Annonse

Hemmelegheita til giftig sommarfugl avslørt

Fargar og former på vengene til den giftige Heliconius-sommarfuglen blir overført som ein samla pakke – eit supergen. No har forskarane identifisert gena i pakken for første gong.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

I samarbeid med:


 

Denne artikkelen er produsert av NRK.

Supergen

Eit supergen er ei gruppe av nabogen på eit kromosom som blir arva samla fordi dei er nært knytt genetisk.

Det er kjent frå fleire dyr og plantar at visse eigenskapar blir arva i samla blokk. Dette gjeld blant anna sommarfuglar av slektene Heliconius og Papilio, men også sniglar av familien Partulidae der eit supergen sikrar riktig farge og form på sniglehuset. Plantane primula og bokkveite er også kjent for å ha eigenskapar som blir nedarva gjennom supergen.

Sommarfuglar av slekta Heliconius er vakre og fargerike, men også giftige. På liknande vis som den stripete habitten til veps og humler, signaliserer mønsteret på sommarfuglvengene: Ligg unna, eg smakar vondt!

Men der vepsar alltid har den velkjente utsjånaden, har artar av Heliconius den utrulege evna til at ein og same art kan herme etter utsjånaden til fleire andre giftige sommarfuglartar.

Forskaren Mathieu Joron og hans kollegaer har tidlegare funne at dette avanserte mønsteret hos sommarfuglen blir arva samla i ei blokk av genar, eit såkalla supergen (sjå faktaboks).

No har forskargruppa for første gong klart å identifisere gena i eit slikt supergen, og resultatet vart nyleg publisert i ein artikkel i tidsskriftet Nature.

 

________________________________

Les hele saken på NRK.no

 

Powered by Labrador CMS