Annonse
Denne guten blei født med delt leppe på den eine sida, som har blitt lukka kirurgisk. Det kan vere lettare for barn fødd med slike spalter å lære å snakke reint viss spalta blir lukka tidleg, visar eit stort nordisk forskingsprosjekt. (Foto: Fleckstone/Shutterstock/NTB Scanpix

Leiter etter beste måte å lukke ganespalter

Det finst tallause kirurgiske metodar for å lukke medfødde spalter i leppe, kjeve og gane. No har forskarar undersøkt kva val av metode har å seie for barnas tale og utsjånad.

Publisert

Kvart år blir det fødd kring 120 barn i Noreg med ulike typar spalte i leppe, kjeve og gane. Spalta påverkar utsjånaden, talen, tannstillinga, høyrselen og hos nokre barn også den psykososiale utviklinga. Ho blir difor lukka under fleire operasjonar, og barna blir følgde tett opp av tverrfaglege team med kirurg, spesialutdanna sjukepleiar, logoped, psykolog, kjeveortoped og tannlegespesialist.

Gunvor Semb er kjevekirurg og har ledet Scandcleft-prosjektet (Foto: Ukjent)

Tradisjonelt har kirurgar nytta ulike metodar for å lukke spalter. Eit EU-finansiert prosjekt på slutten av 1990-talet fann at kirurgane i 201 spalteteam lukka spalter med 194 forskjellige metodar.

Dei siste 20 åra har difor spesialistar i fleire land systematisk testa kva for ein metode som gir best resultat på tale og utsjånad når kirurgar lukkar spalter gjennom leppa, kjeven og ganen.

Prosjektet har namnet Scandcleft og omfattar 448 barn frå Noreg, Sverige, Danmark, Finland og Storbritannia.

– Funna viser at operasjonsmetode har lite å seie for resultata på talen og utsjånaden ved femårsalder, seier kjevekirurg Gunvor Semb. Ho har ledet Scandcleft-prosjektet i 20 år og har vore knytt til både Oslo universitetssjukehus Rikshospitalet og Statped.

Testa fire ulike metodar

I prosjektet nytta kirurgane fire ulike operasjonsmetodar. Kirurgane var delt inn i tre grupper som nytta kvar sin metode.

I tillegg brukte alle gruppene ein fjerde, felles metode. Halvparten av barna blei opererte med den felles metoden, kalla Scandcleft-metoden, og resten med ein av dei tre andre metodane.

Hallvard Vindenes er plastisk kirurg ved Haukeland universitetssjukehus (Foto: Anne Sidsel Herdlevær)

Skilnaden på metodane er tidspunkt for operasjon og kva for nokre delar av spalta som blir lukka i ulike aldrar.

Prosjektet inkluderte berre barn med spalte på den eine sida av leppa og kjeven. Nokon barn blir også fødd med spalter på både høgre og venstre side, men desse var altså ikkje med i studien.

Plastisk kirurg Hallvard Vindenes ved Haukeland universitetssjukehus har operert spalter i mange tiår. Dei siste 20 åra har han operert med sin vande metode i halvparten av operasjonane og Scandcleft-metoden i resten.

Rett før kvar operasjon fekk han ein lukka konvolutt med informasjon om kva for metode han skulle nytte den dagen.

– Det er store skilnader på metodane, men likevel er det små skilnader på resultata, seier Vindenes og held fram:

– Eit viktig funn frå prosjektet er difor at vi får best resultat ved å nytte den metoden vi er vand til og som vi kan best. Læringskurven for ein kirurg er ofte bratt, og det kan ta lang tid før vi kjem til eit høgt nivå.

Likevel var det ein av metodane som skilde seg ut.

Sein operasjon gav vanskar med talen

Barn med spalte blir tett følgt opp av logoped slik at dei kan lære å produsere språklydane på rett stad og på rett måte. Det vil med andre ord seie å artikulere tydeleg og unngå å bli nasale. Målet er å oppnå normal tale, helst innan skulestart.

Logopedane involvert i prosjektet har tatt video-opptak av barna frå dei var eit år gamle. Talen ved femårsalder blei systematisk analysert. Funna viser at barna får lik kvalitet på talen sjølv om dei er opererte med ulike metodar – med eitt unntak.

– Ein av operasjonsmetodane lukka ikkje heile spalta før barna var tre år. Desse barna fekk ein del vanskar med artikulasjon. Denne metoden har nok difor fått seg eit skot for baugen, seier Semb.

Nina Helen Pedersen er seniorrådgivar og logoped i Statped (Foto: Privat)

– Det er tydeleg at det er viktig å lukke spalta tidleg slik at barnet får utnytte naturleg vekst. Vi må legge høva til rette for at barnet kan starte å lage lydar og tennene vekse på rett posisjon, seier Vindenes.

Gjennom forskingsprosjektet har logopedane utvikla ein felles måte å vurdere talen til barn med spalte gjennom leppa, kjeven og ganen.

Dei har lytta saman på opptaka av dei 448 barna og uforma ein protokoll for kva dei lyttar etter.

– Vi har sikra oss at vi lyttar likt. No har vi ein felles protokoll i Skandinavia for kva vi lyttar etter og kva vi reknar som god kvalitet på talen til barn med spalte, seier seniorrådgjevar og logoped Nina Helen Pedersen i Statped.

Skal vurdere utsjånad og kjeve

Spalter påverkar utsjånaden. Barn med spalte blir difor følgd tett opp av kjeveortoped. I dette prosjektet analyserte kjeveortopedane gipsmodellar av tennene og kjevane til barna då dei var fem og åtte år. Ulike operasjonsmetodar gav ikkje særskilde forskjellar i utviklinga av verken tannstilling eller forholdet mellom kjevane.

Likevel er det for tidleg å konkludere endeleg på korleis utsjånaden blir påverka av dei ulike operasjonsmetodane. Kjeven veks fram til 20-årsalder, og ei endeleg evaluering kan difor først skje om nokre år.

– Dei aller fleste barn med spalte får ein fin utsjånad og ansiktsprofil, men nokre få treng ein operasjon der vi flyttar overkjeven fram kirurgisk. Det kan vi først gjere når barnet er utvakse, seier Semb.

Ingen felles standard for kirurgane

Scandcleft-prosjektet har ikkje ført til ein felles standard for korleis einsidige spalter gjennom leppa, kjeven og ganen blir lukka. Kirurgane nyttar i hovudsak dei vande metodane sine, sjølv om nokre team har endra metode. Ingen har gått over til Scandcleft-metoden.

Likevel vurderer deltakarane at prosjektet har vore nyttig, ikkje minst fordi dei har fått mykje erfaring med klinisk forsking og har utvikla ein felles standard for logopedane. Prosjektet har også ført til meir samarbeid og felles rutinar for korleis alle de forskjellige spesialistane følger opp barna med spalter.

Spalteteama held no fram med ein studie der dei testar tidspunkt for å lukke ei isolert ganespalte. Dette prosjektet er finansiert av National Institutes of Health, USA.

Referanser

Gunvor Semb m.fl.: Scandcleft randomised trials of primary surgery for unilateral cleft lip and palate: 1. Planning and management, Journal of Plastic Surgery and Hand Surgery 2017;51:1-12 .

Jorma Rautio m.fl.: Scandcleft randomised trials of primary surgery for unilateral cleft lip and palate: 2. Surgical results. Journal of Plastic Surgery and Hand Surgery. 2017;51:13-19. 

Anette Lohmander m.fl.: Scandcleft randomised trials of primary surgery for unilateral cleft lip and palate: 4. Speech outcomes in 5-year-olds - velopharyngeal competency and hypernasality. Journal of Plastic Surgery and Hand Surgery 2017;51:26-36.

Elisabeth Willadsen m.fl.: Scandcleft randomised trials of primary surgery for unilateral cleft lip and palate: 5. Speech outcomes in 5-year-olds - consonant proficiency and errors. Journal of Plastic Surgery and Hand Surgery 2017;51:37-50.

Arja Heliövaara m.fl.: Scandcleft randomised trials of primary surgery for unilateral cleft lip and palate: 6. Dental arch relationships in 5 year-olds. Journal of Plastic Surgery and Hand Surgery 2017;51:51-56.

Powered by Labrador CMS