Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Agder - les mer.

Havet blir varmare langs kysten og det er ikkje godt nytt for alle fiskeslag. (Foto: CCR/Havforskningsinstituttet)

Forskarar bekymra for livet i havet langs sørlandskysten

Utbygging, overfiske og klimaendringar truar livsmiljø langs kysten. Marinbiologar håpar meir kunnskap kan redde artar og økosystem.

– Dei siste tiåra ser vi at kystsona, meir enn noko anna økosystem, er trua av menneskeleg påverknad. Avrenning frå landbruket, klimaendringar, urbanisering og forureining er nokre av årsakene, seier professor Halvor Knutsen, leiar av Senter for marin forsking ved Universitetet i Agder.

Knutsen og 30 forskarkollegaer ved senteret forskar på det som skjer i havet langs kystsona. Torsk, leppefisk, hummar, aure, flått, krypsiv, vitamin, ernæring og taredyrking er nokre av temaa.

Forskarane håper resultata kan hjelpe til å løyse nokre av utfordringane i kystsona.

– Utbygging øydelegg sårbare livsmiljø langs kysten. Overfiske reduserer artar, biologisk mangfald og endrar økosystemstrukturen i havet. Klimaendringar fører til eit forsterka press frå dei andre meir direkte menneskelege påverknadene, seier Knutsen.

Målet for forskarane er å auke innsikta om korleis endringar langs kysten påverkar organismar, artar og økosystem.

– Samstundes må vi forske på korleis vi kan restaurere økosystemet eller reversere og redusere effektane av klimaendringar, seier Knutsen.

Færre torsk langs sørlandskysten

– Vi må forske på korleis vi kan restaurere økosystemet, seier Halvor Knutsen, leiar av Senter for marin forsking. (Foto: CCR/Havforskningsinstituttet)

Dei marine forskarane kallar torsken ein nøkkelart. Dersom han blir borte, vil det kunne få store konsekvensar for andre artar i havet.

Forskaren Even Moland frå Senter for marin forsking byter batteria og lastar ned data frå ei såkalla lyttebøye. Bøya kan seie noko om korleis artane oppfører og beveger seg.

Forskarane har sett på oppdeling av bestandar av torsk i Skagerrak. Dei har funne at nordsjøtorsken og den lokale fjordtorsken ikkje kryssar fritt med kvarandre. Dei har testa DNA og merka torsken og andre artar for å følgje med på korleis dei oppfører seg og kven som fiskar på dei. Nokre artar held seg i eit mindre område, mens andre har større område dei bevegar seg mellom.

Dei siste åra har både havforskarane og mange sørlendingar vore opptekne av torskebestanden langs sørlandskysten. Det blir stadig færre kysttorsk, og forskarane forsøker å finne ut kvifor han blir borte.

– Det kan vere fleire grunnar til at det blir mindre torsk. Havet blir varmare og det liker ikkje torsken. Klimaendringar gir ein havtemperatur på 16–17 grader og oppover om sommaren. Det gjer at torsken trekker nedover i djupet. Der finst det ikkje like mykje mat som nærare overflata, seier Knutsen.

Temperatur og mattilgang endrar seg også for småtorsken når planktonsamfunnet blir endra.

– Når livsgrunnlaget er litt redusert for torsken, blir torskebestandane i sørlandsfjordane sårbare for fiske frå yrkes- og fritidsfiskarar, seier Knutsen.

– På svenskekysten er det dei siste 20 åra blitt drastisk færre torsk langs kysten. Liknande tendensar er observert i austre deler av kysten på Sørlandet, seier Knutsen.

I enkelte område i Kragerø er det nå blitt restriksjonar på fritidsfiske på torsk i gytetida.

Forskarane forsøker å finne ut kvifor det blir stadig færre kysttorsk. (Foto: CCR/Havforskningsinstituttet)

Får data frå tradisjonsrik forskingsstasjon

Senter for marin forsking er eit toppforskingssenter ved Universitetet i Agder. Det blir drive i samarbeid med Havforskningsinstituttet i Flødevigen i Arendal, ein forskingsstasjon som i ei årrekkje har samla inn data langs Sørlandskysten.

I tillegg til data frå eigne feltarbeid, har forskarane ved universitetet tilgang til data frå stasjonen

Havforskningsinstituttets forskingsstasjon i Flødevigen i Arendal er ein av Europas eldste institusjonar innan havforsking. (Foto: CCR/Havforskningsinstituttet)

Mellom anna har forskarar i Flødevigen heilt sidan 1919 og fram til i dag samla inn data på artar langs kysten i Noreg ved hjelp av ei strandnót.

Nóta har form som eit stort garn, og er trekt frå Vest-Agder og heilt til svenskegrensa. Ho hentar inn artar frå over 20 område langs kysten, og er ei unik informasjonskjelde om det som finst i havet og endringar som går føre seg over tid.

Ved å samanlikne funn i strandnóta frå år til år ser forskarane no endringar i mangfaldet av artar langs kysten.

– I nóta ser vi til dømes no fleire varmekjære artar og artar frå sørlegare strøk som vi ikkje har sett tidlegare. Endringar i artssamansetnaden i havet kan føre til at enkelte artar ikkje får maten dei treng for å overleve. Då kan vi risikere at samansetnaden av artar i kystsona blir endra, og at dagens sentrale artar blir reduserte eller heilt borte, seier Knutsen.

Strandnóta er ei god informasjonskjelde om det som finst i havet. (Foto: CCR/Havforskningsinstituttet)

Forsking for framtidas kystsone

– Status som toppforskingssenter gir oss ekstra tyngd. Vi har no sjansen til å utvikle meir generell kunnskap om korleis det går med kyst- og havområda rett utanfor vindauga våre, seier Knutsen.

Mange av masterstudentane i kystsoneøkologi ved UiA koplar praksisen til havforskingssenteret i Flødevigen der dei mellom anna lærer korleis menneskelege aktivitetar påverkar økosystema langs kysten.

– Denne utdanninga har vore ein føresetnad for at forskingsmiljøet innan havforsking på Universitetet i Agder skal kunne utvikle seg, seier Knutsen.

I regionen er senteret no eit knutepunkt innan kystsoneforsking.

– Vi har medlemmar frå alle relevante institusjonar i Sør-Noreg. Havforskningsinstituttet skal levere kunnskapsbaserte råd for framtidas kystsoneforvaltning. Då er det viktig at vi samarbeider godt og leverer solid forsking som hjelper dei, seier Halvor Knutsen.

Powered by Labrador CMS