Denne artikkelen er produsert og finansiert av NMBU - Norges miljø- og biovitenskapelige universitet - les mer.

Oppdrettslaks treng mykje mat for å vekse. I framtida kan fisken få fôr som ikkje er laga av fiskemjøl eller soya.

Slik kan laksen fordøye nytt fôr

Skal verda få nok mat, så treng oppdrettsfisken nok fôr. Det kan faktisk komma frå bakteriar og sopp – men klarer no eigentleg laksen å fordøye alt dette nye fôret?

– Vi er alltid på jakt etter nye råvarer. Vi reknar med at industrien kjem til å vekse, og da treng vi meir råvarer, seier Gunvor Baardsen.

Ho er sjef for kvalitet og ingrediensar i Skretting Aquaculture Innovation, som lagar fôr til havbruksnæringa.

Fôret var tradisjonelt laga av fiskemjøl og fiskeolje. I neste omgang kom soyaen. Han har vore kritisert, men i Noreg skal all soyaen komma frå område som ikkje er dyrka opp etter avskoging.

Gunvor Baardsen fortel at insektmjøl er ei av fleire råvarer som kan bli til mat for oppdrettslaksen.

Nye råvarer

Det er ei grense for kor mykje fiskemjøl og fiskeolje det går an å få frå naturen, forklarer Baardsen. No arbeider Skretting saman med forskarar og industri i eit nytt forskingssenter for industriell bioteknologi.

Gunvor Baardsen fortel om insektmjøl og eincella organismar som eksempel på nye og interessante råvarer.

Eincella organismar kan vekse på blant anna naturgass. Dei eincella organismane produserer protein og feitt, som igjen kan bli brukt som råvarer til fiskefôr.

Raske og gode svar

Men det hjelp ikkje kor gode teoriane er om ikkje laksen klarer å få nytte av næringsstoffa i fôret han får. I dag må fôrprodusentane prøve og feile.

Når dei skal teste nye råvarer, lagar dei fôr med dei nye råvarene og gir det til fisk. Så analyserer dei prøver av råvarene, fôret og avføringa til fisken slik at dei kan rekne ut kor mykje av næringsstoffa i råvaren som blir fordøydd.

Likevel: Er du ikkje nøydt til å gjera forsøk på dyr, så vil du helst unngå det.

– Det tek tid og masse ressursar, seier Baardsen.

– Det vi treng, er ein metode slik at vi kan måle på laboratoriet om råvarene er fordøyelege slik at vi ikkje treng å fôre fisken med dei. Det nyttar ikkje å fôre med høgverdig protein om ikkje fisken fordøyer det, forklarer ho.

Professor Svein Jarle Horn testar kor godt laksefôret er utan å gje det til levande laks.

Ikkje undersøkt før

Svein Jarle Horn kan hjelpe med fôret. Både med å laga næringsrikt fôr i form av eincella organismar og med å finne ut kor godt fisken fordøyer det.

– Det har ikkje vore undersøkt grundig korleis laksen fordøyer fôr. Det er rart, så enorm som den næringa er, meiner han.

Horn er professor ved NMBU. Der veit forskarane meir enn kanskje nokon andre om enzym. Det er enzyma som avgjer kor godt laksen fordøyer fôret sitt, også.

– Vi undersøker kva for enzym laksen bruker for å fordøye fôret. Med bioteknologi kan vi sjølve produsere desse enzyma og studere dei i detalj, seier Horn.

– Vi har jobba mykje med å bruke mikrobar som ein del av fôret, seier professor Svein Jarle Horn.

Prøverøyrsfôr

Alt dette skal han gjera på laboratoriet, in vitro, som det heiter på forskarspråk. Det vil seia at han gjer det utanfor kroppen på laksen – i eit prøverøyr eller ein bioreaktor.

– Skretting er interesserte i å kunna teste fôr og fôringrediensar. Gjer vi det i laksen, tek det lang tid. Enzymatisk in vitro-testing kan vi gjera på kort tid og med små mengder fôr. Det endelege målet er å få til at dei kan teste nye fôrblandingar raskt og effektivt utan å gjera dyre fôringsforsøk, fortel han.

Grunnen er ganske enkel: Jo betre laksen kan fordøye fôret sitt, jo meir veks han. Med andre ord: Jo betre fôr til laksen, jo meir mat til menneska.

– Skretting er òg på jakt etter nye fôringrediensar og meir berekraftig fôr. Her på NMBU har vi jobba mykje med å bruke mikrobar som ein del av fôret og som ei kjelde til protein og oljer. Det er aktuelt her, seier Horn.

Fôr frå gass

I tillegg arbeider forskingssenteret for industriell bioteknologi med å laga fôr direkte frå gass. Da matar dei bakteriar med metan eller hydrogen og CO₂.

Det er over 30 år sidan danske forskarar byrja å fôre bakteriar med metan, oksygen og mineral. Så kunne bakteriane bli dyrefôr. Statoil og Nycomed kjøpte opp teknologien og laga selskapet Norferm, som produserte bakterielt fôr tidleg på 2000-talet.

– Nå er dette tilbake, men nå er fokuset å dyrke bakteriar på CO₂ og hydrogen, fortel Svein Jarle Horn.

Senter for industriell bioteknologi

  • Senteret er eit senter for forskingsdriven innovasjon.
  • Det bruker moderne bioteknologiske metodar, enzym og mikroorganismar til å lage medisin, fiskevaksinar, enzym, mat, fôr, biogass og biomateriale og kjemikaliar.
  • Partnarar: SINTEF, NORCE, NMBU, NTNU, ArcticZymes Technologies, Second Circle, Norilia, Vesterålen Havbruk, Vectron Biosolutions, Xellia Pharmaceuticals, Borregaard, Biocatalysts, Tine, Pharmaq, AlgiPharma, IFF, Renevo, Nutrimar, Skretting, Gas2Feed og Eyde Cluster.

forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER

Powered by Labrador CMS