Denne artikkelen er produsert og finansiert av NIBIO - les mer.

Talet på kyr per mjølkebruk i Noreg har gått opp frå 9,6 dyr per bruk i 1979 til 28,0 i 2019. Her sankar dei gras til kyrne i Hardanger.

Sju sider ved eit norsk landbruk i endring

Ei ny årbok gir eit overblikk over norsk landbruk.

I 2019 åt vi 80 kilo grønsaker, 53 kilo potet og 20 kilo kylling. I 1989 var tala 60 kilo grønt, 80 kilo potet og 5 kilo kylling. Dagros mjølkar i dag vel 7000 liter i året, nær 2000 meir enn for ein mannsalder sidan. Overraska?

NIBIO-årboka Utsyn gir eit overblikk over norsk landbruk. Ei fersk utgåve er nyleg publisert kor ulike statistiske kjelder er brukte for å vise status og utvikling.

Endra jordbruksstruktur og forbruksmønster, auka produktivitet og betydninga av import står tydeleg fram.

Endring i sanntid over tid

Endringane som frå eit år til det neste knapt er synlege, kan over nokre tiår fortelje om endringar av langt vidare dimensjonar enn akkurat for dei åra målinga gjeld.

Når sanntid er blitt den nye normalen, kan dette virke sakte. Målt mot ein mannsalder, tida det tar å avløyse ein generasjon med den neste, rundt rekna 30–33 år, kan vi likevel sjå store endringar – også i jordbruket.

Av gardbrukarfamilien si samla inntekt i 2018, kom 36 prosent frå jordbruket. Talet er det lågaste i 10-årsperioden.

– Utviklinga har gått frå eit arbeidsintensivt til eit kapital- og kunnskapsintensivt landbruk etter andre verdskrig. Gardsbruka er blitt færre, større og meir spesialiserte, seier landbruksøkonom Heidi Knutsen som har vore redaktør for boka.

Før vi presenterer sju korte utdrag som kvar for seg fortel om ei utviklingsside ved norsk landbruk, kan det vere nyttig å sjå korleis jordbruksinntektene i Noreg fordeler seg på ulike produksjonar, nesten i sanntid – i 2019:

Utdraga i kursiv nedanfor er henta ordrett frå årboka Utsyn over norsk landbruk og omsett til nynorsk.

1. Færre og større gardsbruk, meir leigejord

Talet på jordbruksbedrifter har gått ned frå 99  400 i 1989 til 38  900 i 2019. Samtidig blir det gjennomsnittlege jordbruksarealet på dei jordbruksbedriftene som er i drift, stadig større.

I 1999 var det i gjennomsnitt 147 dekar jordbruksareal per eining, medan gjennomsnittsarealet i 2019 var 252 dekar. Av dette var omtrent 46 prosent leigejord. Leigejord har hatt aukande betydning gjennom heile etterkrigstida.

I 2019 hadde vi 700 færre jordbruksbedrifter enn i 2018. I 1959 hadde vi over 198 000. Nær 130 000 av desse hadde areal på 50 dekar eller mindre. Da utgjorde leigd jordbruksareal 12 prosent.

Parallelt med utviklinga, går talet på gardsbruk med husdyr kraftig ned. Likevel held produksjonsvolumet seg oppe fordi produktiviteten har auka. Hos SSB finn vi at jordbruket etter 1970 hadde langt større produktivitetsvekst enn industrien. Særleg sterk var produktivitetsauken frå 1990 til 2005 med ein gjennomsnittleg årsvekst på 4 prosent målt i bruttoprodukt per timeverk, nær det dobbelte av vekstraten for industrien i same periode.

Norsk jordbruksproduksjon har vore retta mot å dekke det innanlandske forbruket av varer det er naturleg å produsere i Noreg. Importen er størst for dei varene som det blir produsert mindre av enn forbruket vårt, i første rekke frukt og bær.

2. Færre mjølkekyr, mindre forbruk, fleire liter per ku

Mjølkekubestanden har gått jamt nedover og er redusert frå 391 100 mjølkekyr i 1980 til 215 200 i 2019. Nedgangen har samanheng med at mjølkeforbruket og samla mjølkeproduksjon er redusert.

Mjølkeytinga per ku har vore stigande sidan tusenårsskiftet, medan den samla mjølkeproduksjonen i denne perioden har vore relativt stabil med ein meierileveranse på cirka 1500 millionar liter per år.

I 2019 mjølka Dagros rett over 7000 liter på eit år. Det er rundt 2500 fleire liter enn for 40 år sidan.

Talet på mjølkebønder går prosentvis meir ned enn talet på dyr. I 1979 hadde Noreg 39 000 mjølkebønder. I 2019 hadde vi 7500. Det er ein nedgang på 80 prosent. Talet på mjølkekyr gjekk ned 45 prosent i same periode.

Mjølkeleveransen i 2019 var 80 prosent så stor som i 1989. I 2019 var talet på mjølkebønder 26 prosent av talet i 1989. Det var 62 prosent så mange mjølkekyr som i 1989.

3. Har kjøtforbruket nådd toppen?

Forbruket av kjøt frå husdyr, det vil seie storfe og kalv, sau/lam, svin og fjørfe var på eit førebels historisk høgaste nivå i 2017 med 369 100 tonn, omtrent ei dobling frå tidleg på 1980-talet. Auken blir noko lågare per innbyggjar på grunn av auken i folketal.

Med unntak av kylling har forbruk av alle kjøtslag gått noko tilbake dei siste to åra. Kyllingforbruket toppa seg i 2019 med 20 kilo per innbyggjar, frå 5 kilo i 1989.

Tabellen nedanfor gir status og snakkar for seg sjølv:

4. Norsk korn: Mest til dyrefôr

Det meste av kornet produsert i Noreg blir nytta til dyrefôr som kraftfôr. Av ein normalårsproduksjon på litt over 1 million tonn vil omtrent 80 prosent gå til kraftfôr.

I 2017 var delen matkorn 66 prosent, men gjekk ned til 36 prosent i 2018 på grunn av tørken dette året.

Kornarealet er redusert med 18 pro­sent frå toppåret 2001 til 2019. Gjennomsnittsareal per kornbruk var 82 dekar i 1979, 107 dekar i 1989 og 275 dekar i 2019.

Korndyrking skjer i hovudsak på Austlandet og i Trøndelag. Eng utgjer nesten 70 prosent av jordbruksarealet i Noreg og er berande for grasbaserte husdyrproduksjonar som mjølk og sau, spreidd busetting og anna.

Figuren viser arealfordeling i ulike delar av landet:

Korndyrkinga i Noreg er på flatbygdene på Austlandet og i Trøndelag der eigna dyrkingsforhold og tilgang på arbeidsplassar utanfor jordbruket er gode.

5. Økologisk jordbruk går ned

Arealet som blir drive økologisk, har gått ned etter 2013. Frå 2015 til 2016 auka det økologiske arealet, men gjekk ned igjen i 2017 og har halde fram å gå ned i åra etterpå. Frå 2013 til 2019 er det økologiske arealet redusert med 14 prosent. [-] Frå 2018 til 2019 har talet på husdyr i økologisk drift gått ned for dei grovfôrbaserte produksjonane.

Etter at det talfesta målet for økologisk jordbruk i Noreg gjekk ut av siste jordbruksmelding, har talet på økologiske jordbruksbedrifter og økologisk jordbruksareal gått jamt nedover.

I 2013 var det 2452 økologiske jordbruksbedrifter i Noreg. Seks år seinare var det 1976.

I Stortingsmeldinga om jordbruket, Meld. St. 11 (2016-2017), går det fram at regjeringa vil: «At utviklingen av den økologiske produksjonen skal være etterspørselsdrevet. Dette innebærer at det ikke lenger vil være et tallfestet mål for økologisk produksjon og forbruk.»

Og vidare: «Dette er ikke til hinder for at økologisk produksjon også fremover kan stimuleres over jordbruksavtalen.»

Skogbruket med tenester knytt til skogbruk sysselsette om lag 6 900 personer i 2018.

6. Jordbruket er viktig for andre næringar

Matindustrien er ein stor avtakar av jordbruksprodukt, og mykje av vidareforedlinga skjer her. Industrien har derfor stor betydning for verdiskaping og sysselsetting med omlag 49 200 sysselsette, nærare 2200 føretak og med ei omsetning på 206 milliardar kroner i 2018.

Bruttoproduktet, som er produksjonsverdi minus produkt­innsats, i jordbruket var på 16,1 milliardar kroner i 2017, i nærings- og nytingsmiddellindustrien var bruttoproduktet 45,7 milliardar kroner.

Sysselsettinga i jordbruket var 45 890 personar i 2017, medan nærings- og nytings­middelindustrien sysselsette 52 900.

7. Mest skog i Innlandet fylke – områda Hedmark, Oppland og Buskerud

Ser ein på fordelinga av produktivt skogareal, er ressursane ulikt fordelt. Av totalt 70 millionar dekar som blir forvalta av dei om lag 125 500 skogeigedomane, finn vi 27 prosent av arealet i Innlandet fylke.

Cirka 43,6 millionar skog­planter vart sette ut i 2019. Det er ein auke på 92 prosent samanlikna med 2009. Auka utplanting reflekterer det auka avverknadssnivået i skogen.

Jaktbart vilt utgjer ein stor økonomisk ressurs.

Jaktbart vilt

Jaktbart vilt utgjer ein stor økonomisk ressurs i skogbruket og for utmarks­om­råda. Det blir felt fleire hjort enn elg i Noreg. Det har vore ein markant auke i talet på felte hjort, medan talet felte elg har vore nokså stabilt dei siste tre åra.

Grasbasert jordbruk

I tillegg til strukturelle eller marknadsmessige utfordringar har norsk jordbruk ei tilleggsutfordring. Å dyrke mat så langt nord, der fjell og vidde utgjer nær halvparten av arealet, er på mange måtar ein ekstrem aktivitet.

–  Noreg ligg i ytterkanten av dyrkingsområdet for fleire viktige vekstar. Vi er til dømes eit av få europeiske land som ikkje dyrkar sukkerplanter. Klimaet gjer og sitt til at kornavlingane per arealeinig er mindre enn i mange andre europeiske land, kommenterer Heidi Knutsen.

Berre 3,5 prosent av samla landareal i Noreg, utanom Svalbard og Jan Mayen, er jordbruksareal. Skog dekker 37,4 prosent, fjell og vidde 45,9 prosent.

Geografi, topografi og klima avgrensar kva planteproduksjonar som er moglege og forklarer samtidig kvifor fôrdyrking, oftast gras, er største planteproduksjon i store delar av landet.

Av same grunnar har grovfôrbasert husdyrproduksjon så stor betydning i norsk jordbruk.

Referanse:

Heidi Knutsen: Utsyn over norsk landbruk. Tilstand og utviklingstrekk 2020.NIBIO-BOK;7(3) 2021.

Powered by Labrador CMS