Lakselusa mista to larvestadium

Ny forsking viser at lakselus har sju ulike larvestadium før ho utviklar seg til eit vakse individ. Tidlegare har ein meint at det var ni.

Publisert
Tidlege stadiar av lakselusa si utvikling: Etter klekking av egga lever lakseluslarvane i dei frie vassmassane ein kort periode før copepoditten (ca 0,7 mm lang, til venstre i illustrasjon) festar seg til laksen. Her lever ho ei kort veke før ho limer seg fast. Medan lakselusa heng fast blir den kalla chalimuslarve, og den skiftar skal to gonger før den slepp taket og vandrar fritt rundt på laksen (til høgre i illustasjonen). Tidlegare trudde ein at lakselusa hadde fire chalimusstadium. (Foto: (Illustrasjon: Lars Hamre, Sea Lice Research Centre))

Sidan lusa skiftar skal mellom kvart stadium, har ho også færre skalskifte enn det ein tidlegare har trudd, noko som kan vere viktig kunnskap i kampen mot lakselus på oppdrettsfisk.

Ein av grunnane til at forskarane frå Havforskingsinstituttet og Sea Lice Research Centre ville undersøkje om talet på skalskift hos lakselus var riktig, var at det er uvanleg med ni skalskift før det vaksne stadiet i den dyregruppa som lakselusa tilhøyrer.

Dei nye resultata viste at det riktige var at ho har sju skalskift før ho er vaksen, og dermed har ho ein enklare livssyklus enn det ein tidlegare meinte.

Dei to stadia som no har forsvunne, ifølgje forskarane, var to av dei fire fastsitjande stadia ein trudde lusa hadde. At lusa er fast på fisken, gjer det vanskeleg å følgje med på kva som skjer, og det er nok noko av bakgrunnen for at ein tok feil tidlegare.

I tillegg viste det seg at lakseluslarvar (chalimus) veks mykje mellom skalskifta.

Vanlegvis må dyr som skiftar skal, vekse i samband med skalskifta, men hos lakselusa viser det seg at lusa veks mykje inne i skalet i tillegg til veksten ein observerer under skalskiftet, fortel forskarane bak dei nye resultata.

Viktige resultat

Dei nye resultata er viktige både for forskarane og for oppdrettsnæringa.

For forskarane er det sjølvsagt viktig å ha mest mogeleg kunnskap om dyret dei arbeider med.

I tillegg er ein av metodane som oppdrettsnæringa brukar i kampen mot lakselusa, å påverke skalskifta hos lusa slik at dei ikkje overlever, og då er det viktig å vite kor ofte dei skifter skal.

Referanse

Hamre m.fl: The Salmon Louse Lepeophtheirus salmonis (Copepoda: Caligidae) Life Cycle Has Only Two Chalimus Stages, PlosONE 8(9), Published: September 12, 2013, doi:10.1371/journal.pone.0073539.