Ein notis frå Havforskningsinstituttet - les mer.
Noreg er forplikta til å utføre veterinær grensekontroll av varer som blir importert til EU/EØS-området frå andre land. (Foto: Helge Skodvin, Havforskningsinstituttet)
Få funn av uønskte stoff i importert sjømat
I 122 stikkprøver av importert sjømat fann havforskarane eit par overskridingar av grenseverdiar fastsett av EU . Undersøkinga er ei årleg overvaking på vegner av Mattilsynet. Havforskarane ser etter utvalde kjemiske stoff, parasittar og bakteriar folk kan bli sjuke av.
– Vi fann Vibrio-bakteriar i to prøver av scampi, men nærmare analyse viste ein av dei mange harmlause variantane, fortel forskar Martin Wiech.
Forskarane fann også såkalla H2S-produserande bakteriar. Dei er ikkje ein helsefare i seg sjølv, men seier noko om kvaliteten i sjømaten. Dette gjaldt prøver av tunfisk og yellowtail frå Stillehavet og østers frå Canada. Det er ikkje fastsette grenseverdiar for desse bakteriane.
Dei fann Listeria-bakteriar i norsk sild som var eksportert til Egypt, men sendt tilbake igjen til Noreg grunna plassmangel i lokale fryselager. Vidare fann dei rundormen kveis i 9 av 40 undersøkte prøver, mest i torsk frå Russland. Fisken var fryst og parasittane daude. Frossen eller varmebehandla kveis er ikkje rekna som farleg for folk. Kveis er vanleg i norsk, villfanga fisk.
Les meir om stikkprøvene på nettsidene til Havforskningsinstituttet