- Kvinner med kroppsmasseindeks (KMI) over 25 såg vi oftare utvikla svulstar av mindre aggressiv karakter, skriv forskaren. (Illustrasjonsfoto: Shutterstock / NTB scanpix)
- Kvinner med kroppsmasseindeks (KMI) over 25 såg vi oftare utvikla svulstar av mindre aggressiv karakter, skriv forskaren. (Illustrasjonsfoto: Shutterstock / NTB scanpix)

Forskeren forteller: Overvektige får sjeldnare aggressive svulstar

Men kvinner med høg feittprosent rundt bukorgana døyr likevel oftare.

Vekt og kreft

Kreft i livmorslimhinna (endometriekreft), er den vanlegaste gynekologiske kreftforma i vestlige land, og talet på nye tilfelle aukar kvart år.

Det er estimert at mellom 30 og 40 prosent av alle tilfelle av livmorkreft i Europa skuldast overvekt.

Ved overvekt aukar produksjonen av østrogen i feittvev, og høgare østrogennivå gjev auka risiko for å utvikle kreft i livmorslimhinna.

Auka feittmengde fører òg til frigjering av betennelsesmolekyl i blodbana. Dette gjev risiko for kreft i ei rekke organ.

Overvekt kan i tillegg gi forstyrringar i andre hormonsystem, mellom anna i hormon knytt til energiomsetning, som til dømes insulin.

Til saman trur ein at dette er viktige grunnar til at førekomsten av kreft i livmorslimhinna er aukande i vestlege land.

Livmorslimhinnekreft gjev ofte symptom i form av bløding, og mange pasientar kjem difor tidleg til behandling, med gode utsikter for å verte heilt friske av sjukdommen. Likevel får ein betydeleg andel tilbakefall, utan at ein med visshet kan føreseie kven dette er.

Doktorgraden min viser at individtilpassa behandling av kreft i livmorslimhinna krev større forståing ikkje berre for korleis vekt, men også feittfordelingsmønster påverkar svulstar.

I ein nyleg publisert doktorgrad har vi i Bergen gynekologiske kreftforsking­gruppe studert pasientar som har blitt behandla for kreft i livmorslimhinna ved Kvinneklinikken på Haukeland universitetssjukehus.

Vi studerte hovudsakleg tre ting relatert til vekt og kroppsfasong: korleis overvekt og fedme er knytt til overleving, om feittfordelingsmønster påverkar overleving, og om det er biologiske forskjellar på kreftsvulstane knytt til overvekt og fedme eller feittfordelingsmønster.

Utvikla mindre aggressive svulstar

Kvinner med kroppsmasseindeks (KMI) over 25 såg vi oftare utvikla svulstar av mindre aggressiv karakter. Våre data tyda også på at kvinner med overvekt og fedme noko sjeldnare døydde av kreft i livmorslimhinna samanlikna med kvinner med KMI under 25, at dei altså har ei tendens til litt betre kreftspesifikk overleving.

Derimot, når ein såg på dødsfall uansett årsak, såg ein at kvinnene med kreft i livmorslimhinna og KMI over 25 hadde auka risiko for å døy innan ein 10-års periode, samanlikna med dei som var normalvektige.

Dette kan truleg forklarast med at overvekt aukar risikoen for ei rekke andre sjukdommar, som hjarte-karsjukdom og diabetes.

Ikkje berre feittmengde som avgjer

Når det så gjaldt om feittfordeling var relatert dødsfall av kreft i livmorslimhinna, måla vi feittmengde i buken, og såg på kor feittet var lagra.

Vi fann at dei som hadde ein høg andel feitt lagra rundt bukorgana oftare døydde av sin kreftsjukdom enn dei som hadde meir av feittet lagra i underhuda. Desse forskjellane i overleving var uavhengig pasientane si vekt og KMI.

Ut frå denne studien synest det som at korleis feittet er lagra er ein viktig faktor som påverkar risikoen for å døy av kreft i livmorslimhinna. Dette funnet mot overleving er sterkare enn funnet knytt til KMI. Det er fyrste gong nokon studerer samanhengen mellom feittfordelingsmønster og død av livmorkreft. Vi arbeider no vidare for å bekrefte dette funnet i ein større pasientserie, og også for å forstå kvifor det er slik. 

Kreften oppfører seg ulikt

I avhandlinga studerte vi også den vanlegaste forma for kreft i livmorslimhinna, såkalla endometrioid type. Dette utgjer omlag 80 prosent av alle svulstane, og er den typen som er antatt mest påverka av østrogenstimulering. Overvekt aukar produksjonen av østrogen, som igjen gir auka risiko for kreft i livmorslimhinna.

I denne studien undersøkte vi kva slags protein kreftcellene hadde «skrudd på» i relasjon til pasienten sin KMI. Vi fann tydelege forskjellar, spesielt i ein underkategori med antatt godarta svulstar.

Svulstane til dei som hadde KMI over 30 hadde oftare aktiverte hormonreseptorar, som mellom anna kan binde østrogen og dermed formidle hormonsignal vidare inn i cellene. Aktiverte hormonreseptorar er assosiert med god prognose, og pasienten treng vanlegvis ikkje tilleggsbehandling.

Svulstane til dei som hadde KMI mellom 20 og 30 hadde oftare aktiverte protein i MAPK-familien. Kvinner med KMI mellom 20 og 30 hadde òg dårlegare overleving enn dei med KMI over 30. MAPK-proteina inngår i ein signalveg som regulerer mellom anna cellevekst, uttrykk av gen og celledød. Feil i denne signalvegen er ofte involvert i kreftutvikling. Den kan difor være eit mogleg angrepspunkt for dei med aggressive svulstar.

Det er dei seinare år utvikla fleire medikament som blokkerer ulike protein i denne familien for å hemme vekst av kreftceller, men ingen er førebels i klinisk bruk ved behandling av kreft i livmorslimhinna.

Kan være lurt å behandle etter KMI

Gjennom dei ulike studiane i avhandlinga har vi funne biologiske forskjellar på kreftsvulstane knytt til KMI og feittfordelingsmønster. Forskingsgruppa vil arbeide vidare for å kunne utnytte dette i individtilpassa behandling.

Resultata frå studiane kan tyde på at ein i nokre tilfelle kan utnytte ulike medikament alt etter KMI og svulsttype, og forhåpentlegvis kan auka kunnskap på feltet komme pasientar til gode i framtida. Likevel er førebygging av overvekt og fedme det viktigaste einskilde tiltaket for å hindre nye tilfelle av kreft i livmorslimhinna.

Artikkelen vart fyrst publisert i Fotnoten, Kreftavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus sitt nettmagasin.

Powered by Labrador CMS