Kari er 34 år, og har vore ME-sjuk i 13 av sine leveår. Ingen veit kvifor. (FOTO: VILDE HELJESEN, NRK)

Mysteriet ME

Kari gjekk frå å vere ein energisk student, til å ha nok med å stå opp morgonen. Dette er det vi veit – og ikkje veit – om kronisk utmattingssyndrom.

CFS/ME

  • Forkortelse for kronisk utmattelsessyndrom/myalgisk encefalopati.
  • Er betegnelsen på en lidelse som hovedsakelig består av en unormal følelse av utmattelse ledsaget av andre varierende symptomer.
  • Personer som er rammet av kronisk utmattelsessyndrom opplever en fullstendig energisvikt, som om batteriene er totalt flate.
  • Symptomer inkluderer muskel- og leddsmerter, forstyrret hukommelse eller konsentrasjon, kronisk mental og fysisk utmattelse og en rekke andre plager.
  • Alvorlighetsgrad av symptomer kan svinge veldig, også i løpet av en dag.

Forsking på utbreiing og årsakar til CFS/ME

  • 3/4 av dei som blir råka er kvinner.
  • Ein norsk studie frå 2014 viser at det er hovudsakleg to alderstoppar for utbrot av sjukdommen: ein i tenåra (12-19 år) og ein i 30-åra.
  • I ein amerikansk studie frå 2015fann forskarar auka nivå av cytokin, protein som skal bekjempe infeksjonar, i blodet til CFS/ME-pasientar. Forskarane meiner dette kan tyde på at sjukdommen er ein betennelsessjukdom.
  • Ein norsk studie frå 2015 fann derimot ingen skilnad i cytokin-nivå hos ME-pasientar og andre. Dette funnet talar altså imot betennelseshypotesen.
  • Enkelte pasientar ser ut til å hatt verknad av cellegifta rituximab. Kreftavdelinga ved Haukeland Universitetssykehus leiar no ei randomisert, dobbelt-blinda, placebokontrollert studie der CFS/ME- pasientar ved 5 ulike sjukehus deltar. Studien skal vere ferdig i 2018.
  • Det er undersøkt om det kan vere ein mogleg samanheng mellom ME og vaksinar, men det er ikkje påvist noko slik samanheng.

I samarbeid med NRK

 

Rundt 10-15 000 nordmenn som tidlegare var friske og normale, har plutseleg ikkje krefter til daglegdagse gjeremål lenger. Veldig mange av oss kjenner nokon som har det slik.

Då eg blei kjent med Kari i filmklubbmiljøet i Trondheim var ho i starten av 20-åra, og blid, kreativ og enormt energisk. Ho hadde tusen jarn i elden. Ho var supereffektiv, og hadde ei løysing på alt. I tillegg til at ho var student starta ho blant anna opp barnefilmklubben i Trondheim, og sat i styret i Norsk filmklubbforbund. I dag, 15 år etter, er ho framleis blid og kreativ. Men energien er ikkje heilt det same.

For ein gong mellom då og no skjedde det noko i kroppen hennar som ingen har forklaring på.

Dette er eit forsøk på å forstå kva som skjedde med Kari, og med tusenvis av andre som blir tappa for krefter av ME.

Epidemi i London

Sjukdommen ME, myalgisk encefalopati (sjå faktaboks), vart første gong skildra i 1956. Det kom i etterkant av eit epidemiliknande sjukdomsutbrot ved Royal Free Hospital i London. Sjukdommen gjekk deretter stort sett under radaren i nokre tiår.

Journalist Jørgen Jelstad.

Men så, på 80-talet i USA, dukka det nok ein gong opp pasientar med ein sjukdom som ein ikkje visste kva var. Det minna om ein virusinfeksjon, men pasientane haldt fram med å vere sjuke etter behandling.

– Dette var like etter at Aids var oppdaga, og den ukjente sjukdommen vart sett i samband med det. Symptoma kunne minne litt om Aids i tidleg fase. Spørsmålet var om dette var endå eit sånt type virus, fortel Jørgen Jelstad. Han er journalist og har skrive boka De bortgjemte om ME.

Helsemyndigheitene gav sjukdommen namnet Cronic Fatigue Syndrome, CFS. Seinare vart CFS slått saman med ME, då ein såg at det var sannsynlegvis same sjukdom. Det offisielle namnet er no CFS/ME.

Sannsynlegvis har sjukdommen også eksistert tidlegare.

Historisk forløpar

Forskar Kristine Lillestøl. (FOTO: UNIVERSITETET I OSLO)

– Den historiske tilstanden som oftast blir trekt fram som ein mogleg forløpar til ME/CFS er nevrasteni, fortel forskar Kristine Lillestøl ved Avdeling for samfunnsmedisin ved Universitetet i Oslo. Ho forskar på nevrasteni som historisk diagnose.

Nevrastenien vart først definert i USA i 1869, og vart tatt i bruk av norske legar i 1880-åra. Utmatting, hovudpine, søvnvanskar, vandrande smerter og mageplager var mellom dei mest vanlege symptoma.

– Ein kan ikkje utan vidare seie at nevrasteni på 1800-talet var nøyaktig same tilstand som ME/CFS i dag, men der er definitivt nokre interessante parallellar, seier Lillestøl.

Men om dette betyr at ME-liknande tilstandar har funnest til alle tider, det er vanskeleg å seie sikkert, meiner ho.

Men kvifor får nokon kronisk utmattingssyndrom?

Utløyst av infeksjon?

Ingrid B. Helland er leiar for Nasjonal kompetansetjeneste for CFS/ME. (FOTO: NRK)

– Vi veit eigentleg ikkje så mykje om det, seier Ingrid B. Helland. Ho er leiar for Nasjonal kompetansetjeneste for CFS/ME.

– Mange relaterer sjukdommen til ein infeksjon dei har hatt før dei vart sjuke. Men andre mogleg utløysande faktorar kan vere alvorlege livshendingar som tap av nære familiemedlemmer, ulykker, stor kirurgi, og i nokre tilfelle veit vi rett og slett ikkje, seier ho.

Amerikanske forskarar har gjort funn som kan tyde på at sjukdommen er ein betennelsessjukdom, forårsaka av pasientens eige immunsystem. Men i ein tilsvarande norsk studie fann ein ikkje støtte for denne hypotesen.

Funnet frå Bergen, der nokre ME-pasientar vart betre etter behandling cellegifta rituximab, kan gi mistanke om at det er ein autoimmun sjukdom. Det rituximab gjer er å dempe talet på B-lymfocyttar som lagar antistoff. Her føregår det no ein stor studie ved fem ulike sjukehus i Noreg.

Men i det store og det heile er sjukdomsårsaka enno eit mysterium. Ingen veit kvifor nokre får kronisk utmattingssyndrom.

Vanskelegare for familien

Kari meiner at det var ein infeksjon ho fekk i 2002, som trigga sjukdommen. Ho fekk antibiotika, men vart aldri bra igjen. Ho gjekk til fastlegen og fortalde korleis det stod til, men han svara at «Du ser jo bra ut no».

Etter det hangla ho i årevis, og vart utreidd for ein masse sjukdommar. Først i 2009 fekk ho ME-diagnosen.

Kari er mykje heime i leilegheita si i Oslo. (FOTO: VILDE HELJESEN, NRK)

– Det hjelpte å få ein diagnose, sjølv om det ein kjip diagnose og det er lite å tilby. Då hadde eg i det minste noko å forholde meg til.

Kari har funne sin måte å handtere sjukdommen på. Når ho går ut er ho utstyrt med øyreproppar og solbriller for å beskytte seg mot støy og lys. Og så må ho følgje ein streng timeplan. Ho må står opp og legge seg til same tid kvar dag, vere nøye med måltid og kvile. Og så har ho ei maksgrense for aktivitet. Sjølv om det skjer lite, kan ho likevel bli heilt utsliten.

Skal ho gjere noko, er formiddagen best. I dag skal ho passe barnet til ein kompis mens han er til frisøren. Sjølv om ho er sjuk, er Kari framleis ein sosial person som treng å møte folk.

Men nokre av venene til Kari har falt av på vegen.

– Livet mitt gjekk så sakte i forhold til deira liv, men eg har halde kontakten med veldig mange.

– Det er nok vanskelegare for familien min. Dei hadde nok sett for seg noko anna for meg, seier Kari.

– Sjukdommen kjem lynraskt

Nyleg kom det fram at talet på unge med ME-diagnose har blitt femdobla frå 2008 til 2014.

– Vi ser eit nytt barn med ME annankvar veke, fortel overlege Kristian Sommerfelt ved barneklinikken på Haukeland Universitetssykehus.

Enkelte ME-pasientar er så dårlege at dei må halde senga i mange år. Illustrasjonsfoto. (Foto: Colourbox)

Sommerfelt har arbeidd med denne pasientgruppa i 25 år, og han er ikkje i tvil om at det er ei reell auke i talet på ME-tilfelle no, og at det ikkje berre handlar om auka kunnskap om diagnosen.

– Og så lurer du sikkert på kvifor, men svaret er at det veit vi ikkje. Vi veit ikkje kva som er årsaka til ME, fortel han.

Han skulle gjerne ønske at sjukdommen «sat i hovudet», slik enkelte hevdar. Då ville ein kanskje ha betre håp om å kunne kurere den. Men han ser absolutt ingen teikn på det hos pasientane.

– Dette råkar vanlege barn, i vanlege familiar. Sjukdommen kjem oftast lynraskt, i løpet av ei veke eller til og med eit døgn, fortel han.

– Nokre av barna har eit forferdeleg liv, dei kan berre sitt oppe litt i løpet av dagen, og nokre må matast via sonde. På ein måte stoppar livet opp. Nokre skildrar det som at dei forsvinn. Det vanlege er at det varar i mange år, men der er kunnskap usikker for barne- og ungdomsgruppa.

– Det finst ingen kur

Det finst heller ingen behandling eller kur for ME. Det einaste ein kan gjere er å forsøke å behandle symptoma.

– Det som er forskingsbasert av symptombehandling er tilpassa treningsbehandling og kognitiv terapi, fortel seniorforskar Lillebeth Larun i Kunnskapssenteret.

Larun er medforfattar på ei oppsummering av eksisterande forsking på trening for ME-pasientar. Konklusjonen i oppsummeringa var at om lag 40 prosent av pasientane opplevde ei betring med tilpassa trening.

Kristian Sommerfelt har jobba med ME-sjuke barn i mange år.

– Men då snakkar vi ikkje om pulsklokke og Birkebeineren altså, men aktivitet som du og eg kanskje ikkje ville kalla trening ein gong. Og i kanskje berre 2 minutt per dag, seier Larun.

– Dette er ei stoisk pasientgruppe. Dei har mykje vondt, men dei prøver verkeleg å gjere noko for å få forskinga til å gå framover, og gjere noko for sine medsjuke, seier Larun.

Kristian Sommerfelt synest det er viktig at legar er audmjuke over det dei ikkje veit: 

– Vi må ikkje gløyme at magesår vart oppfatta som psykisk liding før det vart oppdaga at det var ein bakterie som forårsake sjukdommen. Og også multippel sklerose (MS) vart tidlegare oppfatta som ei psykisk liding.

– Trengst meir forsking

Strategisk rådgivar Per Magnus i Folkehelseinstituttet ser stort behov for meir forsking på ME. Folkehelseinstituttet har nyleg søkt om støtte til å studere ME ved hjelp av data frå Den norske mor og barn-undersøkinga.

Ved å gå tilbake og undersøke blodprøvar til barn som fekk ME og samanlikne med andre barn, kan ein kanskje finne ein samanheng.

– Vi må finne dei kritiske ledda i årsakssamanhengen. Viss det er ein infeksjon tidleg i livet som triggar sjukdommen, så kan vi kanskje utvikle vaksinar, eller kanskje vi kan finne fram til miljøfaktorar som vi kan forhindre, seier Magnus.

– Å ikkje bli frisk er ikkje eit alternativ

Kari har blitt skuffa og lei av å bruke pengar og krefter på å prøve behandlingar som ikkje verkar. No held ho seg i så masse aktivitet som ho klarar, og lever elles sunt.

Det har gått tretten år sidan ho vart sjuk.

Per Magnus, strategisk rådgivar i Folkehelseinstituttet. (FOTO: FOLKEHELSEINSTITUTTET)

– Når eg tenker på det får eg heilt vondt i magen. Og det er sju år sidan eg jobba.

Vi to snakkar sjeldan om sjukdom når vi er saman. Vi har så mykje anna å prate om, og dessutan kjenst det som eit litt ømtåleg tema å ta opp. Eg har for eksempel ikkje tore å spørje henne om ho trur at ho kjem til å bli frisk. No gjer eg det:

– Det er jo ikkje noko alternativ å ikkje bli frisk. Eg prøver å ikkje tenke på kor lang tid det har gått, eller tenke framover. Eg må leve i augneblinken. For meg er det utenkeleg at det skal vere slik alltid. Eg kan halde ut litt og litt, men ikkje i eit tiårsperspektiv.

– Korleis trur du det vil bli å vere frisk?

– Det hadde vore fint å bli sliten fordi eg faktisk har gjort noko, og ikkje berre fordi eg har stått opp.

Powered by Labrador CMS