Stort prosjekt om barns mentale helse

Stadig fleire og yngre barn slit med alvorlege psykiske problem. Ei undersøking om barns mentale helse - den største på 30 år i Norden - blir no sett i gong i bergensområdet. Prosjektet heiter "Barn i Bergen".

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Den mentale helsa til alle barn i 2., 3. og 4. klasse i Bergen og Sund skal bli kartlagt. Bak forskingsprosjektet står Universitetsforskning Bergen ved HALOS/Regionsenter for Barne- og ungdomspsykiatri.

Spørjeskjema til foreldra

Skulebarna får med seg spørjeskjema heim, der foreldra skal svare på spørsmål om barnets kjenslemessige utvikling, og registrere eventuelle teikn til problem i kvardagen.

- For første gong kan vi bli i stand til å seie kor mange barn som treng hjelp, og kva slags hjelp dei treng, seier Einar Heiervang til Bergens Tidende. Han er overlege og førsteamanuensis ved Barne- og ungdomspsykiatrisk avdeling i Helse Bergen HF.

Hjelpa kjem for seint

Eit av problema innan ungdomspsykiatrien, er at det ofte tek lang tid frå eit barn viser teikn til angst, til det blir sett i gong hjelpetiltak. Frå Barne- og ungdomspsykiatrisk avdeling i Bergen blir det meldt at stadig fleire yngre pasientar slit med alvorleg depresjon, sjølvskading, spiseforstyrringar og åtferdsproblem.

- Mange barn strevar med liva sine, sjølv om dei fleste har det bra materielt sett, seier Heiervang til avisa. Han meiner det er viktig at barna får hjelp på eit tidlegare stadium.

To prosent får hjelp

I dag får vel to prosent hjelp innan barnepsykiatrien. Heiervang trur behovet er mykje større, og håpet er at ei dokumentering av situasjonen kan føre til auka ressursar.

Innsamling av data til undersøkinga vil halde fram til våren 2004, men i tillegg vil barna bli etterundersøkt fram til dei fyller 18 år. Dermed kan ein få eit utgangspunkt for å vurdere kva som er alvorlege teikn på mentale problem, og kva som ikkje er det. Heiervang trur dette vil bety mykje, også internasjonalt.

Powered by Labrador CMS