Annonse
Internasjonalt forskartreff - besøk hjå Vestlandsforsking. (Foto: Vestlandsforsking)

Skal forske på stordata og kriser

Forskarar frå USA, Japan, Hongkong og Noreg er samla i Sogndal for å starte opp eit forskingsprosjekt om stordata og krisehandtering.

– Det er ikkje kvar dag vi samlar IT-forskarar frå tre universitet i USA, to i Japan, eitt i Hongkong og Universitetet i Bergen, seier Merete Lunde, direktør ved Vestlandsforsking. Instituttet skal dei neste tre åra leie forskingssamarbeidet om korleis ein kan bruke stordata til å handtere kriser.

Kvar gong vi dreg eit betalingskort, blir data skapt og lagra. Samfunnet vårt produserer enorme mengder informasjon av denne typen, og det skjer i stadig raskare takt. Men fjella av informasjon er ingen digital søppeldunge. IT-forskarar kallar slike svære datasett for «stordata» eller «big data». Desse datasetta har til felles at dei er for svære, for raskt veksande og for ueinsarta til å passe inn i strukturane til dagens databasearkitektur.

Forskingsmiljø over heile verda, inkludert dei som deltek på treffet i Sogndal, arbeider med å utvikle smarte måtar å tolke stordata på. Når forskinga på dette feltet har gjort framsteg, er det nemleg ikkje utenkeleg at digre og tilsynelatande unyttige datasett kan bli ei kjelde til livsviktig innsikt – til dømes under kriser.

I prosjektet skal forskarane arbeide med problemstillingar i dei ulike landa om nye innovative løysingar for å vere godt budd på kriser, system for handtering av kriser og for oppattretting av samfunnet etter ei krise. I tillegg skal prosjektet bidra til gode, framtidsretta IT-utdanningar.

Powered by Labrador CMS