Korleis prioritera mellom helsetiltak?

Samfunnet brukar stadig meir pengar på helse. Korleis veit vi om tiltak lønner seg? Kost-effekt analyser kan gi betre prioritering mellom behandlingstiltak når både effekt og kostnad er usikre.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Helse utgjer ein stor del av offentlege utgifter i Norge, og er i dag på omlag ni prosent av bruttonasjonalprodukt (BNP).

Til samanlikning var helseutgiftene i 1960 på to prosent av BNP, ifølge tal frå OECD.

Forsking og utvikling av ny medisin, teknologi og metodar gjer at det stadig kjem nye behandlingar som forlenger liv.

Men det fins eit tak på helseutgiftene, og ein del nye tiltak må veljast vekk. Korleis skal samfunnet prioritera?

Kostnad og helseeffekt

- I Pasientrettighetslova står det at pasienten har rett til behandling berre når “kostnadene står i rimelig forhold til tiltakets effekt”.

(Foto: Colourbox)

Det forklarer Tron Anders Moger, fyrsteamanuensis ved Institutt for helse og samfunn ved Universitetet i Oslo (UiO).

- Lova med forskrift gir likevel ikkje noe klart svar på korleis effekt skal målast og verdsetjast, men det er rimelig å anta at helseeffektar i form av livskvalitet og/eller livslengde står sentralt, seier han.

Moger har saman med Ivar Sønbø Kristiansen og Atle G. Guttormsen, alle UiO, drøfta nettopp korleis moderne helseøkonomiske teoriar kan gi oss moglegheit til å vurdera kostnadar opp mot effekt, og samtidig ta all usikkerheit med i betraktning.

Dette kan gi andre konklusjonar om val av behandling samanlikna med tradisjonelle metodar.

Handtering av usikkerheit i medisinsk forsking

Tradisjonelt har ein i kliniske studium brukt den såkalla p-verdien som mål på usikkerheit når ein skal måla om ei behandling er betre enn ei anna.

Medisinsk forskning fungerer gjerne slik at forskarane først formulerer ei hypotese, for eksempel at eit behandlingstiltak medfører lengre levetid for pasientane. Så gjennomfører dei eit klinisk studium på eit utval av menneske, og bereknar deretter effekten av behandlinga.

Usikkerheit i konklusjonen vert uttrykt i form av p-verdi, som vert målt i prosent. Dersom p-verdien er større enn fem prosent, er det meir enn fem prosent sannsynleg at den nye behandlinga ikkje er betre enn den eksisterande.

I slike tilfelle har ein tradisjonelt gått ut frå at det ikkje løner seg å skifte til den nye behandlinga. Dette representerer likevel ikkje eit vitskapelig prov på om behandlinga virkar eller ikkje.

Kost-effekt og kost-nytte analyser

- I helseøkonomisk evaluering er ikkje p-verdien alltid den mest relevante storleiken, sidan vedtaket må takast på bakgrunn av den informasjonen som føreligg i dag, seier Moger. 

- Sjølv om p-verdien er større enn fem prosent, uansett om den gjeld for effekt av behandlinga, forskjell i kostnader, eller effekt i forhold til kostnad (kostnadseffektivitet), kan det likevel vera meir sannsynleg at den nye behandlinga er meir kostnadseffektiv enn den eksisterande behandlinga, påpeiker Moger.

Forskarane belyser dette med eit tenkt eksempel; ei randomisert studie av pasientar med ein potensielt dødeleg sjukdom.

Den eine pasientgruppa får eksisterande behandling og har 80 prosent overlevingssjanse, og den andre gruppe får ny ein ny type behandlingsform som oppnår 84 prosent overleving.

Den nye behandlinga kostar også 20 000 meir enn den tradisjonelle, og med berre små endringar i overleving er den ikkje statistisk målbart betre enn den tradisjonelle (altså p-verdi over fem prosent).

Det kan dermed sjå ut som det ikkje lønner seg å satse på den nye behandlinga.

Meireffekt av ei behandling

Med utgangspunkt i eksemplet lagar forskarane ein simuleringsmodell som føreskriv fleire pasientforløp over 100 år.

Etter simuleringane blir behandlingane samanlikna på kor mange pasientar som er i live etter tre år, og på dei samla kostnadane i ei kost-effekt analyse. Vidare påviser forskarane meireffekta den nye behandlinga gir.

Dette vert utrekna ved å fastslå kostnad-effekt-brøken for ny behandling, som er forskjellen i kostnader mellom behandlingane delt på forskjellen i oppnådde leveår.

I eksemplet vert denne 320 000 kroner per ekstra leveår, og viss vi veit at samfunnet er villig til å betale til dømes 425 000 kroner for eit ekstra leveår, er den nye behandlinga kostnadseffektiv sjølv om p-verdien er over fem prosent.

Er sjølve vedtaket riktig?

- Ein fordel med å bruka ein simuleringsmodell er at vi kan framskriva mange pasientforløp, og slik sjå kor mange prosent av simuleringane som held seg innanfor den summen som samfunnet er villig til å betale for eit ekstra leveår for eit menneske.

- Er det overvekt av pasientar som overlever mange år med den nye behandlinga, betyr det mange leveår for ein akseptabel kostnad, avsluttar Moger.

Referanse:

Moger, T., Guttormsen, A., Kristiansen, I.S., 2010. Nyere metoder: Hvordan prioritere helsetiltak bår både effekter og kostnader er usikre?, Helseøkonomisk forskingsprogram ved Universitetet i Oslo, skriftserie 2010:5.

Powered by Labrador CMS