Slik isolerer du ditt eige DNA på kjøkenbenken

Nokre få enkle ingrediensar er alt du treng for å få fram ditt eige DNA.

Publisert
Spytt, vatn, salt, såpe og isopropanol er alt du treng for å isolere. (Foto: NRK)
Spytt, vatn, salt, såpe og isopropanol er alt du treng for å isolere. (Foto: NRK)

I samarbeid med:



 

Denne saken er produsert av NRK.

Til vanleg er DNA-et rulla opp inne i cellene våre, men det går faktisk an å få det ut og sjå på det, på ditt eige kjøken! Kvar einaste celle i kroppen vår inneheld ein meter DNA.

Her er alt du treng:

  • 5 desiliter vatn
  • 3 spiseskeier salt
  • Ein drope såpe
  • 100 milliliter isopropanol

Gurgle saltvatn

Tilsett først saltet i vatnet og rør godt til alt saltet er løyst opp. Ta så 3 spiseskeier av saltvatnet over i eit glas.

Gurgle saltvatnet i munnen i eitt minutt, og spytt ut i eit nytt glas. Oppi dette vatnet er det no massevis av celler.

DNA blir felt ut som eit slim med hjelp av isopropanol. (Foto: NRK)
DNA blir felt ut som eit slim med hjelp av isopropanol. (Foto: NRK)

Sett til ein drope såpe til spyttblandinga. Dette gjer at cellene blir øydelagde, og DNA-et kjem ut i vatnet. Rør forsiktig i løysinga så det ikkje blir boblar.

Isopropanol

For å sjå DNA må du så tilsette alkohol. Mål opp 100 ml isopropanol. Hald glaset med saltvatn litt på skrå og hell isopropanolen forsiktig oppi slik at det legg seg som eit lag på toppen.

No er det berre å vente på at det usynlege DNA-et i vatnet skal klumpe seg så det blir synleg. Dette skjer etter berre om lag 2,5 minutt.

Når du ser eit slim danne seg i løysinga, kan du fiske det opp med ein pinne eller eit sugerøyr.

Dette slimet er det som gjer deg til den du er!