Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Forskarar har kartlagt retningslinjene for bruk av antidepressiva hjå gravide i 46 europeiske land.

Ulike land har ulike retningslinjer for antidepressiva i svangerskapet

Sjølv om symptoma på svangerskapsdepresjon er felles over landegrensene, er det sprik i behandlingane. Slik bør det ikkje vere, meiner forskar Angela Lupattelli.

Dei fleste har høyrt om fødselsdepresjonar, depresjonar som mor opplever etter fødselen. Men depresjonar kan òg oppstå i løpet av svangerskapet, eller mor kan ha hatt diagnosen før ho vart gravid. Omgrepet perinatal depresjon omfattar depresjonar under svangerskapet og innan eitt år etter fødselen.

Ifølgje Helsedirektoratet rammar dette omlag éin av ti kvinner i Noreg.

Nye forskingsresultat tydar no på at ulike europeiske land har ulike nasjonale retningslinjer for perinatal depresjon og legemiddelbruk. Dette er retningslinjer som legen kan støtta seg på når ho eller han skal behandla pasienten. Mange land har ikkje retningslinjer i det heile tatt.

Forskar Angela Lupattelli ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo, har leia ei kartlegging av retningslinjene i 46 europeiske land.

Tilstanden til mor må vera del av totalvurderinga

– Det finst som regel generelle retningslinjer for behandlinga av depresjonar. Men sidan nokre legemiddel kan ha effekt på barnet, trengst det eigne retningslinjer for perinatale depresjonar, seier Lupattelli.

I ein del der land nasjonale retningslinjer for perinatal depresjon finst, har ein ikkje inkludert farmakoterapi, altså behandling med legemiddel, ifølgje forskaren.

– Dermed var ikkje desse relevante for studien.

Til slutt sat forskarane igjen med berre tolv sett retningslinjer som tilfredsstilte krava til å bli inkluderte i studien. Til gjengjeld var det ein god del bra i desse.

– Når ein vurderer legemiddelbruk i svangerskap og under amming, fokuserer ein ofte berre på risikoen for barnet. Det er to personar som er involverte, og kor alvorleg tilstanden for mor er, må vera ein viktig del av ei totalvurdering.

Ulike kulturar for legemiddelbruk

Sjølv om retningslinjene tok omsyn til mor sin tilstand, tilrådde dei fleste ikkje-farmakologiske tiltak fyrst, ifølgje Lupattelli.

– Behandling med legemiddel vart fyrst tilrådd vurdert om dei ikkje-farmakologiske tiltaka ikkje hadde ynskt effekt.

Men noko sakna ho likevel i dei fleste retningslinjene.

– Ei ulukke kjem sjeldan åleine, heiter det jo, og perinatal depresjon går gjerne hand i hand med angstproblem som krev behandling. På slike og liknande tilstandar, altså der mor har symptom på fleire vanskar, kunne retningslinjene ofte vore betre, seier Lupattelli.

Når forskarane samanlikna praksis med retningslinjene, fann dei at legane fylgde retningslinjene ganske bra. Men ulike land har ulike kulturar for legemiddelbruk, og det synte seg her òg.

Heile tida ny kunnskap

– I nokre austeuropeiske land er det langt meir vanleg å bruka benzodiazepinar hjå gravide enn antidepressiva. Det skjer sjølv om antidepressiva er fyrsteval òg mot angst, som er den lidinga benzodiazepiner vanlegvis vert brukt mot, fortel Lupattelli.

Benzodiazepiner er ei gruppe legemiddel for kortvarig behandling av søvnvanskar, for å dempe uro og angst, redusere muskelspenningar og krampar.

Ho meiner at bruken av benzodiazepinar blant gravide er uheldig.

– Dette er ikkje berre fordi det antakeleg ikkje er det beste legemiddelet å bruka, men òg fordi det gjev høgare risiko for barnet enn antidepressiva gjer. Og vi kjenner jo til risikoen for avhengigheit og misbruk med benzodiazepinar.

At det er fornuftig at ulike land har felles retningslinjer for dei same symptoma, er ikkje så vanskeleg å sjå. Lupattelli peikar på eit anna poeng òg: Det kjem heile tida ny kunnskap på området.

Mange retningslinjer ikkje oppdaterte

Som døme trekkjer ho fram ein annan studie ho nyleg var med på, frå Danmark.

– Vi fann at risikoen for alvorlege psykiske tilstandar hjå mor auka dersom ho avbraut behandling med antidepressiva under svangerskapet – men ikkje dersom ho avslutta behandlinga før ho vart gravid, fortel ho.

– Det er døme på ny kunnskap som burde bli avspegla i retningslinjene. I dette tilfellet kan det godt koma til å skje, sidan nett denne studien er heilt ny. Men vi såg mange døme på retningslinjer som ikkje hadde blitt oppdaterte med ny kunnskap på mange år. Felles retningslinjer vil vera enklare å halda oppdatert.

Arbeidet inngår i Riseup-PPD COST ACTION, ei stor EU-finansiert satsing for å finna og ikkje minst samla kunnskap om det forskarane kallar perinatal depresjon. Arbeidet starta i 2019 og skal vera ferdig i 2023.

Referansar:

Sarah Kittel-Schneider mfl.: Treatment of Peripartum Depression with Antidepressants and Other Psychotropic Medications: A Synthesis of Clinical Practice Guidelines in Europe. International Journal of Environmental Research and Public Health, 2022. Doi.org/10.3390/ijerph19041973

Xiaoqin Liu mfl.: Antidepressant discontinuation before or during pregnancy and risk of psychiatric emergency in Denmark: A population-based propensity score–matched cohort study. PLOS Medicine, 2022. Doi.org/10.1371/journal.pmed.1003895

Powered by Labrador CMS