Denne artikkelen er produsert og finansiert av Høgskulen på Vestlandet - les mer.

Under ein teltduk i bakkane over Sognefjorden blir bringebærskot overvaka av ein liten, gul robot.

Ein liten, gul robot skal redde frukt- og bærnæringa

I Sogn er forskarar og lokale bønder i gang med å utvikle framtidas bærnæring.

Kven skal plukke framtidas bær? Dei siste åra har frukt- og bærdyrkarar slite stadig meir med å få tak i plukkarar til innhaustinga.

Norge er ikkje åleine – i Storbritannia manglar landbruket rundt 90.000 sesongarbeidarar.

– Ein nøkkel til å finne dei beste metodane for næringa, er å ha eit tett samarbeid mellom teknologi og planteteknikk. Vi må forstå begge delar for å finne dei beste måtane å jobbe på, seier Martin Fodstad Stølen, førsteamanuensis i robotikk ved Høgskulen på Vestlandet.

RoboVest, det nye testanlegget for teknologi innan frukt- og bærdyrking.

Store utfordringar for næringa

Eitt norsk firma fortel at dei no må heilt til Thailand for å finne folk til den kommande sesongen. Andre hentar plukkarar frå Vietnam. Om UDI gir dei nødvendige papir i tide, veit ingen enno.

Martin Fodstad Stølen, førsteamanuensis i robotikk ved Høgskulen på Vestlandet.

Samtidig møter bærbøndene sterkare konkurranse frå andre land. Ikkje kan bæra bli for dyre, og ikkje kan dei gå ned på kvalitet.

Før eller seinare vil forbrukaren truleg føretrekke perfekt modna bær som ein maskin har fotografert fleire titals gonger frå ulike vinklar og analysert med tanke på modningsgrad, framfor litt umodne eller overmodne bær som berre er vurderte av eit trena, men vanleg menneskeblikk.

– Bærdyrkinga er i sterk endring, frå frilandsdyrking til meir kontrollerte former for dyrking i potter i høge plasttunneler. Enkeltplanta får mykje større merksemd der enn ute på eit jorde, seier bærforskar Anita Sønsteby frå Nibio, Norsk institutt for bioøkonomi.

– Dette skaper meir føreseielege forhold, men det krev samstundes langt meir kunnskap.

Ivar Petter Grøtte ved Vestlandsforsking, forskar innan teknologi og samfunn og driv ein fruktgard i Lærdal.

Roboten Husky viste seg fram

I ein høg, vid plasttunnel med lange bringebærplanter i potter langs ytterkantane, ventar ein liten, gul robot med røffe dekk lydig på klarsignal.

Roboten har fått namnet «Husky». Dei som har utvikla roboten er Isak Vamråk Førde, Aril Torheim og Chris Louis Johnsen, alle tre studentar i faget Automatisering med robotikk ved Høgskulen på Vestlandet.

Dei tre har programmert Husky og dressert han til å bevege seg nedover langs radene av slanke bringebærskot, snu og krysse over til den andre sida av dyrkingstunnelen, der han igjen tek seg oppover seg langs radene.

– Vi har jobba i fleire månader med simulering, så det kjennest veldig bra å få prøve dette ut i røynda. Det fungerer mykje betre enn vi trudde, seier Førde.

Ei skånsam klo

Kva Husky skal gjere på vandringa si, er opp til nye studentar og forskarar.

I prinsippet kan han samle inn mange slags data om plantene gjennom avanserte 3D-kamera, og om dyrkingsforhold, som temperatur, fukt og lys.

Seinare vil han etter planen få selskap av andre og større robotar. Det er alt utvikla fleire typar sjølvgåande robotar som kan strekke ut ein kunstig arm, vurdere bæret og nappe det av med ei skånsam klo viss det blir godkjent for hausting.

Forskar Martin Fodstad Stølen har tidlegare grunnlagt firmaet Fieldwork Robotics i Storbritannia og har ei bistilling der. Saman med andre har han bygd ein bringebærplukkande robot som er prøvd ut i Portugal og Storbritannia, som omtalt i The Guardian.

Men slikt utstyr må tilpassast norske forhold.

– Forholda er annleis her, med mindre gardsbruk, kortare sesong, eit anna mikroklima og brattare terreng, seier han.

Det nye presisjonslandbruket

Måling av storleik på bæra, overvaking av bladareal, stamme og temperatur, nedgravde og trådlause sensornettverk som følgjer med på fuktforholda: Dette var noko av den avanserte landbruksteknologien som blei vist på ei samling om ny teknologi i frukt- og bærdyrking i slutten av mai.

Behovet for dette har vakse fram av fleire årsaker, mellom anna klimaendringane, som har gitt mindre stabilt vêr.

Hagl eller kraftige regnbyer i juli kan til dømes rasere ei heil avling. Dette har gjort bærdyrkinga til inneaktivitet og presisjonsarbeid der teknologien byr på nøyaktig utrekning av til dømes gjødsling og vatning.

Dei nye dyrkingsteknikkane gir også høve til meir miljøvenleg plantevern; kjemisk sprøyting kan til dømes bytast ut med desinfisering med damp.

Maskiner sorterer og pakkar

Ei anna ny utvikling er automatisering av sortering og pakking. Pakkeriet til Sogn Frukt og Grønt i Lærdal investerer no i smarte maskiner som kan sortere frukt og bær «halvautomatisk», ved hjelp av kamera og bildegjenkjenning.

Ei slik maskin tek gjerne 30 bilete av kvar enkelt morell og sorterer dei ut frå storleik, kvalitet og farge, som viser modningsgrad.

– Denne prosessen gir òg store mengder data. Desse kan dyrkaren velje å gjere seg nytte av for å betre produksjonen sin, ved å ta i bruk nye metodar for stordata-analyse, fortel Ivar Petter Grøtte ved Vestlandsforsking, som er forskar innan teknologi og samfunn og driv ein fruktgard i Lærdal.

Etter planen skal ein større, bærplukkande robot vere på plass ved testanlegget på Leikanger sommaren 2023.

Livsviktig å henge med

Men all teknologien som er på veg, er også utfordrande for bøndene å følgje med på.

Eit problem for bær- og fruktdyrkarar er at dei plantar for mange år fram i tid. Bringebær, til dømes, plantar ein typisk for at dei skal stå i 15 år. Då er det ikkje berre å hive seg rundt og omfamne nye sortar, dyrkingsmåtar og teknologi, sjølv om det er livsviktig å henge med.

Den unge bærbonden Dag Einar Bøtun frå Fresvik, som deltok på samlinga om teknologi i frukt- og bærnæringa, såg seg i 2020 nøydd til å utvikle eit nytt beresystem for plukkarane sine for å halde tempoet høgt nok. Framfor eit publikum av andre dyrkarar, forskarar og rådgjevarar sette han ord på ei bekymring mange sikkert deler i møte med den nye teknologien:

– Eg er ein liten bærbonde. Alt skal bli teknisk. Det er ei lita frykt at dei små bærbøndene stryk med av robotar.

Robotar av denne typen er i dag under utprøving i Storbritannia og Portugal. Forskar Martin Fodstad Stølen er medeigar i firmaet Fieldwork Robotics, som utviklar roboten.

Stadige endringar

Ein annan bærdyrkar, Ola Hopperstad, fortalde om dei omfattande endringane han har vore med på sidan han starta verksemda Sognabær i 2005. Faktisk er det meste ved bærdyrkinga, frå sortar til dyrkingsteknikk, lagt heilt om.

– Det er her vi er i dag. Kor hen vi er i morgon, veit vi ikkje, for det svingar fort i jordbruket.

Geir Kåre Resland, prorektor for regional utvikling ved Høgskulen på Vestlandet, opna anlegget RoboVest på Leikanger, der ulike robotar skal trenast i vestlandske forhold.

Før han sette saksa i snora under opninga, sette prorektoren ord på kva forskarar og dyrkarar faktisk jobbar for – nemleg å lose regionen sine frukt- og bærdyrkarar trygt inn i det enkelte kallar «den neste landbruksrevolusjonen».

– Med denne teknologisatsinga vil vi vere med på å ruste ei sårbar næring for ei uviss framtid, sa Resaland.

Om prosjektet

Teknoløft Sogn og Fjordane er eit seksårig samarbeidsprosjekt mellom Høgskulen på Vestlandet, Vestlandsforsking, Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane og Sintef Digital.

24. og 25. mai 2022 samla prosjektet nøkkelaktørar for å drøfte teknologien si rolle i framtidas frukt- og bærproduksjon på Vestlandet.

Robotteknologi for frukt- og bærnæringa skal tilpassast norske og vestlandske forhold ved eit nytt testanlegg, RoboVest, som ligg på Leikanger i Sogn.

Powered by Labrador CMS