Då forskarar skulle kartleggje vasskvaliteten i «reint og urørt» norsk vant, fann dei nesten ingen elver som hadde god økologisk kvalitet. (Foto: NIVA)

Kor reine er eigentleg dei tilsynelatande urørte elvene våre?

Det siste året har forskarar reist landet rundt på jakt etter landets reinaste og mest urørte elver. Det gav nokså uventa resultat.

I europeisk samanheng er vatnet vårt stort sett reint og friskt, men heller ikkje i Noreg kan vi ta god vasskvalitet for gitt. Også her har vi industriutslepp, intensivering av landbruket og utslepp av miljøgifter som gjer at norsk vatn – og økosystema som er knytte til – er under press.

Difor vart det for nokre år sidan lovfesta at i Noreg skal alt vatn med tilhøyrande plante- og dyreliv ha god kvalitet.

Då melde spørsmålet seg: Kva kjenneteiknar eigentleg urørt kvalitetsvatn?

Med lupe og mikroskop

På oppdrag frå Miljødirektoratet reiste forskarar frå Norsk institutt for vannforskning (NIVA) og Norsk institutt for naturforskning (NINA) i fjor over heile landet for å legge tilstanden til landets urørte elver under lupa.

Forskarane trossa mørketid, regnvêr og snøfall og kartla algar, botndyr, fisk, miljøgifter og vasskjemi i 47 elver, frå Nordkapp til Flekkefjord.

Therese Fosholt Moe noterer funn frå Leiråa nord for Snåsavatnet. Det brune vatnet i elva kjem av at Leiråa er ei leireelv. Typiske trekk påved urørte leirvassdrag er tett vegetasjon med bregnar og daude, velta tre. Det er vanskeleg å finne leirvassdrag som ikkje er påverka av menneskeleg aktivitet, og Leiråa er difor ei av få leireelver i undersøkinga. (Foto: NIVA)

Kor bra er det beste?

For å halde oppsyn med vasskvaliteten i landet, må ein kjenne til kva som definerer det reine, urørte vatnet slik det er i sin naturtilstand, utan menneskeleg påverknad.

Når vi veit korleis eit slikt «referansevatn» skårar på viktige kvalitetsvariablar, kan vi rekne ut ei grense for kva som skal vere godkjent vasskvalitet for alle andre vassførekomstar i landet.

Noreg har vedteke ei vassforskrift som skal setje i verk EUs vassdirektiv her til lands. I forskrifta står det at alle vassførekomstar som ikkje når miljømålet om god kjemisk og økologisk tilstand, skal forbetrast.

– Totalt uventa

Då prøveresultata vart klare utover hausten i fjor, sette forskarane seg ned og laga indeksar baserte på funna. Desse indeksane knytte dyregrupper, algegrupper, vasskjemi og miljøgifter til forskjellige typar av menneskeleg påverknad.

Therese Fosholt Moe har samla inn algar som kan sjåast med det blotte auge i Størdalselva i Agdenes. Desse algane skal òg undersøkjast i mikroskop seinare. (Foto: NIVA)

Indeksane plasserte dei 47 elvane i fem kvalitetsklassar; frå «svært god» til «svært dårleg» økologisk tilstand. Då fekk forskarane endeleg svaret på kor urørte og reine elvene eigentleg er – og sette kaffien i halsen.

Ingen av vassførekomstane var i «svært god økologisk tilstand» – og berre fire av dei 47 elvene nådde miljømålet om «god økologisk tilstand». Var ikkje dei reine, urørte elvene i Noreg urørte likevel?

– Det var totalt uventa at samla økologisk tilstand synte seg å vere så dårleg, seier NIVA-forskar Therese Fosholt Moe, som har leia samarbeidsprosjektet.

– Alle vassførekomstane var jo valde spesielt fordi dei er langt frå menneskeleg påverknad. Erfaringa vår frå feltarbeidet støtta også dette inntrykket, så vi hadde rekna med at miljømålet var nådd for stort sett alle desse plassane, seier ho.

Den store overraskinga kunne berre ha to forklaringar; anten var ikkje vassførekomstane gode referanseelver likevel, eller så var rett og slett ikkje metodane forskarane nytta for å klassifisere elvene, gode nok. Moe og kollegaene hennar landa på det siste.

Må vidareutvikle metodane

– Det er gjort mykje godt arbeid med å utarbeide indeksane, men datagrunnlaget for fleire indeksar har til no vore for lite, seier Moe, og peiker mellom anna på utrekningsmetoden for fisketilstand.

NINA-forskar Jon Museth, som hadde ansvar for å ta mål av fisketilstanden, utdjupar:

– Utrekningsmetoden for fisketilstand må endrast, mellom anna fordi han ikkje tek omsyn til vassdrag som er naturleg fattige på fisk. Metoden er utvikla på grunnlag av nokre få vassdrag i eit avgrensa område i Midt-Noreg, og kan ikkje brukast over heile landet.

Moe legg til at noko av det same gjeld for fleire av indeksane; difor kan dei ikkje heilt ukritisk stole på klassifiseringa i denne omgang.

Når ein utelèt fiskeindeksen og ser på samla økologisk tilstand, ser det straks betre ut. Då når heile 28 av dei 47 vassførekomstane miljømålet. Moe påpeiker at fleire av indeksane nok treng justering for å spegle den økologiske tilstanden i vassmiljøa betre.

Lite lokal forureining

Resultata tyder likevel på at dei utvalde elvene kan nyttast som referanseelver, jamvel om nokre av metodane må vidareutviklast og forbetrast for at datagrunnlaget skal verte fullstendig.

Ingen av elvene hadde problem med tilførsel av næringssalt frå jordbruk og kloakk. Det vart berre registrert for høge grenseverdiar for to av dei 45 miljøgiftene som EU har pålagt oss å redusere.

Det gjaldt kvikksølv og den bromerte flammehemmaren PBDE, miljøgifter som transporterast over store strekningar i atmosfæren, og som difor ikkje er knytte til lokale forureiningskjelder.

Skal halde fram i fleire år

Fleire år med lupe og vatn til knes ventar forskarane. Dette var nemleg berre det første av mange år med overvaking av referanseelver i Noreg, og forskarane er allereie i gang med undersøking av 35 nye elver.

Seinare skal alle elvene undersøkjast igjen, slik at alle dei rundt 80 elvene vert følgde over to år. I takt med det veksande datagrunnlaget, er det håp om å redusere usikkerheitene frå det første året, slik at vi til slutt kan få støypt ein endeleg målestokk for «den norske kvalitetselva».

Forskinga er utført av Norsk institutt for vannforskning (NIVA) og Norsk institutt for naturforskning (NINA) på oppdrag frå Miljødirektoratet. Arbeidet er ein del av dei norske styresmaktenes basisovervaking av norsk natur. Uni Research (NORCE) og Akvaplan-niva var også ein del av prosjektet, samt Eurofins og ALS på lab-siden.

Artikkelen er oppdatert 06.11.18

Powered by Labrador CMS