Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.
Det som skjer på kontoret til Petter Jølstad kan vere ei lita brikke i alt som skal klaffe, for at ein norsk utøvar tar turen opp på pallen i alpin-VM.(Foto: NIH)
Forskarar jobbar for alpin-gull: Sender analyse av utøvarane direkte under VM
– Målet er å gje tilbakemeldingar som kan forklare prestasjonen til utøvarane, forklarer Petter Jølstad.
På eit lite kontor på Norges idrettshøgskole (NIH) sitt forskar Petter Jølstad framfor tre skjermar.
Snart skal alpinistane jakte medaljar i storslalåm. Det som skjer her på kontoret, kan vere ei lita brikke i alt som skal klaffe for at ein norsk utøvar tar turen opp på pallen.
Kor vann eller tapte Kilde tid?
Om Aleksander Aamodt Kilde ligg 60 hundredelar bak etter første omgang, analyserar Jølstad kor i løypa det kan ha skjedd.
– Det er det me leitar etter. Var det ein spesiell stad eller sving tida blei tapt, og kven av konkurrentane køyrde best akkurat der.
Han brukar TV-bilda, mellomtider og analysedata som ikkje TV-sjåarane har tilgang på. I pausa sender dei analysedata til trenarane i VM-byen i dei franske alpar.
– Me gjev berre data til trenarane, så er det opp til dei kva dei vil bruke det til. Målet er at dei kan bruke det til å førebu seg til andre omgang og sjå kva dei eventuelt må justere for å klatre på lista, seier Jølstad og legg til:
– Me prøvar å gje meir inngåande analyse på enkelte stader i løypa. Da kan dette bli ei bekrefting på at her har utøvarane køyrd bra eller her har ein tapt tid.
Gi sjølvtillit
Han beskriv seg sjølv som ein del av «støtteapparatet til støtteapparatet».
Sjølv om det er langt frå tåka på Sognsvann til solfylte franske alpar, kan akkurat desse tilbakemeldingane vere viktige for om Kilde, Mowinckel eller dei andre norske medaljehåpa klarer å klatre opp på pallen eller halde på leiinga i finaleomgangen.
– Det er jo det ein håpar på. At nokon av tilbakemeldingane gjer at dei får sjølvtillit, slik at dei kan angripe andre omgang eller neste konkurranse på best mogleg måte, seier Jølstad.
Han vil understreke at utøvaren fortener all ære om det skulle klaffe.
– Utøvarane gjer alt, og trenarane legg til rette for dei. Så prøver me å legge til rette for dei igjen.
Viktig samarbeid
Analysejobben under VM er eit eksempel på samarbeidet mellom Norges idrettshøgskole og Norges skiforbund.
Jølstad er ein av fleire som i tillegg til jobben på NIH, er tilsett i ei mindre stilling hos skiforbundet.
– Ein idrett som alpint, har store analysebehov. Dei treng folk som både kan idrett, teknologi og forskingsmetodane. For oss på NIH er det også gunstig. Gjennom samarbeidet med landslaget veit me kva type forsking som er relevant og idretten har behov for, seier Matthias Gilgien.
Annonse
Saman med Per Haugen jobbar han ved institutt for fysisk prestasjonsevne på NIH. Han har også vore tilknytta alpinlandslaget i fleire år.
Trenaren må finne årsaka
Dei to var på plass under første del av VM i Courchevel. Da tok dei beina fatt og filma utforløypa frå andre sida av dalen.
– Me analyserer treningane og gir informasjonen om kva slags svingar og punkt i løypa løparane vinn eller tapar tid. Så er det opp til trenarane og finne årsaka og kommunisere vidare til utøvaren, seier Gilgien.
På kvart einaste fartsrenn Aleksander Aamodt Kilde og resten av gjengen køyrer i verdscupen, blir utfortreningane analysert på denne måten.
Kan slå konkurrentar med større ressursar
Samarbeidet mellom NIH og skiforbundet blir leia av ansvarleg for Sport Science for alpinlandslaget, Robert Reid.
– Analysearbeidet er så viktig for oss. Det er kjernen i strategien vår for utøvarutvikling der me brukar kunnskap frå analysar for å prioritere kor me skal rette fokus. Ved å sette våre avgrensa ressursar på dei tinga som gir størst utslag på resultatlista, så kan vi slå konkurrentar med langt større midlar, seier Reid som sjølv har utdanning frå NIH.
Han seier samarbeidet også handlar om mykje meir enn analysedelen.
– Det handlar også om å gje studentane ei unik utdanning der både det faglege og praktiske er prioritert høgt.