Erlend Langhelle, Irene Huse, Anne Kari Sveistrup og Stine Karlson sorterer fangsten frå ein botntrål. (Foto: Erlend A. Lorentzen / Havforskingsinstituttet)

Slik sjekkar forskarane korleis det går med livet i Barentshavet

Fisk, fugl, kval, sjøpølser, radioaktivitet, mikroplast og meir til. Bli med om bord på forskingsfartøyet «G.O. Sars».

Sidan 2004 har norske og russiske havforskarar samla inn kunnskap om Barentshavet «frå topp til tå» i det årlege økosystemtoktet. I år dekte fire fartøy godt over 200 prøvetakingsstasjonar spreidd ut over havet frå Tromsø i nord ‒ om Svalbard ‒ og til Novaja Semlja i aust.

Fortel kor mykje fisk som kjem

Sidan forskarane gjentar toktet kvart år, kan havforskarane sjå på utviklinga i det viktige havområdet over tid. Dei har til dømes kunne vise at fisken i Barentshavet flyttar nordover på grunn av klimaendringar.

Toktet lèt forskinga gi gode råd til styresmaktene om kor mykje av dei ulike bestandane det er forsvarleg å hauste. Kor mykje skrei og lodde som er på veg til å bli vaksne, gir ein peikepinn på bestandsutviklinga i åra som kjem.

Og i økosystemet heng alt i hop.

Kvar prikk på kartet er ein såkalla stasjon der forskarane tar ulike prøver. (Foto: Erlend A. Lorentzen / Havforskingsinstituttet)

Kva gjer forskarane eigentleg på eit slikt tokt?

7. september 2018 gjekk forskingsskipet «G.O. Sars» ut frå Tromsø i den første av to etappar.

På kvar stasjon tar mannskap og forskarar ei rekke prøvar som dei blant anna brukar til å tolke bilde frå ekkoloddet.

Dei begynner enkelt og greitt med å fiske. Først ut er den såkalla pelagiske trålen. Han fangar fisk og dyr som svømmer i dei frie vassmassane.

(Foto: Erlend A. Lorentzen / Havforskingsinstituttet)

Tar stikkprøver av årets fiskekull

– Noko av det viktigaste vi fangar i denne trålen er nullåringane. Altså torsken, hysa og lodda som blei klekte tidlegare i år. Saman med bilde frå ekkoloddet, seier fangsten noko om kor mykje avkom fisken produserte, fortel forskingsteknikar Erlend Langhelle.

– Kor mykje fisk som veks opp, er viktig for dei andre artane i økosystemet og seinare for fiskeriet.

Teknikarane sorterer all fangsten i trålen. Dei tel og veg enkeltindivid. Dei må også ta ut øyresteinar, magesekkar og andre organ frå nokre av fiskane. Øyresteinen har årringar som teknikarane kan telje under mikroskop.

Forskar Irene Huse tar imot ein nullåring til frysen. (Foto: Erlend A. Lorentzen / Havforskingsinstituttet)

Fiskar plankton med håv

Etter den første trålen ligg båten i ro. Mannskapet senkar to riggar til botnen og opp igjen. Vasshentaren består av ei rekke sylindrar i ei ramme med vaierar og mekanismar på kryss og tvers. Han tar med seg vatn frå ulike, førehandsbestemte djup til overflata.

Frå denne tappar teknikarane små flasker som dei analyserer på land. Då finn dei kor mykje planteplankton det er i vasslaga. Planteplanktonet kan høste energi frå sollyset og er grunnlaget for alt anna liv i havet.

Den andre riggen er ein finmaska håv som fangar dyreplankton, som raudåte og kril. Desse dyra et gjerne planteplankton. Dei er altså nummer to i næringskjeda i havet.

– Vi siler fangsten gjennom tre ulike filter for å sortere dyra etter størrelse. Dei minste «prikkane» er kopepodar som raudåte. Dei større dyra er pilorm og kril, fortel teknikar Alina Rey.

Slike "skålar" med raudåte set forskarane i stand til å rekne ut kor mykje det er av desse viktige dyra i havet. (Foto: Erlend A. Lorentzen / Havforskingsinstituttet)

Botntrål avsluttar stasjonen

På veg ut av prøvestasjonen skyt mannskapet ein botntrål. Denne fangar dyra som lever i og på havbotnen. For teknikarane kan sorteringsjobben bli formidabel.

– Vi får botnfisk som torsk, flyndre, uer og steinbit. Vi får også reker, krabbe og alle dei snåle botndyra. Bentos kallar vi denne faunaen, seier Erlend Langhelle.

For loddebestanden er toktet særleg viktig. Målingane er nemleg utgangspunktet for forskarane når dei reknar ut kor stor bestanden er og kor mykje det er forsvarleg å fiske. I år kunne norske og russiske fiskarar ta 205 000 tonn, mens det ikkje var loddekvote i 2017.

Lodda opptrer i begge trålane. (Foto: Erlend A. Lorentzen / Havforskingsinstituttet)

Driv havforsking også mot himmelen

Når skipet ikkje er på stasjon, men stimar vidare, sit det til kvar tid tre observatørar i styrhuset. To av dei registrerer sjøpattedyr og søppel i overflata. Sistemann tel fugl.

– Kvart tiande minutt tar eg eit mentalt skjermbilde der eg noterer dei ulike sjøfuglane framfor båten. Særleg i tider med global oppvarming er denne årlege oversikta viktig, seier fugleobservatør Trevor Charlton.

Kvalobservatør Yasmin Hunt har fortøydd svingstolen. Ho skal berre dekke babord synsfelt. (Foto: Erlend A. Lorentzen / Havforskingsinstituttet)

Sjekkar for radioaktivitet på utvalde stader

På enkelte av stasjonane, tar forskarane spesialprøver for å sjekke nivåa av forureining i vatn, havbotn og dyreliv. Denne jamlege overvakinga skal sikre at vi berre et trygg sjømat.

Med ein spesiell grabb hentar forskarane opp ein kvart kvadratmeter havbotn fint bevart i ein boks. Frå «kakestykket» tar dei ein kjerneprøve der kvart lag representerer nokre år med sedimentering, men også forureining.

– Frå kjernen kan vi finne igjen store forureningshendingar i verdshistoria. Sellafield- og Tsjernobyl-utsleppa ligg i kvar sine lag, fortel miljøkjemikar Hilde Elise Heldal.

Vidare skal ho ta dei faste målingane rundt vraket av den russiske atomubåten Komsomolets.

Hilde Elise Heldal skjer ut lag av ein kjerneprøve. Desse skal ho fryse om bord, før ho tørkar, malar og analyserer dei på land. (Foto: Erlend A. Lorentzen / Havforskingsinstituttet)

Gjentar målingane 64 gonger til

Når «G.O. Sars» legg til kai i Longyearbyen etter den første av sine to etappar, har skipet vore innom 55 stasjonar. Forskarane har fått prøver av 17 000 dyr frå sjøen og skipet har lagra 2,6 terrabyte med ekkoloddbilde. I frysen ligg det lever, magesekkar, krill, mikroplastprøver, havbotn, sjøpølser og snøkrabbe.

I løpet av september var «G.O. Sars» innom 64 stasjonar til før dei avslutta i Kirkenes.

Fakta om «G.O. Sars»

Verft: Flekkefjord Slipp og Maskinfabrikk

Byggeår: 2003

Lengd: 77,5 meter

Breidd: 16,4 meter

Tonnasje: 4067 brt

Mannskap: 15 personar

Maskineri: Dieselelektrisk, 8100 kw

Lugarar: 19 enkle og 13 doble

Namn: Etter vår første havforskar, Georg Ossian Sars (1837‒1927).

Tråling: 18 meter breitt tråldekk, fire vinsjar og plass til to sett tråldører.

Midtskips er det ein stor miljøhangar med seks vinsjar med inntil 6000 meter kabel for seinking av ulike riggar og instrument.

(Foto: Erlend A. Lorentzen / Havforskingsinstituttet)

Powered by Labrador CMS