Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.
Rosalind Franklin og det berømte røntgenbiletet 'Nr. 51' som er eit sterkt bevis for DNAs spiralstruktur. (Foto: Wikimedia Commons/montasje NRK)
I samarbeid med:
Denne saken er produsert av NRK.
I slutten av februar 1953 går puslespelet bokstaveleg opp for den unge og ambisiøse vitskapsmannen James Watson og hans kollega Francis Crick ved University of Cambridge i England.
Utstyrt med utklipte pappbitar fell strukturen til DNA (sjå faktaboks) plutseleg på plass og openbarte seg som ein dobbeltspiral, ei vindeltrappform, med basepar som utgjer trinn i trappa.
Tidas største vitskaplege gåte er løyst, og Watson og hans kollega Francis Crick kom først i mål framfor verdsautoriteten og kjemikaren Linus Pauling som arbeidde med det same problemet over Atlanteren.
Berre dagar før hadde Pauling publisert sin tretråda og feilaktige DNA-modell i Nature.
Men ei anna engelsk forskargruppe ved Kings College i London var også med i det ikkje uttalte kappløpet. Og arbeid gjort av ein ung kvinneleg forskar ved Kings stod heilt sentralt i Watson og Cricks oppdaging.