Førsteamanuensis Finnur Dellsén har vunne prestisjepris for lovande forsking i filosofi. (Privat)

Finnur Dellsén fekk pris for lovande forsking i filosofi

The Lauener Foundation for Analytic Philosophy deler ut to prisar annakvart år, ein til eldre filosof for livsverk innan filosofi og ein pris til ein yngre filosof for lovande forsking.

Prisen blir delt ut for å skape oppmerksemd om framifrå filosofisk arbeid og oppmuntre dyktige yngre filosofar til å fortsetje sitt arbeid.

Finnur Dellsén, som er førsteamanuensis ved Handelshøgskolen Innlandet - Fakultet for økonomi og samfunnsvitenskap på Lillehammer, er mottakar av prisen som går til ein yngre, frramifrå filosof.

Dellséns forskingsområde er vitenskapsfilosofi, epistemologi, filosofisk logikk og metaetikk. Han har spesielt forska på korleis vi kan vite at vitenskapelege teoriar faktisk er sanne, og om usemje blant spesialistar og forskarar.

Før han blei tilsett ved Høgskolen Innlandet var han postdoc ved University College Dublin, og han har sin ph.d. frå University of North Carolina, Chapel Hill.

Prisutdelinga skjer 5. september 2018 i Bern i Sveits, under eit symposium om Bad van Fraassens filosofiske livsverk.

Les mer på Høgskolen i Innlandets nettsider.

Powered by Labrador CMS