Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Ei plastskrue med to væskefylte kammer skilde av ein oljemembran gjev ein enklare, rimelegare og meir nøyaktig metode for å analysera legemiddel i blodprøvar.
Ei plastskrue med to væskefylte kammer skilde av ein oljemembran gjev ein enklare, rimelegare og meir nøyaktig metode for å analysera legemiddel i blodprøvar.

Ny oppfinning for analyse av legemiddel i blod

På sikt kan pasientar kanskje gjere testen sjølv.

Publisert

Rett som det er må helsearbeidarar måle konsentrasjonen av legemiddel i blodet til pasientar for å sjekke at doseringa er riktig. No kan forskarar ha funne ein ny måte å gjere dette på, som både er enklare, betre og billegare enn dagens praksis.

Sjukehus og legemiddelindustri vil fyrst få glede av oppfinninga. På sikt kan pasientar kanskje gjere testen sjølv.

Ein stor fordel med den nye metoden er at legemiddelet blir trekt ut og fanga i sterilt vatn før det analyserast. I dag brukast det organisk løysemiddel.

- Vatn er ein rein og enkel matriks, som det heiter, å fange det utskilde stoffet i. Dermed vert vidare analyse enklare og meir nøyaktig. Det gjev også mindre slitasje og nedetid på kostbare analyseinstrument enn dagens metodar, forklarer Stig Pedersen-Bjergaard, professor ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo (UiO).

Det starta tidleg på 2000-talet

På dagens laboratorium målast konsentrasjonen av legemiddel ved å tilsetje blodprøvene organisk løysemiddel. Dette legg seg som eit eige lag og trekkjer til seg legemidla. Så følgjer ein prosess med å skilje ut legemiddelet frå løysemiddelet slik at det kan analyserast.

Historia om den nye oppfinninga starta tidleg på 2000-talet. Saman med tidlegare kollega Knut Rasmussen ville Pedersen-Bjergaard undersøke ein ny måte å gjere såkalla elektroforese på.

Elektroforese er ein prosess som brukast til å separere kjemiske forbindelsar. Ved å tilsetje elektrisitet, vandrar ulike partiklar mot dei negative og positive polane i ulik fart. Slik kan partiklar og molekyl skiljast.

Forskarane spurte seg om det var råd å gjere elektroforese på tvers av membranar. Dei ville prøve seg med tynne membranar av oljer.

Risiko for forskarkarrieren

– Vår oppfatning var at det ikkje var råd, men vi bestemte oss for å prøva likevel. Vi prøvde ei rekkje ulike oljer, men ingen verka. Men i skapet på laben stod det ei olje som var lite brukt, og som vi fann ut vi like gjerne kunne testa når vi var i gang, seier Pedersen-Bjergaard.

– Vi fekk til å ekstrahere, eller trekkje, legemiddel ut av blodprøvar.

Dei hadde avdekt eit nytt kjemisk prinsipp for ekstraksjon. Magefølelsen sa straks at dette hadde store moglegheiter, fagleg så vel som kommersielt. Men det var òg forbunde med risiko: Dersom dei tok feil, eller andre forskarar ikkje var interesserte, kunne heile forskarkarrieren enda i ei blindgate.

Stolte på magekjensla

Kommersielt var det òg langt fram, og spørsmålet var om nokon ville risikere investeringskapital i tida det ville ta å utvikle eit ferdig produkt. Det ville vere snakk om mange år.

Det var her Roger Trones kom inn i biletet. Trones starta si eiga bedrift for utvikling og produksjon av kjemisk utstyr, G&T SepTech.

– Eg var heller ikkje umedelbart overtydd om det kommersielle potensialet, fortel Trones.

– Men det eg var overtydd om, var Stig sin «track record». Magekjensla mi fortalde meg at eg burde stole på magekjensla hans.

Roger Trones (t.v.) og Stig Pedersen-Bjergaard viser fram oppfinninga som vert lansert i 2021.
Roger Trones (t.v.) og Stig Pedersen-Bjergaard viser fram oppfinninga som vert lansert i 2021.

Oljemembran i plastskrue

Samarbeidet står no i ferd med å bere frukter.

Produktet dei har utvikla, består av to små plastflasker, haldne saman i toppen av ein brei plastskrue. Den eine plastflaska inneheld pH-justert vatn, og den andre sjølve prøvesubstansen, typisk ein blodprøve. Dei to væskene vert haldne frå kvarandre av ein oljemembran inne i plastskrua.

– I separasjonsprosessen vert dei samanskrudde flaskene rista, samstundes som det vert sendt straum gjennom dei. Samansetjinga av membranen og spenningsstyrken avgjer kva stoff som vert overført frå prøvesubstansen til vatnet, forklarer Trones.

Når legemiddelet er samla i vatnet, startar ein enklare analyseprosess enn det som gjerast i dagens metodar med organiske løysemiddel. Fordelane er også fleire, mellom anna har produktet ein god pris i innkjøp, ifølgje forskarane.

Dei meiner at metoden dei har utvikla kan nyttast på fleire felt òg, ikkje berre analysar av legemiddel i blod.

– Dette er eit generelt prinsipp som kan leggje grunnlag for å utvikle løysingar på ei rekkje felt innan medisin og biologi, seier Pedersen-Bjergaard.

Instrumentet kan analysera opp til ti prøvar om gongen.
Instrumentet kan analysera opp til ti prøvar om gongen.

Overskotet går tilbake til forsking og utvikling

Han understrekar kor viktig det er at produktet har ei solid vitskapleg forankring.

– Parallelt med at G&T SepTech utvikla det kommersielle produktet, har vi utvida forskingsområdet. Berre frå Farmasøytisk institutt har det dei siste femten åra kome meir enn hundre vitskaplege artiklar med utgangspunkt i dette funnet. Frå andre stader i verda er det kome 200–300, fortel han.

Trones på si side vil ha fram at sjølv om dei er eit kommersielt firma, er dei ikkje opptekne av å henta ut store fortenester.

– Det som har sett oss i stand til å halde dette utviklingsarbeidet gåande i så mange år, er at mesteparten av overskotet vårt går tilbake til forsking og utvikling. Det skulle berre mangle, G&T SepTech har jo sitt utspring i UiO, seier han.

For menig mann på sikt

Dei første kommersialiserte produkta vil rette seg mot sjukehus og legemiddelindustri. På sikt ser dei for seg at dei òg kan tilby produkt for mannen i gata, slik at pasientar til dømes kan sitja ved kjøkkenbordet og med eit lite stikk i ein finger teste eige legemiddelnivå i ein bloddrope med mobiltelefonen.

– Men slike målingar krev at legemiddelet fyrst vert ekstrahert ut av bloddråpen, og her kjem vår teknologi inn, seier Pedersen-Bjergaard.

Slike produkt ligg minst 15 år fram i tida. I mellomtida har Pedersen-Bjergaard og Trones fått dryge fem millionar av Forskingsrådet for å ferdigstille produktet.