Ei utestenging av russiske forskingsinstitusjonar frå forskingssatsinga Horisont Europa kan vera eit nytt tiltak EU sett i verk som sanksjon mot Russland etter invasjonen i Ukraina.
(Illustrasjonsbilde: symbiot / Shutterstock / NTB)
Russland kan bli stengd ute frå verdas største forskingssamarbeid
Dei 27 EU-landa og EØS-landa Noreg, Island og Liechtenstein kan koma til å skrinleggja alt forskingssamarbeid med russiske forskarar i Horisont Europa. Det står truleg på sakslista når universitetstoppane møter i Kunnskapsdepartementet i ettermiddag.
I helga vedtok EU, USA, Storbritannia, Canada og Australia saman med mellom andre Noreg ei rekkje økonomiske sanksjonar mot Russland på grunn av invasjonen av nabolandet Ukraina.
Russiske fly blir også nekta å flyga over både EUs og Noregs luftrom. I tillegg blir også betalingssystemet Swift utilgjengeleg for minst 70 prosent av dei russiske bankane.
Møter Kunnskapsdepartementet
UiO-rektor Svein Stølen uttrykkjer overfor Uniforum at han meiner det er tydeleg at EU no vurderer å halda russiske forskarar og forskingsinstitusjonar utanfor det europeiske forskingssamarbeidet Horisont Europa.
Forsking og akademisk samarbeid er eitt av punkta på saklista når norske universitetstoppar er kalla inn til møte med statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel (Sp) i ettermiddag, slik Khrono meldte i går.
Kan kasta Russland ut av samarbeidet med Horisont Europa
UiO-rektoren peikar i eit innlegg, også publisert i Uniforum, på at den russiske invasjonen av Ukraina kan få fylgjer både for norsk forskingssamarbeid og studentutveksling med Russland.
I ein samtale med Uniforum utdjupar han det punktet og viser til at EU kan koma til å innføra reglar som gjer at russiske forskarar og forskingsinstitusjonar ikkje lenger kan få delta i den europeiske forskingssatsinga Horisont Europa.
I dag har UiO fleire forskarar med forskingsprosjekt i Russland.
– Så langt har me ikkje fullt oversyn over kor mange det er, men me arbeidar med dette, seier han. UiO er i dagleg kontakt med UiO-studentar som er på utveksling på universitet i fleire delar av Russland. Så langt har dei ikkje bede om hjelp til å venda tilbake til Noreg. I Ukraina er det ingen UiO-studentar, men det er fleire studentar frå Ukraina på UiO.
– Viktig at me tar oss av dei
– No er det viktig at me tar oss av dei og støttar dei i den situasjonen dei er i, Det kan vera mogleg at me får dei inn på ordinære studieprogram, men då vil me samarbeida nært med norske styresmakter om forlenging av opphaldsløyve, seier Stølen.
For UiO-rektoren er det viktigaste no å uttrykkja at universitetet stiller opp for å hjelpa forskarar og studentar som er på flukt til Europa og har behov for ei trygg hamn.
– Me må i fellesskap med andre universitet og styresmaktene våre finna ut korleis me kan bistå, seier han til Uniforum.
– Og universitet i universitetsalliansen The Guild ser også på moglegheita for virtuell undervisning for studentar som blir verande i Ukraina, legg han til.
Skal ikkje kunna gjennomføra betalingar med Russland
I går ettermiddag sende også universitetsdirektør Arne Benjaminsen ut ein epost til alle einingane ved UiO. Der går det mellom anna fram at når betalingssystemet SWIFT no vert stengt ned som eit sanksjonstiltak, vil det ikkje lenger kunna gjennomførast banktransaksjonar med Russland.
«Bestilling av varer, tjenester eller andre disposisjoner som medfører økonomiske forpliktelser med Russland skal derfor ikke gjennomføres», står det i meldinga frå universitetsdirektøren.
Han ber også alle einingar om å fylgja opp alle studentar frå Ukraina og andre land som er involverte i konflikten. Men om studentar skal bli verande lenger i Noreg på grunn av krigen, er det ei sak som universiteta tar opp med styresmaktene, går det fram av meldinga. «Når det gjelder spørsmål om opphold, visum, finansiering av livsopphold for studenter og ansatte som er på tidsavgrensede opphold tas det et samlet initiativ fra universitetene mot myndighetene».
I ettermiddag skal leiarar frå norske universitet og høgskular i møte med Kunnskapsdepartementet for å drøfta kva som vidare skal skje med forsking og akademisk samarbeid med Russland i tida framover.
Dene saken ble opprinnelig publisert på Uniforum. Les originalsaken her.
Vi vil gjerne høre fra deg!
TA KONTAKT HER
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? Eller tips om noe vi bør skrive om?