Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.

Både trenarar i barneidretten og i toppidretten bør tenke på korleis det å tenkje at ein har dårlegare utstyr, kan påverke prestasjonen, meiner Bojan Blumenstein.

Trur du konkurrenten har betre ski enn deg? Da kan du prestere dårlegare

Forskarar viste at skiløparar gjekk seinare når dei trudde at dei hadde dårlegare utstyr enn konkurrentane. Det kan gjere forsøka med lik skismurning viktig for sporten, meiner langrennsforskar.

Anten du helst går påsketur eller stod på startstreken i Birken førre helga, har du kanskje tenkt tanken før.

Dei andre har betre ski enn meg. Dei glir frå meg i kvar einaste nedoverbakke.

Kan dei tankane gjere at du også presterer dårlegare?

Ja, viser forsøk gjort på Norges idrettshøgskole (NIH).

Bojan Blumenstein er ved sidan av lærarjobben på WANG, aktiv orienteringsløpar og skiorienterar.

Testa forskjellige rulleski

– Å vite at andre har betre utstyr, kan verke veldig demotiverande. Det kan sitte i underbevisstheita. Sjølv om du ikkje tenkjer aktivt på det, så kan du gå dårlegare likevel.

Det seier tidlegare masterstudent ved NIH, Bojan Blumenstein.

Han samla 21 aktive langrennsløparar til forsøk i ei undersøking.

Alle fekk delt ut rulleski dei skulle teste på 45 meter sprint. Dei fekk vite at dei skulle teste ski med forskjellige rullemotstand.

Dei fekk altså vite at skia dei hadde under beina, var treigare enn konkurrentane sine.

Aktive skiløparar frå skulen WANG deltok i forsøket, som blei gjort i 2020.

I verkelegheita var alle dei tre par skia dei testa, heilt like og rulla like fort.

– Det interessante var at løparane gjekk saktare når dei trudde at dei gjekk på dårlegare ski, seier Blumenstein.

Lik skismørjing i verdscupen

Utøvarane svarte også på spørjeskjema etter forsøka. Der kom det fram at dei følte dei gjekk fortare når dei gjekk på det dei blei fortalt var dei beste skia. Tilsvarande seint når dei gjekk på dei «treige» skia.

– Funna våre viser at den psykologiske effekten av at du trur du har dårlegare ski, kan gjere prestasjonen dårlegare, seier Blumenstein.

Denne veka blei det for fyrste gong testa felles smøreopplegg i verdscupen i langrenn. Det same blei gjort i Hovudlandsrennet denne vinteren.

Kanskje blir den psykologiske effekten av å tru at ein har dårlegare utstyr, mindre da?

– Her var det produsenten av skismørjing Swix som vurderte kva slags smørjing utøvarane skulle bruke. Alle fekk preparert skia sine likt. Om ein får til gode løysingar her, kan det vere viktig både for mindre nasjonar og rekruttering.

Det seier Thomas Losnegard som er professor i skiidrett. Han legg til:

– Det viktigaste er at du ikkje trur at du har dårlegare ski enn konkurrentane. Når nokon har store smøreteam, vil kanskje konkurrentar tru at dei også har betre ski.

Takkar smørebua i seiersintervju

Blumenstein som sjølv er aktiv orienteringsløpar, trur resultata kan vere noko å tenkje på både for trenarar i barneidretten og blant verdas beste skiløparar.

– Det er nok mange barn som kan kjenne på at dei har dårlegare eller færre par ski enn dei dei konkurrerer mot. Det kan verke veldig demotiverande.

Forsøkspersonane fekk prøve tre par rulleski som dei fekk vite skulle rulle med ulik hastigheit. I verkelegheita var alle like.

Kanskje blir dei også påverka av seiersintervjua etter norske gull i VM og OL? Ofte er det smørjarane og dei «fantastiske» skia som blir takka fyrst.

– Mange får nok da opplevinga av at skia alltid er viktigast. Da blir det lett for barn å tenkje at andre har betre utstyr enn seg sjølv, seier Blumenstein.

Du kan ikkje tenkje deg betre

Han trur ein også kan trekkje parallellar til verdscupsirkuset. Dei mindre nasjonane veit dei ikkje kan måle seg med Noregs store smøretrailer og budsjett.

– Den psykologiske effekten kan absolutt ha negativ effekt på prestasjonen.

Studien viste også at utøvarane som fekk vite at dei gjekk på dei raskaste skia, ikkje presterte betre.

– Det viser at du ikkje kan tenkje deg betre enn det du er, men heller at du kan tenkje deg dårlegare enn det du er.

Neste gong du står på startstreken eller prøvar å henge på nokon du trur har betre ski enn deg, så er det nok berre ein ting å gjere.

Ikkje mist motet.

Referanse:

Bojan Blumenstein: Placebo and Nocebo in Sports: Potential Effects of Hypothetical Differences in Roll Resistance on Roller Ski Performance. Masteroppgave, Norges idrettshøgskole, 2020.

Powered by Labrador CMS