Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av Havforskningsinstituttet - les mer.

Forskar Tonje Knutsen Sørdalen har studert hummaren i tre område og fann same resultat. Reservat hjelper særleg ho-hummarar å vekse raskare.

Hummar i reservat veks raskare

Tidlegare har ein trudd det var motsett: At fleire om føda betyr lågare vekst

Publisert

Men no viser det seg at ho-humrar i tre undersøkte hummarreservat både skifta skal oftare og vaks meir per skalskifte enn humrar utanfor.

– Det er truleg fordi dei humrane som et masse, er mest frampå og veks fort, også er dei som har høgast risiko for å gå inn i ei teine. I område med intensivt hummarfiske kan du dermed stå igjen med humrane som er meir forsiktige og veks seint.

Det seier havforskar Tonje Knutsen Sørdalen ved Universitetet i Agder, Senter for kystsoneøkologi. Ho har leia forskingsarbeidet saman med Esben Moland Olsen og Kim Tallaksen Halvorsen frå Havforskingsinstituttet (HI).

Studien deira er publisert i det vitskapelege tidsskriftet Proceedings of the Royal Society, og er også omtala i The Economist og Nature si spalte «Research highlights».

Esben Moland Olsen (HI), Tonje Knutsen Sørdalen (UiA) og Kim Halvorsen (HI) står bak den nye studien.

Gjorde studien tre gonger og fann det same

Forskarane frå HI og UiA samanlikna hummar frå tre ulike reservat med hummar utanfor reservata. Totalt blei 2.303 humrar fanga, merkte og gjenfanga seinare.

– At vi har gjort tre parallelle studiar og kome fram til det same, tyder på at vi kan utelukke lokal variasjon, seier HI-forskar Kim Tallaksen Halvorsen.

  • I reservatet vil 77 prosent av ho-humrane på 25 centimeter skifte skal til neste år, mot 66 prosent av i fiska område.
  • Ho-humrane frå reservat blir i snitt 9 prosent større ved kvart skalskifte.

Den store skilnaden i vekst gjeld først og fremst hoene. For hannane er effekten langt mindre.

– Tidlegare har kollegar frå Havforskingsinstituttet vist at hannhumrar i reservat har større klør i forhold til kroppslengd. Vi har derfor ein teori om at skilnaden i vekst også vil halde for hannhumrar om vi hadde sett på vekt i staden for lengd, seier Halvorsen.

Her er hummarreservata: Dei tre områda i Aust-Agder, Vestfold og Østfold har alle vore hummarreservat sidan 2008. Der er det forbode å fiske hummar.

Ingen skilnad i humrar under minstemål

Hummarreservat har vist seg å vere svært effektive for å bygge opp igjen hummarbestanden lokalt. Forskarane trur det at «turbohumrane» blir beskytta, er med på å forklare kvifor.

– Vi fann ikkje den same skilnaden for freda hummar under minstemålet på 25 centimeter. Dette er klare teikn på at det skjer ei utveljing gjennom fiskeriet, seier Sørdalen.

– Dristige og svoltne humrar blir fiska ut frå bestanden, seier ho.

Hummarreservat bidrar til å gjenoppbygge hummarbestanden lokalt.

Reservat pluss maksmål er truleg ein uventa god kombinasjon

Ein tanke bak hummarreservat er at dei også kan forsyne kringliggande område med meir hummar. Det er fordi nokon av individa må «flytte ut» etter kvart som det blir trongt.

Forskarane trur innføringa av også eit maksmål på 32 centimeter i Skagerrak er godt nytt for dei hurtigveksande humrane i reservata.

– Om dei berre veks seg store nok inni reservatet, kan dei spasere ut utan å frykte teinene fordi dei er freda av maksmålet. Då kan dei gjere god nytte for seg som store og gode avlsdyr, seier Sørdalen.

– Berre synd dei ikkje kjenner regelverket, spøker Kim Halvorsen.

Referanse:

Tonje Knutsen Sørdalen mfl.: Protection from fishing improves body growth of an exploited species. Proc. R. Soc. B., 2022. Doi.org/10.1098/rspb.2022.1718

Powered by Labrador CMS