Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.
Toppleiarar i idretten har ekstremt krevjande arbeidsdagar der mange forskjellige omsyn og oppgåver må sjonglerast. Det gjer sitt til at delen menn er så høg, skriv Sogn.(Illustrasjon: Colourbox)
Mannsdominansen i norsk idrett: – Toppleiarar i idretten er avhengig av eit «bakkemannskap» heime
Mannsdominansen blant toppleiarar i norsk idrett framleis er eit problem. Den hektiske kvardagen der leiarane må vere tilgjengeleg 24/7 er ei av dei største utfordringane.
– Mitt bodskap er at ein må slutte å fikse på kvinnene, fiks heller på systemet!
Forskar Hanne Sogn har klare anbefalingar til norsk idrett i si doktorgradsavhandling. Der stiller ho spørsmålet: Kvifor er det framleis slik at menn har mest makt og innflytelse i norsk idrett?
Var generalsekretær
Det var det spørsmålet Sogn gjekk inn med da ho starta jobben med sin doktorgrad i 2018. Sjølv har ho vore eit av unnataka i norsk idrett.
Ein kvinneleg generalsekretær.
Seks og eit halvt år blei det i Norges basketballforbund og eit år som vikar i same posisjon i Norges klatreforbund.
Sjølv tenkte ho ikkje så mykje over at ho var sjeldan vare. Før ho ein dag blei presentert for dei kalde faktaa.
85 prosent av dei valde toppleiarane var faktisk menn. Da snakkar me om dei som ofte blir kalla president i eit forbund. Heller ikkje blant dei administrative, generalsekretærane eller toppleiarane i idrettskrinsane, var det meir lystig lesing.
Hvorfor det ikke er flere kvinnelige generalsekretærer, det er vel fordi det er en døgndrift. Det er noe med det, det er en døgndrift.
Mannleg politisk vald leiar
Andelen menn låg mellom 70 og 85 prosent i alle gruppene.
Dette problemet ville Sogn finne ut av.
Har intervjua nærmare 40 leiarar
Dei siste åra har forskaren gått djupt inn i norsk idrett. Ho har delteke og observert møter arrangert av Norges idrettsforbund (NIF), fylgd kvardagen til mange av toppleiarane og ikkje minst intervjua nærmare 40 av både nåverande og tidlegare toppleiarar.
Både kvinner og menn.
Sogn starta med å spørje nokre relativt ferske kvinnelege leiarar. Korleis var det å vere leiar i ein mannsdominert organisasjon?
– Eg blei eigentleg litt overraska av svara. Ingen av dei synest det var eit problem. Dei tenkte ikkje kritisk over det.
Noko Sogn innrømmer at ho sjølv heller ikkje gjorde da ho var i same posisjon.
Lise Klaveness er ei av få kvinnelege toppleiarar i idretten. I 2022 blei ho vald som den fyrste kvinnelege fotballpresidenten i Noreg. Da kom ho frå jobben som toppfotballsjef.
Tiltaka for kvinner har ikkje fungert
Annonse
Desse svara prega arbeidet til forskaren vidare. For her var det ikkje nødvendigvis snakk om ein ukultur eller mange eksempel på diskriminering og maktmisbruk.
Idretten har vist at dei ynskjer å ta likestilling på alvor, meiner Sogn. I løpet av perioden ho har forska på dette, har fleire tiltak blitt sett i gang både for å utdanne og ruste kvinnelege leiarar.
Også dei mannlege leiarane Sogn har intervjua, ynskt ei endring og ser at det har vore behov for ein betre kjønnsbalanse.
Haldningar er ikkje problemet slik Sogn ser det.
– Stillinga og kulturen er prega av at dei har blitt dominert av ein maskulin logikk over mange år. Dei har laga premiss for korleis organisasjonen jobbar. Det er denne maskuline logikken eg fann som problem og utforske nærmare, forklarer Sogn.
Ein mannleg politisk vald leiar sa det slik:
«Sånn timer i uka? Det nekter jeg å tenke på. Jeg ramset faktisk opp for leder i valgkomiteen sist, hva det kreves. 35–40 arbeidsdager. Der du er bundet opp hele eller deler av dagen, møter med kontrollkomiteen, internasjonalt, NIF, styremøter, så vil noe av det være i helgen. Ikke hele dagen alltid, men det tar mye tid. Det gjør det. I løpet av en uke? Det må uansett bli snittberegning, men som jeg nevnte har jeg ikke lyst til å regne på dette, for da får jeg helt sjokk.»
Må vere tilgjengelege heile døgnet
Der kjem mellom anna den overveldande kvardagen for ein toppleiar i idretten inn. Felles for alle idrettsleiarar Sogn fylgde var krevjande kvardagar med lange møte, reiser og ei forventing om å alltid vere tilgjengeleg.
– Kvardagen til ein toppleiar i idretten er ekstremt hektisk. Dei må vere tilgjengeleg 24/7. Han er ofte kriseorientert og uføreseieleg. Telefonar kjem nærmast heile døgnet. Dei er mykje ute og reiser og skal heile vegen ha møte med NIF, krinsar og andre særforbund, seier Sogn og samanfattar:
– Ein optimal toppleiar har få forpliktingar heime.
Ein mannleg politisk valt leder sa det slik:
Annonse
«Hun (kona) var på mange måter avgjørende. Hun engasjerte seg i FAU og sånt, men hun har alltid tatt mye, uforholdsmessig mye ansvar. Jeg tror ikke jeg hadde klart å gjøre såpass, som jeg gjorde, uten henne. Det tror jeg ikke. Hvordan man skal løse det, at begge får utnyttet ressursene sine, det er ikke enkelt altså.»
Det er denne kvardagslogistikken som etter kvart har blitt den raude tråden i prosjektet til forskaren.
Eit sentralt spørsmål har vore: kven er det som kan vere leiarar i idretten med denne intense kvardagen?
– Toppleiarane eg intervjua, var heilt avhengige av å ha eit «bakkemannskap» som tar av for seg på heimebane.
Sogn stiller spørsmål om ein da kan få ein så likestilt og mangfaldig organisasjon som idretten så gjerne vil.
– Det er langt i frå alle som kan eller vil ha dette bakkemannskapet. Resultatet blir at det er ei veldig homogen gruppe som kan vere i toppen av norsk idrett.
Ein kvinneleg politisk valt leiar sa det slik:
«Jeg er redd for at det å være leder i norsk idrett, at det er så altoppslukende at vingene strekker ikke til».
Mange maktkampar
Den komplekse organiseringa av idretten kjem også inn her. Ein toppleiar må heile tida forhalde seg til mange ulike interessentar. Mot toppidretten og med det den kommersielle marknaden, den store breidda, barn og unge og frivilligheita.
Desse ulike gruppene har enkelt sagt sjeldan same målsettingar.
– Sjølv om me skryt mykje av måten norsk idrett er organisert på, kan det også vere ei stor utfordring at alt er samla under same paraply. Nettopp fordi at alle desse omsyna gjer kvardagen til ein toppleiar så krevjande, meiner Sogn.
Annonse
Ho skildrar ein organisasjon som er svært oppteken av idretten skal vere demokratisk og basert på idrettens gode verdiar. Samtidig er kulturen sterktprega av maktkampar mellom dei ulike ledda.
Derfor er dei sjølve med på å oppretthalde ein maktstruktur som passar best den mannlege leiaren. Eller reprodusere ein ortodoks maskulin veremåte.
Fem bodskap til idretten
Nettopp dette er nokre av punkta Sogn vil formidle frå si forsking. Ho håpar at idretten skal få enda meir kunnskap om barrierane som framleis finst for kvinner, men også for meir likestiltorienterte menn, som vil til topps i idretten.
– Idretten har undervegs vore interessert i perspektiva mine og villige til å lytte. Håpet er at det eg har funne ut også kan få betydning framover, seier Sogn.
Her er fem punkt ho håpar idretten mellom anna vil reflektere og sjå på konkrete tiltak for.
Bli meir bevisste på eigne veremåtar, praksis og prioriteringar. Alle bidreg til at dette systemet får halde fram. Også den snille kona som stiller som bakkemannskap, støttar engasjementet og let mannen ha 250 reisedøgn i året. Eller leiaren som alltid gjer seg tilgjengeleg og svarer på telefonen både seint og tidleg.
Kva slags leiarar rekrutterer ein? Er det leiarar som er klare for å leve ut verdiane til idretten eller er dei meir opptekne av andre verdiar?
Måten idretten er organisert og bygd opp på. At mange så ulike interesser er samla under same paraply, skapar mange konfliktar. Det gjer kvardagen til ein toppleiar svært krevjande og til tider konfliktfull.
Korleis dei mange møta er organisert. Idretten har ein kultur for mange møte, på tvers av organisasjonsledda. Kan desse bli organisert annleis og til dømes bli meir digitale? Det vil hjelpe mykje for ein krinsleiar i Troms å kunne vere med digitalt, i staden for å bruke to–tre dagar på reise til Oslo.
Diskutere og sjå på kvardagen til toppleiarar. Ifølgje Sogn er denne langt på veg forma i fortid, basert på det som var premisset til middelklassemannen.
Referanse:
Hanne Sogn disputerer 2. februar med avhandlinga: Spillets gang! En institusjonell etnografisk undersøkelse om kjønn, makt og styring i idrettsorganisasjonen i Norge. Doktorgradsavhandling ved Norges idrettshøgskole, 2023. (Nettside på NIH om avhandlinga)