Delen av befolkninga som bur på institusjon eller tilrettelagd bustad er noko redusert både i Norge, Sverige og Danmark etter 2001. Reduksjonen synes å ha vore størst i Sverige, og minst i Norge.
For den eldste aldersgruppa (80 år og over) har Norge den største delen av av befolkninga på institusjon eller tilrettelagd bustad, mens delen av bebuarar i aldersgruppa 67–79 år er større i Danmark enn i Norge.
I Danmark er eldste aldersgruppa sin del på institusjon vorte redusert sidan 2006, mens den i Norge har vore konstant.
Det kommer fram i ein rapport som er utarbeidd ved Universitetet i Oslo.
Forskarane har undersøkt og beskrive tenesteprofilane for dei kommunale omsorgstenestene i Norge, Sverige og Danmark.
Med tenesteprofil meines blant anna talet på brukarar og type brukargrupper, organisering og driftskostnader for tenesta, samt fordeling mellom heimebasert versus institusjonsbasert omsorg.
Framvekst av heimebaserte tenester
Tidligare studium viser at Danmark har vektlagt å byggja opp tilbodet av heimetenester, noko som har erstatta institusjonstenestene.
Ser ein på Sverige har utviklinga vore prega av reduksjon både i heimetenester, institusjonsplassar og omsorgsbustadar.
– Norge har vore ein stad i mellom dei to andre landa. I dag kan me konkludere med at Danmark fortsett har noko større dekning når det gjeld mottakarar av heimehjelp og heimesjukepleie, mens Sverige har lågare dekning enn det vi finn i Norge, seier Tor Iversen.
Han er professor i helseøkonomi, ogein av forskarane bak rapporten.
Det er berre for kategorien ”praktisk bistand” at data er samanliknbare for dei tre landa. Andelen mottakarar av praktisk bistand i Danmark og Norge er omtrent på same nivå, mens tilsvarande andel i Sverige er mindre.
Noko av forskjellen kan skyldast at svenske tal berre omfattar heimetenester til heimebuande og ikkje for eksempel i omsorgsbustadar som i Norge.
Faktorar som påverkar tenestetilbodet
Analysane viser at kommunanes inntektsnivå har ein positiv effekt på talet på eldre i institusjon og omsorgsbustad, det vil seie at talet på bebuarar i disse bustadformene aukar med kommunens inntekt.
Forskarane kan ikkje finna tilsvarande effekt av inntekt på talet på eldre som mottek praktisk bistand.
At inntekt har ulik effekt på de to omsorgsformene kan skuldast forskjellar i kostnad for omsorgsformene. Det kan også væra at større inntekter fører til at talet på timar med praktisk bistand aukar til dei som allereie er mottakarar.
Tilgjengelege data har derimot ikkje gitt muligheit til å undersøke dette nærmare.
Annonse
– Me finn ein positiv effekt av andel av befolkninga i aldersgruppa 67 og over, på begge omsorgsformene. Mortalitet har ein positiv effekt på institusjonsdekning og ein negativ effekt på talet på innbyggjarar som mottek praktisk bistand.
– Dette tolkar vi som at det i kommunar med mange innbyggjarar i livets siste fase, skjer ein dreiing av omsorgstilbodet over frå lettare til tyngre omsorgsformer, forklarer Iversen.
Dekningsgrad av institusjonar
Funn i rapporten viser at Norge ligg svakt over Danmark i dekningsgrad for institusjon og omsorgsbustadar. Også her ligger Sverige lågare.
De lange linjene viser med andre ord at Norge framleis har lågare nivå på tilbodet av heimetenester enn Danmark.
Dei viser også at avinstitusjonaliseringa fortset i Sverige og Danmark, mens institusjonsdekninga i Norge truleg er nokså stabil og høgare enn i de to andre landa.
Begrensingar i datamaterialet
Datagrunnlag og definisjonar varierer mellom dei nordiske landa, noko som gjer det vanskelig å samanlikna nivå på tenestetilbodet.
– Dette gjelder særlig for Finland der det ikkje er mulig å skilja pleie og omsorgstenestene frå delar av spesialisthelsetjenesta. Finland inngår derfor ikkje i den talmessige beskrivinga over, avsluttar Iversen.