Filon frå Alexandria levde frå 20 f.Kr. – 50 e.Kr. (Kjelde: Wikimedia commons)
Filon frå Alexandria levde frå 20 f.Kr. – 50 e.Kr. (Kjelde: Wikimedia commons)

Set Filon frå Alexandria under lupa

Han levde på Jesu tid og hans skrifter blir omtala som eit skattkammer. No trykker internasjonale forskarar Filon frå Alexandria til sitt bryst. 

Filon frå Alexandria er ein jødisk skrifttolkar som levde i tidsrommet 20 f. Kr. – 50 e. Kr. Filon sine skrifter har i nokon grad vore oversett, men no skal internasjonale forskarar gi han fornya merksemd ved å dykke vidare ned i hans liv og verke.

Og i førarsetet sit forskarar frå Yale University og Nord universitet.

– Filon frå Alexandria er av stor betyding for utforskinga av Det nye testamentet i sin historiske kontekst, seier professor Per Jarle Bekken ved Nord universitet. Saman med professor Gregory Sterling, dekan ved Divinity School, Yale University, skal han leie forskingsseminaret som skal gå frå 2018 til 2022.

– Seminaret «Philo and Early Christianity» tar sikte på samarbeid mellom Yale og andre universitet i land som England, Tyskland og Skandinavia.

– Målet er at dette kan føre til publikasjonar og utvikling av forskingssøknadar på det ypparste vitskapelege nivå i internasjonal samanheng, seier Bekken, som også underviser i KRLE i grunnskolelærarutdanninga ved Nord universitet.