Denne artikkelen er produsert og finansiert av Havforskningsinstituttet - les mer.

Alt på stell: Trålen funka og Bjørn Krafft var blid.

Toktet frå helvete: Eit isfjell i stø kurs mot havforskarane

Isen kom mot dei i ei heidundrande fart, og mannskapet tok til å rope «Titanic, Titanic!».

Ein regnvåt januardag i 2022 er havforskaren endelig fri for korona og klar til å reise sørover.

Trass i global pandemi og påfølgjande søramerikansk byråkratisk papirpyramide, stiller Bjørn Krafft på Bergen lufthavn, Flesland med godt mot.

Lite veit han om kva som ventar på vegen mot Antarktis . Antakeleg er det til det beste.

Strålende opplagt og klar for tur. Fra venstre: Bjørn Krafft, Sebastian Menze og Ronald Pedersen, alle HI-folk.

I felt for å sjekke korleis det står til med fisk og dyr

Det er ikkje første gong havforskar Bjørn Krafft set snuten sørover. I mange år har han reist på tokt og feltarbeid i Antarktis, for å kartleggja krillbestanden, telja kvalar, hente inn forskingsdata og følgje tilstanden i verdas sørlegaste, og kanskje villaste, havområde, Sørishavet.

Noreg er ein stor aktør innanfor krillfisket i Sørishavet. Difor bidreg vi også med overvaking, forsking og bestandsestimering av nøkkelartar.

Krillen er nettopp ein såkalla nøkkelart, på grunn av si avgjerande rolle for andre fisk og dyr i området. Den er hovudrett på menyen for kvalar, selar og sjøfuglar. At det er rikeleg med krill i havet er viktig for at bestandane av større fisk, sjøpattedyr og fuglar held seg solide.

Målet for havforskarane er å sikre berekraftig forvalting av ressursane i dette rike, røffe økosystemet.

Denne gongen skal Krafft og kollegaene reise ut med eit frakteskip eigd av norske Aker Biomarine, som er det største kommersielle selskapet innanfor krillfisket.

Bitteliten, men viktig: Krillen er hovedrett for små og store i Sørishavet.

Koronakrøll, småkjip potetmos og akutt trusemangel

I ei pandemiprega verd viser det seg ikkje å vera berre-berre å fly frå eit kontinent til eit anna.

– Bemanninga var kutta på flyplassane, det var pålagte testar, bakkepersonell streika, ja, eit evig kaos. Men vi kom oss då til slutt fram til Santiago i Chile, fortel Bjørn.

Der vart forskarane innlosjert i isolat på eit koronahotell. Dei blei traktert med lunken potetmos, servert på døra, til dei fleste måltid. Ikkje rasande festleg, men den største nedturen var at bagasjen hadde ikkje blitt med reisefylgjet heilt fram.

– Vi hadde berre det vi stod og gjekk i, og kunne jo ikkje gå ut av isolatet for å handla. Tanken på å gå kommando ein heil månad i Antarktis freista ikkje så veldig.

Nesten truselaus, men i farta.

– Og då vi slapp ut av koronaisolasjon, måtte vi hive oss på eit nytt fly, sørover til Port Williams. Det er på alle shoppingrelevante måtar berre ein liten landsby. Men truser hadde dei heldigvis, avklarar Krafft.

Utpost: Shoppingtilbodet i Port Williams var heller dårleg, men dei hadde heldigvis truser.

– Heldigvis kan Ronald bygge romskip av ein brødristar

Det største bagasjeproblemet var likevel at mykje av forskingsutstyret sat fast i Uruguay.

– Vi hadde i utgangspunktet den litt vanskelege oppgåva med å gjera om eit cargoskip til eit forskingsfartøy. Vanlegvis brukar vi fiskebåtar til denne type toktoppgåver. Då kan vi tråla og bruka ekkolodd, slikt er jo ikkje cargoskip i utgangspunktet laga for. Det er krevjande å få på plass ein trål bak eit 170 meter langt lasteskip. Så blir deler av utstyret attpåtil ståande fast i eit anna land enn skipet, sukkar Krafft.

Eit heller utypisk forskingsfartøy: 170 meter langt cargoskip. Men alt kan triksast til, meiner havforskarane.

Heldigvis var dei ikkje heilt utstyrsblakke, for forskarane hadde montert på ekkoloddsvingarar og fått om bord litt utstyr før cargoskipet drog frå Noreg nokre månader før.

Det var likevel langt frå ideelt at så mykje av utstyret var og blei i Uruguay, og skipet skulle gå frå land i Chile.

Ein kunne jo blitt fortvila, men forskarane er løysingsorienterte skapningar.

«Man tager hva man haver»: Manglar ein utstyr, bretter ein opp ermene. Ronald kan både fiksa og triksa.

– Det var berre å bli kreativ og bretta opp ermene. Det var ei lukke at vi hadde med oss senioringeniør Ronald Pedersen. Den mannen kan byggja eit romskip av ein gamal brødristar, konkluderer Krafft.

I gang: Etter litt improvisering var forskingsaktivitetane i gang.

Pedersen gjekk i fullt Petter Smart-modus, triksa og fiksa. Snart var gjengen på veg ut storhavet, med både trål bak med påmonterte sensorar, ekkolodd under som tikka og gjekk og laboratorium på dekk.

Himmelen var blå og framtida såg lys ut for toktdeltakarane; Merete Kvalsund, Bahar Mozfar og Astrid Rasmussen.

Framtida såg lys ut.

Dårleg teikn: Når mannskapet ropar «Titanic, Titanic!»

Toktet starta med rein velstand.

– Trålen vi hadde rigga til, funka som berre det. Sola skein og trusa var rein. Det var ein super start, mimrar Krafft.

– Men pang! Så snudde det. Vinden kom i sterke kast, det ulte og skipet krenga. I lugarane fauk møblane hit og dit. Vi målte kast opp i 45 meter i sekundet.

Med vinden kom også isen, og det i ein heidundrande fart.

– Det var heilt sinnsjukt med is, i store bitar, reine isfjell. Vi halte og sleit med å få trålen opp i skipet igjen. Så høyrde vi mannskapet ropa «Titanic, Titanic!». Då såg eg eit heilt isfjell komma i mot oss. Vi måtte berre kappe av trålen der og då.

Med trålen ville båten blitt for vanskeleg å manøvrere. Han forsvann i dei brusande vassmassane.

– Den vi hadde slite og styra med å få til, ordna og fiksa, og så enda det slik, sukkar Krafft.

Dei kom seg unna isfjellet, iallfall.

I ti døgn var skipet fanga inne i orkanen, før det roa seg ned. Men det gjekk bra med alle om bord.

– Vi var ein gjeng med lang erfaring, så ingen vart sjuke. Vi har prøvd oss på den slags før.

Det er sjeldan godt nytt når mannskapet ropar «Titanic». Då vinden blas opp, fekk isfjella fart på seg.

Men når enden er god...

Så der stod forskarane, på dekk i eit frakteskip, i orkanen, så langt sør og vilt ein kan komma på denne kloden – og det utan trål.

Men å gje opp, det er ikkje ein aktivitet desse folka driv med. – Dårleg ver, naudløysingar og lettare improvisering er ein del av spelet, smiler Bjørn.

Lokalbefolkninga på tur.

– Men det er klart, utan trål, så blir det vanskeleg å få om bord forskingsfangst. Så vi fekk ikkje vegd, målt og aldersbestemt krill.

– Men! Då fekk vi jo tid til andre ting! Vi har full og grundig ekkolodd-dekning av heile ruta vår. Vi fekk utført akustiske eksperiment eg alltid har drøymt om å få tid til ei gong. Så vi kjem heim med mykje forskingsdata i sekken, som vi no skal analysere vidare. Vi fekk også god tid til å telje sjøpattedyr.

Aldri så gale at det ikkje er godt for noko.

Antarktisk krill

Antarktisk krill: Euphausia superba
Maks størrelse: 60 mm og 2 gramLevetid: 6–7 år
Leveområde: Finnes i de kalde vannmassene sør for Polarfronten i Sørishavet, som omgir det antarktiske kontinent
Føde: Plante- og dyreplankton
Gyteområde- og tidspunkt: I de øvre vannmasser i november–mars
Om bestanden: Store deler av økosystemet i Sørishavet omtales som krillsentrert. Antarktisk krill er en viktig matkilde både for fisk, sjøpattedyr og sjøfugl. I isfrie områder observeres krill vanligvis i store stimer ned til et par hundre meters dyp. Fastis er et viktig habitat, spesielt for yngre krillstadier som finner føde og beskyttelse mot predatorer under isen.

Powered by Labrador CMS