Dette skjer i hjerneceller når eit minne blir danna

Forskarar har for første gong klart å visualisere prosessen som skjer i ei hjernecelle når minne blir danna. – Dette er grunnforsking som er kjempeviktig for detaljkunnskap om blant anna hukommelse, seier norsk forskar.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

I samarbeid med:


 

Minnet om ditt første kyss, dagen du fekk lappen, eller kva du åt til middag i går, alt dette ligg lagra i nettverk av hjerneceller i hjernen vår.

For at eit nytt minne skal bli laga må koplingar mellom hjerneceller bli forsterka. No har amerikanske forskarar utvikla ein metode for å visualisere korleis denne prosessen skjer i hjerneceller hos mus.

I to studiar publisert i Science skildrar forskarane ein ny metode for å sette sjølvlysande (fluorescerande) merkelappar på protein som er involvert i prosessen, slik at ein kunne sjå korleis cella fraktar proteinet omkring inne i cella i sanntid. (Sjå video over).

Hippocampus

Nerveceller er svært følsame for forstyrringar. For å kunne kikke djupt inn i nerveceller utan å skade dei, utvikla teamet ved Albert Einstein College of Medicine i USA ein musemodell der dei sette sjølvlysande knaggar på cellas bodbringarar, m-RNA, som kodar for eit protein (beta-actin) som ein trur er svært viktig for å danne minne.

Om du skulle vere litt rusten i cellebiologi, så er mRNA eit molekyl som kopierer genetiske oppskrifter frå DNA, og som deretter får cellene til å lage protein basert på oppskrifta.

Forskarane stimulerte hjerneceller frå hippocampus hos mus, senteret i hjernen der minne blir danna og lagra, og kunne så observere glødande mRNA bli laga inne i cellekjernen, og deretter bevege seg til nervecellenes forgreiningar i sanntid.

– Ser ikkje eit minne bli danna

Charlotte Alme er doktorgradsstudent ved Kavliinstituttet Senter for nevrale nettverk ved NTNU, og forskar på hjernens hukommelse på cellenivå.

– Dette er grunnforsking på mikronivå som er kjempeviktig for detaljkunnskap om prosessar involvert i høgare kognitive funksjonar, som hukommelse, seier Alme.

Alme understrekar likevel at dette ikkje viser oss korleis eit fullstendig minne blir danna:

– Vi kan ikkje seie at vi ser eit minne blir laga. Vi ser at ei enkelt hjernecelle blir stimulert slik at proteinet blir laga og transportert til eit koplingspunkt for å forsterke dette. Det kan tenkast at dette koplingspunktet er ein del av eit større nettverk, men her ser forskarane på enkeltceller, seier ho.

– Det er viktig å understreke at forsøka ikkje er gjort på levande mus som spring omkring og lærer nye ting, men i isolerte celler frå ein del av hjernen, seier Alme.

Powered by Labrador CMS