Oppdaga verdas største djupvasskorallrev

Ein naturskatt er oppdaga på ein bratt og ulendt del av eggakanten utanfor Røst i Lofoten. Havforskningsinstituttet har funne det største djupvasskorallrevet nokon sinne. Det er 35 kilometer langt og opp til tre kilometer breitt.

Publisert

- Du kan tenke deg at du køyrer med bil i 50 km timen. Då vil det ta nesten tre kvarter å passere revet, og det vil vere korallar på alle kantar, ein kilometer til kvar side, seier marinbiolog Jan Helge Fosså ved Havforskningsinstituttet. Revet er på over 100 kvadratkilometer.

Havforskaren meiner funnet ved Røst illustrerer kor dårleg den norske kontinentalsokkelen er kartlagd.

Lophelia

Korallrevet, som er av typen Lophelia, ligg på mellom 300 og 400 meters djup, nord for Trænadjupet. Det er 10 gongar større enn Sularevet, som har vore det største kjende djupvasskorallrevet til no.

- Så vidt vi veit er Noreg et av landa med høgast tettleik av desse reva, og vi har dokumentert dei største. Korallrevtypen finst også rundt Island og Færøyane, men ikkje dei store konstruksjonane, fortel Fosså. Røstrevet blei oppdaga med ekkolodd. Ein ny metode gjer at kartlegginga av korallreva på djupt vatn er blitt mykje meir effektiv enn tidlegare.

Opp mot 50 prosent forsvunne på grunn av fiskeri

- Desse korallreva har kolonisert våre havområde sidan etter istida. Men målingar Statoil har gjort viser at korallrev ved Sula har vore der i minst 8 500 år, fortel marinbiologen. Korallreva er kjenneteikna av eit rikt dyreliv med eit høgt biologisk mangfald av invertebratar (virvellause dyr). Korallrev er også kjende for å vere gode fiskeområde.

- Korallane veks på små ryggar, og dannar store sfæriske former på gjerne et par meter. På toppen er det levande rev, og under er det gjerne restar av føregåande korallar pakka saman, fortel Fosså. Når korallane døyr, rullar delar av dei ned langs revsida, medan noko blir att på toppen. Slik veks revet oppover.

- Vi har estimert at mellom 30 og 50 prosent av korallreva i våre farvatn er forsvunne på grunn av fiskeri. Vi er redde for at vi driv kartlegging av ein type korallrev som er i ferd med å forsvinne, seier Fosså. Fiskarar har brukt både line, garn, og trål i område med korallrev. Det er særleg botntråling som kan gjere skade.

Biologisk mangfald

- I Nordaust-Atlanteren har vi funne opp imot 800 forskjellige invertebratar ved undersøkingar. Men få av dei er felles for alle undersøkelsane, og det betyr at der vil finnast langt fleire, seier Fosså.

Sjølv om artsrikdomen og funksjonen til korallrev i våre farvatn ikkje kan samanliknast med tropiske korallrev, er desse områda rikare enn område rundt, som mudderbotn, steingrunn eller grus. Ved Havforskningsinstituttet reknar ein med at korallreva er viktige for fleire artar.

- Men det er mykje som står igjen, både når det gjeld kartlegging av område og undersøkingar av sjølve biologien. For eksempel er det ingen som har observert korallarven før, og den økologiske rollen til korallreva er heller ikkje undersøkt i detalj.

- Kontinentalsokkelen må bli kartlagt

Tidlegare har Havforskningsinstituttet vist at korallreva er i ferd med å forsvinne på grunn av botntråling. Instituttet meiner dette er eitt av argumenta for at ei skikkeleg kartlegging av kontinentalsokkelen bør bli gjennomført så raskt som mogeleg.

- Kartlegginga av den norske kontinentalsokkelen er visstnok den dårlegaste i Europa. Det er ei sjølvfølgje at det finst kart over landjorda. Vi meiner det burde vere like sjølvklart å kartlegge havområda våre. Det er faktisk det vi lever av her i landet, og det ville vere viktig for oljeressursar, fiskeri og forvaltning.

Har foreslått kartleggingsprogram

Havforskningsinsstituttet har saman med Norges geologiske undersøkelse og Statens kartverk Sjøkartverket foreslått eit storstilt kartleggingsprogram -MAREANO - for den norske kontinentalsokkelen.

Førebels har ikkje myndigheitene valt å prioritere dette føreslåtte programmet. I Stortingsmelding nr 12; Rent og rikt hav, også kalt havmeldinga, står det nevnt at regjeringa vil vurdere å gjennomføre programmet.

Departementet vil verne revet

Derimot er Fiskeridepartementet raskt på pletten når det store korallrevet først er oppdaga. Fiskeriminister Svein Ludvigsen seier i ei pressemelding at han vil innføre restriksjonar på fisket ved korallrevet ved Røst. Til no er det ikkje registrert skadar på revet frå fiskeriaktivitet, men det føregår mykje fiske både nord, sør og aust for revet.

I dag er det eit generelt krav om særleg aktsemd i nærleiken av kjende førekomstar av korallrev i medhald av forskrifta om vern av korallrev. Tidlegare er det lagt særlege restriksjonar på fisket ved Sularyggen og ved Ivergrunnen.

Foto og kart: Havforskningsinstituttet