Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Agder - les mer.
– Dei modige og mest aktive sjøaurane blir fiska av fritidsfiskarar, seier Susanna Huneide Thorbjørnsen. Ho har har forska på personlegdomen til fisken og er her avbilda under feltarbeid. (Foto: Tor Birkeland, Havforskingsinstituttet)
Dei tøffaste sjøaurane blir fiska først
Personlegdomen til sjøauren avgjer om du får han på kroken. Sporing av åtferda til sjøauren over tid visar store variasjonar i personlegdomen til fisken. Nokre har større sjanse for å overleve enn andre.
– Nokre er modige og tar større sjansar til dømes når dei leiter etter mat. Dette kan føre til at dei er meir utsett for å bli eten av annan rovfisk eller bit på kroken din når du fiskar. Andre vil holde seg meir trygge, men bruker da lengre tid på å skaffe seg nok mat til å vekse seg større.
Det seier marinbiolog Susanna Huneide Thorbjørnsen som har forska på åtferda til sjøaure for å finne ut om dei ulike individa gjentek åtferda frå ein periode til ein annan.
Nyleg vart ho tildelt doktorgrad for sitt forskingsarbeide. Ho er knytt til Senter for marin forsking ved Universitetet i Agder og til Havforskingsinstituttet i Flødevigen i Arendal.
– I biologien seier vi at konsistent åtferd over tid er personlegdomen til ein art, seier Huneide Thorbjørnsen.
Forsakeren samla inn data i Tvedestrandsfjorden frå 2013 til 2018. Her ligg Noregs einaste marine reservat, i eit verneområdet på kring 1,5 kvadratkilometer med totalforbod mot fiske.
Merka sjøaure sender lydsignal
Sjøauren er spora ved hjelp av akustisk telemetri. Det vil seie at ho fangar fisken og opererer eit lite merke inn i buken på han. Dette merket sender ut lydsignal til lyttebøyer som er plassert ut i fjorden.
– Vi har over 50 lyttebøyer plassert i Tvedestrandsfjorden. Vi kan sjå på djupne og akselerasjon og rekne på posisjonen til fisken, forklarar Huneide Thorbjørnsen.
Havforskaren har sett nærmare på heimeområde og aktivitetsnivået til sjøauren.
– Sjøaurane i Tvedestrandsfjorden har store variasjonar i personlegdommen. Nokre er veldig aktive og svømmer over store område – både i og utanfor det marine reservatet. Andre er meir reserverte og held seg i mindre område. Dei som held seg i verneområdet, er mindre utsett for å bli fiska, seier Huneide Thorbjørnsen.
På lysare dagar og i sommarhalvåret ser ein også at sjøauren generelt er meir aktiv.
Personlegdom kan vere arveleg
Tidlegare studiar viser at personlegdom til artar kan vere arvelege. Fritidsfiskarar kan dermed vere med å påverke seleksjonen hos fisk.
– Det er dei modige og mest aktive sjøaurane som blir fiska av fritidsfiskarar. Dei er tøffare og tar større risiko, seier Huneide Thorbjørnsen.
Tidlegare studiar viser også at det er dei tøffe og mest aktive fiskane som veks raskast og som dermed kjem i reproduktiv alder først.
Verneområde gjer beskyttelse
I resultata til Huneide Thorbjørnsen ser ho at sjøaure som beveger seg i eit lite område i reservatet er spesielt trygg. Dei som er meir aktive og på den måten beveger seg både i og utanfor reservatet, har mindre sjanse for å overleve.
– Dei vil ofte svømme utanfor verneområde og aukar dermed risiko for å bli fiska, seier Huneide Thorbjørnsen.
Annonse
Derimot har sjøauren utanfor verneområdet større sjanse for å overleve når dei beveger seg over større område. Det kan hende at desse svømmer ut og inn i verneområde og oppnår vern.
– Ved å tilføre ein variasjon i vern mot fiske kan verneområde eller nettverk av verneområde hjelpe oss å halde ved like eit spekter av personlegdom og mønster av åtferd hos fiskepopulasjonar. Dette er viktig når fisk skal tilpasse seg utfordringane i miljøet dei lev i, seier Huneide Thorbjørnsen.
Bestanden aukar
Huneide Thorbjørnsen har også sett på korleis det står til med bestanden av sjøaure langs Sørlandskysten.
Her har ho fått hjelp av strandnotserien til Havforskingsinsituttet i Flødevigen i Arendal. Heilt sidan 1919 og fram til i dag har forskarane samla inn data på artar langs kysten i Noreg i denne dataserien. Strandnotserien er ei unik informasjonskjelde om det som finst i havet og endringar som går føre seg over tid.
– På Skagerrakkysten ser vi at bestanden av sjøaure har auka sida 80-talet og fram til i dag, seier Huneide Thorbjørnsen.
I 1979 blei det innført forbod mot å fiske sjøaure med garn i Noreg. No er det berre lov å fiske med stong. Dette kan vere ein av hovudårsakene til at bestanden har auka.
Referanse:
Susanna Huneide Thorbjørnsen: Personality of sea trout. A case study on ecology, conservation and dynamics in coastal Skagerrak. Doktogradsavhandling, Universitetet i Agder (2019)