Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Slik overvaker hjernen si eiga mjølkesyre
Auka nivå av mjølkesyre i hjernen er eit teikn på at noko er gale. Ny studie viser kvar og korleis hjernen sjølv fylgjer med.
Hjernen er eit så komplisert puslespel at det vil ta oss lang, lang tid å forstå han. Men heile tida, over heile verda, legg forskarar ørsmå nye bitar på plass i det ufatteleg store puslespelet.
Ein av desse forskarane er provisorfarmasøyt Alena Hadzic som tar ein doktorgrad på hjerneforsking.
Provisorfarmasøytar er ekspertar på legemiddel, både korleis dei vert laga, skal brukast og korleis dei verkar i kroppen.
Positiv effekt av mjølkesyre
Den nyaste biten ho har lagt i puslespelet, har utgangspunkt i ein tidlegare studie gjort av rettleiaren hennar, Cecilie Morland ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo.
– Studien viste at vi har ein reseptor eller mottakar i hjernen for mjølkesyre og at mjølkesyra kroppen produserer når vi trenar hardt, har positiv effekt på hjernen, seier Hadzic.
– Dermed var det interessant å finna ut meir nøyaktig kvar denne reseptoren er lokalisert.
I hjernen er det fire holrom som heiter ventriklar. Kvar av desse ventriklane inneheld eit lite stykke vev som heiter choroid plexus. Det utgjer ikkje meir enn ein kvart prosent av volumet til hjernen, men det har stor betydning.
Produserer hjernevæske
– Det er choroid plexus som produserer hjernevæske eller hjerne-ryggmargvæske, den vassaktige væska som fyller hjerneventriklane og som ligg rundt hjernen og ryggmargen. Vi veit at hjernevæska er viktig, men vi veit likevel ganske lite om henne, fortel Hadzic.
– Choroid plexus regulerer den kjemiske samansetjinga av hjernevæska på same måte som nyrene regulerer samansetjinga av blodet vårt. Derfor vert det gjerne kalla hjernens nyrer. Trass at choroid plexus produserer den viktige hjernevæska, er det ein av dei hjernestrukturane som er aller minst studert.
To av hjerneventriklane vert kalla dei laterale, som betyr at dei ligg på sidene. Dei to andre vert kalla tredje og fjerde ventrikkel, og Hadzic lukkast i å lokalisera mjølkesyrereseptoren til den tredje ventrikkelen og berre der.

Må passera barriere
– Nærmare bestemt i choroid plexus, ein del av den indre hjernehinna som heiter tela choroidea og langs veggen i den tredje ventrikkelen, og i to tilhøyrande celletypar: ependymceller, som blant anna syter for at hjernevæska vert pumpa i riktig takt og retning i ventriklane, og fibroblastar, som blant anna utgjer ein del av bindevevet, forklarar ho.
For at legemiddel skal verka i hjernen, må dei passera den såkalla blod-hjernebarrieren. Men nyare forsking viser at det ikkje er fullt så enkelt.
– Det er ikkje lenger sidan enn mi studietid at vi berre lærte om blod-hjernebarrieren. Men i seinare tid har det blitt tydeleg at det finst to til, nemleg barrieren mellom blod og hjernevæske og mellom ependymcellene og hjernen. Det er i de to sistnemnde barrierane at vi finn mjølkesyrereseptoren, forklarar Hadzic.
Mellom hjernen og hjernevæska er det ein balanse mellom ein del stoff. Mjølkesyra er blant dei som aukar i hjernevæska når nivået i hjernen aukar.
– Auka mjølkesyrenivå i hjernen er eit teikn på at noko er gale. Så dersom vi finn ein auke i mjølkesyra i hjernevæska, kan vi bruka det som indikator på at det er ting som ikkje stemmer i hjernen, seier Hadzic.
Viktig kunnskap for framtidige legemiddel
– I tillegg kan vi spørja oss kva effektar mjølkesyrereseptoren har i den tredje hjerneventrikkelen.
Ho forklarar at mottakaren her er strategisk plassert for å kunna oppfatta auka mjølkesyre i hjernevæska.
Frå tidlegare veit forskarane at det vert danna fleire blodårer i hjernen når mjølkesyrereseptoren vert aktivert.
– Vi kan tenkja oss at når denne reseptoren registrerer auka mjølkesyre i hjernevæska, svarar han med å setja i gang produksjon av reparasjonsfaktorar i ependymcellene og fibroblastane, som deretter vert frigjorde og transporterte av hjernevæska til det skadde området i hjernen, seier Hadzic.
– Dersom det stemmer, vil denne kunnskapen vera viktig når vi skal utvikla framtidige medisinar mot nevrologiske sjukdomstilstandar som slag og Alzheimers.
Referanse:
Alena Hadzic mfl.: The Lactate Receptor HCA1 Is Present in the Choroid Plexus, the Tela Choroidea, and the Neuroepithelial Lining of the Dorsal Part of the Third Ventricle. International Journal of Molecular Sciences, 2020. Samandrag. Doi.org/10.3390/ijms21186457
Les også disse sakene fra Universitetet i Oslo:
-
Nå kan forskere se fra rommet hvor godt lufta er i stand til å rense seg selv
-
Strømming gjør det vanskeligere å lykkes i musikkbransjen
-
Erfaringene fra Svartedauden og andre pester hjalp oss i møte med koronapandemien
-
Samtalen som kan hjelpe gravide med å takle morgonkvalme
-
Barn som mistar ein forelder brått i ulykke, drap eller sjølvmord, har høgare risiko for problem seinare i livet
-
Opplæringstilbudet til elever med utviklingshemming bør fornyes