Denne artikkelen er produsert og finansiert av Havforskningsinstituttet - les mer.

Algen Emiliania huxleyi er vanlegast i periodar med varmt vatn og rolege vindforhold. Den gir grøn farge i fjorden. (Foto: Nataliya Nazarova / Shutterstock / NTB scanpix)

Derfor blir fjorden grøn

BAKGRUNN: Mange vestlandsfjordar har no fått ein tydeleg grønfarge som til og med er synleg frå verdsrommet. Ja, det er ein alge, men denne er snill.

Har du lurt på kvifor norske fjordar nokon gonger får ein så vakker turkis eller grøn farge? Det er det som regel ein spesiell type algar som sørger for.

No blomstrar kalkalgen Emiliania huxleyi. For tida er den er mest tydeleg i Sognefjorden.

Den eincella mikroskopiske planten har ei overflate som er dekka av små kalkplater. Når sollyset blir reflektert frå desse, får sjøen ein karakteristisk turkis farge.

– Det treng ikkje nødvendigvis vere så store mengder som det ser ut til, for Ehux, som vi kallar den, nærmast drysser om seg med kalkplater til vatnet rundt, seier planktonforskar Lars-Johan Naustvoll.

Det er så godt som alltid Emiliania huxleui som skaper grønfargen i norske farvatn.

Gjennom mikroskop: Emiliania Huxleyi er om lag 5 mikrometer stor, det vil seie 5 tusendelar av ein millimeter. Til samanlikning er eit hårstrå rundt 75 mikrometer tjukt. (Foto: Stig Bjarte Haugen / Havforskningsinstituttet)

Ikkje farleg

For tida tar oppblomstringar av «dødsalgen» Chrysochromulina leadbeateri livet av store mengder oppdrettslaks i Nord-Norge. Du kan lese meir om den i denne artikkelen.

Emiliania huxleyi er derimot ein ufarleg mikroalge både for folk og fisk, sjølv om den dannar store, og svært synlege blomstringar.

– Det einaste farlege kan vere redusert sikt for båtfolket. Fiskarar rapporterer også at det blir mindre fisk å få. Det kan henge saman med at også fisken får redusert sikt til å finne bytte, forklarar Naustvoll.

Algane er til og med synleg frå verdsrommet. Satellittbilde av Sognefjorden den 19. mai 2019. Etter den tid har algeoppblomstringa framleis vore synleg, men skydekke har gitt dårlegare bilde. (Foto: NASA Worldview data)

Global utbredelse

Det er ikkje sikkert kva som fører til at Ehux blomstrar. Den kan gjere det på tider og i områder med svært lite næringssalt, men er sjølv mat for dyreplankton og skjel. Kalkalgene formeirer seg hurtig ved celledeling. Ein alge blir til to, som så blir til fire og så vidare.

Emiliania huxleyi er vanlegast i periodar med varmt vatn og rolege vindforhold. Algen har global utbreiing, mest vanleg frå tropiske til tempererte strøk, men den er også registrert i polare farvatn.

Powered by Labrador CMS