Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Skal, skal ikkje? Det kan vera vanskeleg å vita kva medisinar ein skal ta under svangerskapet.

– Dersom du går på antidepressiva under svangerskapet, er det antakeleg best å fortsette

Om mora avsluttar bruken tidleg i svangerskapet, kan tankar om sjølvskading bli verre.

Kvinner som blir gravide, er ofte usikre på kva medisinar det vil vera trygt å bruka under svangerskapet. Det gjeld òg dei som brukar antidepressiva. Dette kan du lese meir om i saka Gravide har overdreven bekymring for antidepressiva.

– Det er lurt å vera forsiktig, men ein skal ikkje bli så forsiktig med medisinar som ein burde ta, at ein sluttar å ta dei utan vidare. Nokon gonger kan konsekvensen av å slutta vera verre, seier Angela Lupattelli, forskar ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo.

– Kvinner med depresjon kan mista matlysta, slita med søvnen og vera mindre fysisk aktive. Ikkje noko av dette er heldig for barnet, forklarar ho.

Undersøkte tankar om sjølvskading

Det meste av forskinga på legemiddelbruk under svangerskapet har vore på effekten på barnet. Det er sjølvsagt viktig, understrekar Lupattelli, men for å kunna gje så gode råd som mogleg, må forskarane òg vita konsekvensane for mora.

Den kanskje alvorlegaste konsekvensen av depresjon er sjølvskading. Lupattelli fekk bistand av tre studentar ved UiO:Livsvitskap, til å analysera tal frå ei stor felleseuropeisk undersøking blant gravide og kvinner som nyleg hadde fødd.

– Vi undersøkte ikkje eigentleg sjølvskading, men tankar om sjølvskading som deltakarane rapporterte sjølve. Det er jo nærliggjande å tenkja at faktiske tilfelle av sjølvskading vil fylgja det same mønsteret, men det kan vi altså ikkje seia noko om, seier Lupattelli.

– Vi fann ingen effekt når det gjaldt tankar om sjølvskading etter fødselen, eier Angela Lupattelli.

Ingen forskjell av betyding

– Blant kvinner som er deprimerte under svangerskapet, er det ein høg risiko for at sjukdommen varar lenger eller blir verre det fyrste året etter fødselen, fortel ho.

Derfor ynskte Lupattelli og kollegaene å finna ut om medisineringa under svangerskapet kunne ha noko å seia for seinare tankar om sjølvskading.

Dei samanlikna svara frå kvinner som hadde teke antidepressiva under svangerskapet med dei som òg hadde vore deprimerte, men utan å vera medisinerte.

– Niks. Null. Nada. Når det gjaldt tankar om sjølvskading etter fødselen, kunne vi ikkje dokumentera nokon forskjell av betyding mellom dei som hadde brukt antidepressiva gjennom heile svangerskapet og dei som ikkje hadde brukt det, seier Lupattelli.

Best å halda fram

– Men derimot fann vi ein effekt hjå dei som hadde brukt antidepressiva i berre eitt av trimestera, som altså er ein av dei tremånadars periodane vi deler eit svangerskap inn i, forklarer ho.

– Blant desse kvinnene var det ein høgare del som rapporterte om tankar om sjølvskading. Dermed ser det ut til at vi kan seia at dersom du går på antidepressiva under svangerskapet – og mange av desse har jo gjort det på tidspunktet dei vart gravide – er det antakeleg best å halda fram med det.

Ho legg til at sjølv om antidepressiva har liten effekt på tankar om sjølvskading, har dei tidlegare vist seg å ha effekt på andre sider ved det å vera deprimert, som angst, tristheit og manglande glede.

Ikkje betraktast som råd

Risikoen for barnet trur ho kan vera til å leva med.

– Det er ein risiko for prematur fødsel, men antakeleg ikkje meir enn eit par dagar. Barnet risikerer òg å bli fødd med abstinenssymptom som irritabilitet eller høgare blodtrykk, men dei er ikkje så alvorlege og går over etter nokre få dagar. Nokre medisinar kan òg gje visse typar åtferdsforstyrringar hjå barnet seinare, men effekten er ikkje så stor, seier forskaren.

Lupattelli understrekar at det er for tidleg å betrakta dette som råd som skal takast i bruk endå, og at det enno er mange sider ved bruken av antidepressiva ved graviditet som må undersøkast.

Ho håpar å studera om alderen til mora har noko å seia. Utvalet i denne undersøkinga har vore for lite til å seia noko om det.

Referanse:

Jennifer Vallee mfl.: Association between Antidepressant Treatment during Pregnancy and Postpartum Self-Harm Ideation in Women with Psychiatric Disorders: A Cross-Sectional, Multinational Study. International Journal of Environmental Research and Public Health, 2020. Doi.org/10.3390/ijerph18010046

Powered by Labrador CMS