Annonse
- Over ein tredel av tareskogane i verdshava har hatt tilbakegang dei siste femti åra. Årsaka ser ut til å vere eit varmare hav, skriv Filbee-Dexter og Wernberg. (Foto: Shutterstock / NTB Scanpix)

Delar av havet er i ferd med å døy

KRONIKK: Tareskogane i det nordlege California har vore ramma av ei intens marin hetebølge dei siste åra. Hetebølga har lagt til rette for at «havets kakerlakk», det lilla sjøpiggsvinet, har kunne breie om seg i eksplosiv fart. Ein ørkenliknande havbotn er alt som ligg igjen.

Publisert

Og ikkje nok med det. Allereie før det grådige sjøpiggsvinet begynte å sette taren til livs, var dei undersjøiske skogane på retur. Over ein tredel av tareskogane i verdshava har hatt tilbakegang dei siste femti åra. Årsaka ser ut til å vere eit varmare hav.

Dei fleste tareartane trivst best i det kjølige vatnet i tempererte og arktiske havområde. Varmare vatn stressar taren og gir konkurranse frå små, hurtigveksande algar.

Er det så farleg om dei undersjøiske skogane blir borte?

Beitedyr som det lilla sjøpiggsvinet og tropiske fiskeslag som no kan flytte seg til stader dei ikkje høyrer heime, kan gjere stor skade på taren. Temperaturstiginga gjer også tareskogane meir utsette for ekstremvêr, overfiske og forureining.

Tareskogane er av dei mest mangfaldige økosystema i verda. Dei store, brune sjøplantane veks på steinrev langs ein fjerdedel av kystlinjene i verda. Dei er viktige leveområde og mat for ei heil rekke artar som øyresniglar, sjøpiggsvin og rur. Meir enn 350 artar – over 100 000 enkeltorganismar – kan leve på éin plante. I tillegg kjem alle fiskane, fuglane og pattedyra som er avhengige av det tareskogen har å tilby.

Tareskog dempar klimaendringar

Taren tar raskt opp enorme mengder karbondioksid frå atmosfæren – opptil 4300 tonn i året per kvadratkilometer skog. Dette er kritisk for å halde nede tempoet på dei menneskeskapte klimaendringane. Ja, vi må redusere mengda av karbondioksid vi slepper ut i lufta, men vi må også verne og fremje mekanismar i naturen som fangar gassen.

Tareskogane bremsar også bølgene og erosjon av kysten. Dermed kan dei også beskytte kysten vår mot aukande ekstremvêr.

Slutt på taren kan få store økonomiske og sosiale konsekvensar

Heile økosystem som gjer fiskeri og fritidsfiske mogleg, held til i tareskogane. I tillegg er taren sjølv ein viktig kjemisk ingrediens. Han blir brukt som bindemiddel i tablettar, tannkrem, kyllingnuggets og øl (for å gjere skummet stivare).

Det er vanskeleg å sette prislapp på desse økosystema. Der tareskogen var forsvunnen i California, måtte myndigheitene stanse fritidsfisket etter øyresniglar. Dei er avhengige av taren og var i ferd med å døy ut. Ifølge rapportane skapte sneglefisket inntekter på 44 millionar dollar til lokalsamfunna.

I Australia er anslaga større. Det taredominerte Great Southern Reef skaper statleg verdi på heile 10 milliardar dollar kvart år, nær dobbelt så mykje som det meir kjende Great Barrier Reef.

Vi kan hjelpe taren på lang og kort sikt

Tareskogane våre forandrar seg som ein følge av menneskeskapte klimaendringar. I tiåra framover vil havoppvarming føre til meir taredød. Dei fleste stader der tareskogar går tapt, kjem ikkje tilsvarande habitat i staden.

Dei blir erstatta av eit teppe av småalgar. Skoglandskapet med alle sine artar og kompleksitet går tapt i bytte mot slettelandskap.

For å stogge taredøden på lang sikt, må vi redusere utsleppa av drivhusgassar. Her og no kan vi i tillegg hjelpe tareskogane ved å redusere dei andre trugslane.

I tilfellet med California, kan vi verne havoteren og fiskeslaga som beiter på havets kakerlakk. Vi kan redusere avrenninga frå landbruket og hindre overgjødsling som gir næring til dei hurtigveksande, uønskte algetypane. Vi bør investere i forsking for å finne ut korleis vi kan styrke tareskogane og bygge opp igjen dei vi har mista.

En versjon av denne teksten ble først publisert av avisen The Washington Post.

Powered by Labrador CMS