pairar som Nicole underbetalte hushjelper som manglar vanlege arbeidstakarrettar. 

– Au pair-ordninga handlar om billig, kvinneleg arbeidskraft i heimen. Majoriteten av au pairane i Noreg reiser ikkje primært for kulturutvekslinga. Dei er først og fremst profesjonelle hushjelper, seier jurist Lene Løvdal.

Saman med forskar og jurist Helga Aune har ho undersøkt den norske au pair-ordninga. 

– Au pair-ordninga set desse kvinnene i ein særleg sårbar situasjon. Dei er unge, snakkar ikkje norsk, har eit svakt sosialt nettverk i Noreg, dei bur på arbeidsplassen og er dermed heilt underordna viljen til arbeidsgivar, seier Løvdal.

95 prosent av au pairane i Noreg er kvinner. Løvdal og Aune hevdar at au pair-ordninga difor er strukturell diskriminering av kvinner – at sjølve ordninga er kvinnediskriminerande. 

Fleire tusen au pairar i Noreg

Au pair-ordninga har vore mykje debattert i Noreg dei siste femten åra. Det heng saman med den store auken av au pairar som har kome til Noreg i denne perioden. Da den såkalla au pair-konvensjonen vart ratifisert og innført i Noreg tidleg på 1970-talet, var det om lag 40 au pairar som kom hit kvart år. I 2000 var talet 691.

I dag er det i overkant av 2000 au pairar med opphald i Noreg, ifølgje Utlendingsdirektoratet (UDI). Det er ingen teikn til at talet vil minke.

90 prosent av dei er som Nicole, unge kvinner frå Filippinane. Mange av desse jobbar som reisande hushjelper i ulike land, sidan au pair-ordninga berre gir opphaldsløyve for to år av gongen. For å jobbe som au pair kan ein ikkje ha eigne barn.

Noreg er i dag eit attraktivt mottakarland for au pairar. Slik har det ikkje alltid vore.

Vesteuropeiske kvinner på eventyr

Da au pair-ordninga vart innført i 1969 var den jamne au pair ei ung, vesteuropeisk middelklassekvinne som reiste til USA eller andre europeiske land.

Ordninga var meint som ein gyllen moglegheit for unge, mindre pengesterke kvinner til å reise ut, lære eit språk og sjå verda, i bytte mot lettare husarbeid og barnepass.

– Eit av dei opphavlege siktemåla med au pair-konvensjonen var å bidra til å fremje sosioøkonomisk likskap og sosial framgang, fortel forskar Berit Gullikstad ved NTNU.

Der ein før snakka om mottakarfamiliar, snakkar ein no om vertsfamiliar. Forskar Trine Annfelt trur dette speglar eit ynskje om å tone ned assosiasjonane til det tradisjonelle tilsettingsforholdet. (Foto: KILDEN)

Ho har saman med kollega Trine Annfelt forska på korleis ordninga har vorte forstått i norske politiske dokument i dei 45 åra ho har eksistert.

Frå og med tusenårsskiftet ser dei ei tydelegare vektlegging av kulturdelen av ordninga, trass i at mange au pairar ser på ordninga som ein migrasjonsmoglegheit.

– Ein snakkar ikkje lenger om mottakarfamiliar, men vertsfamiliar, meir i tråd med forståinga av au pairen som ein gjest. Omgrepet au pair-tilsetjing har også forsvunne. Kanskje har det å gjere med at desse omgrepa gir tydelege assosiasjonar til det tradisjonelle tilsettingsforholdet, undrar forskar Trine Annfelt.

Timeløn ned mot 69 kroner

Eit poeng i au pair-konvensjonen frå 1969 er at au pairane verken er arbeidstakarar eller studentar. Dei er ein slags mellomkategori, men med trekk frå begge. På same måte blir familien som au pairen bur hos, både sett på som arbeidsgivar og vertsfamilie. 

– Au pairane jobbar tvungen deltid, fordi kontrakten deira forbyr dei å jobbe meir enn 30 timar i veka. I dei fleste tilfella svarer lommepengane til ei timeløn på om lag 69 kroner, seier Lene Løvdal.

Utrekninga er basert på minimumsbeløpet frå 2012, som da var 5000 kroner før skatt, delt på talet på arbeidstimar i veka, maksimalt 30 timar. Kost og losji er tatt med i reknestykket, basert på satsane til Skatteetaten.

Løvdal har tidlegare jobba med kartlegging av rettane til au pairane i Juridisk rådgiving for kvinner (Jurk). Jurk avdekte at au pairane i Noreg manglar mange av rettane som dei fleste vanlege arbeidstakarar har.

– Fokuset på kulturutveksling dekker over at au pairane er fråtekne alminnelege arbeidsrettar, meiner ho.

Fordi dei ikkje er rekna som arbeidstakarar, er dei ikkje omfatta av arbeidsmiljølova. Det betyr til dømes at dei ikkje er dekt av sjukepengeordninga, og har verken pensjonsrettar eller uføreforsikring. Dei kan heller ikkje fagorganisere seg.

Risikerer å bli kasta ut av landet

Løvdal peikar på at det ikkje finst lovlege måtar å gi ekstra betaling eller overtidsbetaling på, sjølv om både au pairen og vertsfamilien ofte ynskjer at au pairen skal jobbe meir. Ifølgje rapporten frå Jurk arbeider mange au pairar meir enn 30 timar i veka, og enkelte blir tvunge til det.

Dersom au pairen krev lønn for utført arbeid utover dei 30 timane som er slått fast i au pair-kontrakten, er det på same tid eit bevis på at vilkåra for opphaldsløyve er brote. Det betyr at au pairen må forlate Noreg dersom ho ikkje kan vise at det var under press eller tvang.

– Det er i praksis ein effektiv trussel som ofte vil hindre au pairen i å krevje løn for utført arbeid, seier Løvdal.

Eit springbrett til opphaldsløyve

Gullikstad og Annfelt peikar på at ein må sjå au pair-ordninga i samanheng med den norske migrasjonspolitikken.

Dei skriv at da ordninga vart innført, var Noreg først og fremst eksportør av au pairar. Det var ingen som tenkte på dei få europeiske au pairane som kom hit som moglege arbeidsinnvandrarar.

No ser forskarane at ordninga i langt større grad enn før blir brukt som ein veg inn i Noreg for kvinner frå land utanfor EU. Samstundes ynskjer ikkje styresmaktene å opne opp for ufaglært arbeidsinnvandring frå ikkje-EU-land. Berre såkalla ekspertar med spesiell kompetanse som Noreg har bruk for, kan i dag få opphaldsløyve.

– Norske styresmakter underkommuniserer arbeidstakardimensjonen ved au pair-ordninga for å hindre ufaglært arbeidsmigrasjon, hevdar Annfelt.

For at norske par skal vere likestilte, gjer ein seg avhengig av billig, kvinneleg arbeidskraft frå fattige land, seier Berit Gullikstad. (Foto: NTNU)

Ho meiner at au pairordninga vitnar om ein kjønnsskeiv migrasjonspolitikk.

– Tre av fire arbeidsinnvandrarar som kjem til Noreg i dag, er menn. Au pair-ordninga er ein av dei få måtane kvinnelege arbeidsmigrantar utanfor EU utan godkjent utdanning har for å arbeide i Noreg, seier ho.

Éin måte å gjere det på er å gifte seg med ein nordmann og søkje om familiegjenforeining. Ein annan veg inn er å byrje på ei utdanning i Noreg og få studentopphald.

– Likestilling er berre for nordmenn

Tidlegare forsking har vist at det først og fremst er behovet for hjelp i heimen, og ikkje kulturutveksling, som får norske familiar til å skaffe seg au pair.

– Det er grunn til å vere kritisk til at folk vil ha hushjelp utan å betale marknadspris, seier Lene Løvdal, som meiner au pair-ordninga må endrast radikalt.

Ifølgje Gullikstad  snakkar norske styresmakter med to tunger i likestillingspolitikken.

– Au pair-ordninga hindrar at mødrer kan kome til Noreg for å jobbe, medan den norske likestillingspolitikken er å få norske mødrer ut i arbeidslivet. Likestilling er berre for norske familiar. For at norske par skal vere likestilte, gjer ein seg avhengig av billig, kvinneleg arbeidskraft frå fattige land.

Referanse:

Anne Hellum og Julia Köhler-Olsen (red.) Like rettigheter - ulike liv : rettslig kompleksitet i et kvinne- barne- og innvandrer-perspektiv. Gyldendal juridisk, 2014. Samandrag

Powered by Labrador CMS