Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Viss grunnvatnet seinkast, kan det gå ut over gamle bygg som står på trepilarar i grunnen. Massiv byggeaktivitet i Bjørvika i Oslo har medført seinka grunnvassnivå, noko som kan få følgjer for eldre bygardar i sentrumsområdet.

Grunnvatnet vårt – skatten heile Noreg har, men ingen ser

I dag byggjer vi bustader og infrastruktur utan å ta omsyn til ein av våre aller viktigaste ressursar, ifølgje ein ny studie.

Publisert

Grunnvatnet er usynleg for oss, men det betyr ikkje at det er uviktig: Kjem det ut av balanse, kan bygningar skadast, økosystem forsvinne og kornåkrar tørke ut.

No tydar ein ny studie på at norske styresmakter veit altfor lite om denne ressursen.

– Skal vi ta vare på grunnvatnet, treng vi å vite kor mykje vi har, kvar det er og korleis det fornyast. Vi må også vite kor mykje som blir brukt og kvar det er sårbart. Denne kunnskapen har vi ikkje i Noreg, seier forskar Gunnhild Storbekkrønning Solli.

Ho har nyleg tatt doktorgraden om grunnvatn i norsk rett ved Det juridiske fakultet på Universitetet i Oslo.

Gunnhild Storbekkrønning Solli si avhandling er den første juridiske analysen av korleis grunnvatn er regulert i norsk rett.

Tilfredsstiller ikkje EØS-krava

Norske forvaltarar har så lite kunnskap om grunnvatn at Noreg ikkje oppfyller pliktene sine etter EØS-avtalen. Det europeiske vassdirektivet stiller krav til handteringa av både grunnvatn og overflatevatn, og i Noreg er direktivet implementert i vassforskrifta.

Noreg har altså gjort jobben sin med å gjennomføre direktivet i norsk rett. Men her stoppar det, ifølgje Solli.

Noreg er inndelt i 15 vassregionar, og vassforskrifta stiller krav til desse, som dei er langt frå å oppfylle.

– Fleire regionar skriv i forvaltningsplanane sine at tilstanden til grunnvatnet i liten grad er vurdert. Dei skriv også at den regionale kompetansen om grunnvatn er låg. Ingen regionar har oppfylt vassforskrifta sine krav, seier Solli.

Mange ukjende førekomstar

vann-nett.no, som er den offisielle nettstaden for registrering av vassførekomstar i Noreg, var det i november 2019 registrert 1 892 førekomstar av grunnvatn. Tilstanden deira er ikkje registrert. Truleg finst det mellom 8 000 og 10 000 førekomstar totalt.

– Det manglar politisk vilje til å setje inn ressursar for å kartlegge førekomstar av grunnvatn. Det manglar også vilje til å lage tiltaksplanar som omfattar grunnvatn slik direktivet krev, meiner ho.

Tiltaksplanar fortel om kva tiltak som skal setjast i verk for å oppretthalde, betre eller unngå svekking av miljøtilstanden i vatnet. Planane lagast for seks år.

Kan skade avlingar og økosystem

Når kunnskap manglar, blir avgjerder tatt utan fagleg grunnlag. Det betyr for eksempel at eigarar eller brukarar kan hente ut meir grunnvatn enn det som kjem til gjennom nedbør.

Kommunar kan også gje løyve til utbyggingar på stader der det går hardt ut over grunnvatnet.

– For eksempel er mange norske dalføre rike på grunnvatn, men dei brukast samtidig til jordbruk, vegar og bustader. Slik menneskeleg aktivitet kan kome i konflikt med grunnvassressursane, seier Solli.

Fell grunnvatnet bort i eit område, kan konsekvensane bli store, både for jordbruket, økosystema og innbyggjarane. Mellom anna kan forureining i grunnen akselerere og drikkevasskjelder bli borte.

Kan skade bygningar

Bortfall av grunnvatn kan også skade eksisterande bygningar. I bakken fyller grunnvatnet tomromma mellom stein, sand og jord og alt som rører seg. Når det forsvinn, blir tomromma fylte av luft i staden.

– Då T-banetunnelen til Holmenkollen vart laga, vart grunnvatnet på Majorstua drenert bort. Leirmassane i grunnen vart ustabile. På overflata fekk du skadar på bygningsmassen, som sokk på grunn av ras, seier Solli.

Oslo har også eit anna problem. Mange av dei gamle bygardane er bygde på trepilarar som står i grunnvatnet. Viss grunnvatnet seinkast, kjem det luft til, og dei rotnar. Dette kan skade bygningane. Bryggen i Bergen har hatt det same problemet.

Nesten alt ferskvatn er grunnvatn

Globalt er 97 prosent av alt tilgjengeleg ferskvatn grunnvatn. Elvar og innsjøar utgjer altså berre tre prosent.

– Eg vil tru at dei fleste synast dette talet er ganske overraskande. Men grunnvatnet har ein akilleshæl, og det er at det er usynleg for oss. Kanskje gjer det at vi tenkjer at det ikkje er så viktig?

Dessutan har vi alltid hatt mykje vatn i Noreg, legg ho til.

– Kanskje har vi trudd at det alltid vil vere slik.

Overutnytting av grunnvatn er eit stort problem på verdsbasis, og det akselererer med klimaendringane. I Noreg har vi ikkje desse utfordringane i same grad, men vi slepp ikkje unna, her heller, ifølgje Solli.

Klima i endring

Klimaendringane ventast nemleg å ta med seg både tørkeperiodar og ekstremt våte periodar i Noreg. Grunnvatnet er svampen som tar opp vatn når det er for mykje og slepper det ut når det er tørke.

Blir det veldig vått, slik det var vinteren 2019, risikerer vi at grunnvassbassenga blir overfylte, og vi kan få flaum. Då er det også ein auka risiko for at overflatevatnet forureinast, noko som kan gå utover kvaliteten på grunnvatnet.

– Sommaren 2018 var det fleire medieoppslag om tørre grunnvassbrønnar. Ifølgje klimaforskarar må vi sannsynlegvis vente oss periodar med lågare grunnvassnivå også i framtida, seier Solli.

– Ein stum tenar

Eit av Solli sine hovudfunn er at grunnvatn er ein lite påakta, lite regulert og lite forvalta ressurs i Noreg. Det er få reglar som er direkte tilpassa grunnvatn. I vassressurslova er for eksempel reglane om grunnvatn gjerne baserte på reglar for overflatevatn.

At Noreg dessutan er såpass langt frå å oppfylle krava i det europeiske vassdirektivet, var ei overrasking for Solli.

– Grunnvatn er overalt. Det er ein stum tenar som leverer tenester til økosystema våre, som alle – både dyr og menneske – er avhengige av. Men denne stumme tenaren verdset vi ikkje i Noreg, seier ho.

Grunnvatn er viktig i ei heilskapleg vassforvaltning og samfunnsplanlegging, meiner ho. Men skal ein forvalte grunnvatn rett, treng ein kunnskap som styresmaktene i dag ikkje har.

– Det vil krevje ressursar å skaffe denne kunnskapen, men på sikt vil vi kunne spare enorme verdiar viss vi klarer å forvalte vassressursane våre riktig.

Grunnvatn i Noreg

  • Grunnvatn er det vatnet som fyller porar og sprekker i grunnen.
  • Det er godt eigna til drikkevatn fordi det kan ha god kvalitet, vere lite utsett for forureining og ha stabil temperatur.
  • Grunnvatn utgjer cirka 15 prosent av vassforsyninga i Noreg. Grunnvasskjelder er særleg viktige i distrikta. I Danmark, Østerrike og Island utgjer grunnvatn meir enn 95 prosent av totalt drikkevassforbruk.
  • I Noreg brukast grunnvatn også til anna vassforsyning der det stillast spesielle krav til vasskvalitet, som settefiskanlegg og næringsmiddelindustri. Grunnvatn brukast dessutan til produksjon av geotermisk energi og til vatning i jordbruket.

Referanse:

Gunnhild S. Solli: Ute av syne, ute av sinn ‐ om rettigheter til og forvaltning av grunnvann i norsk rett, doktorgradavhandling, Universitetet i Oslo 2020. Sammendrag.

Powered by Labrador CMS