Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Pasientar som skrivast ut frå sjukehus med sannsynleg villa eigenskade må følgjast raskt opp.

Kvifor skadar folk seg med vilje?

Forskarar ser at visse psykiske diagnosar aukar risikoen for at menneske skadar seg sjølve med vilje igjen og igjen. Det er store skilnader på kvinner og menn, unge og eldre.

Publisert

Kvart år blir rundt 5.100 menneske lagde inn på norske sjukehus med såkalla villa eigenskade, eit omgrep som omfattar både sjølvskading og sjølvmordsforsøk.

Talet er estimert av forskarar, for slett ikkje alle får den aktuelle diagnosekoden. Å setje diagnosen er både tid- og arbeidskrevjande for helsevesenet.

Men mange av dei som får hjelp, kjem attende seinare, ifølgje forskar Anne Seljenes Bøe.

I si forsking sitt har ho sett nærmare på kva som aukar risikoen for repetisjon av villa eigenskade hos vaksne.

Eitt av funna er at dess fleire gonger ein person har skada seg sjølv, dess større er risikoen for at han eller ho gjer det på nytt.

– Det betyr at det som i størst grad føreseier kva vi gjer i framtida, er kva vi har gjort i fortida, seier Bøe, som tar doktorgraden ved Nasjonalt senter for selvmordsforskning og -forebygging (NSSF).

Forskar Anne Seljenes Bøe har sett nærmare på kva som aukar risikoen for repetisjon av villa eigenskade hos vaksne.

Skilnader i kjønn og alder

Saman med vegleiarane har ho også sett nærmare på sjukdomsbiletet til desse pasientane, som i dei fleste tilfella kjem på sjukehus fordi dei har tatt overdosar av medikament.

I ein studie fann Bøe og kollegaene at over halvparten av dei som skadar seg sjølve, har ein eller fleire psykiske diagnosar, men at diagnosane varierer mellom kjønna. Stemningslidingar som depresjon var mest vanleg, følgt av alkoholbruksliding.

I ein annan studie såg forskarane nærmare på diagnosebiletet ved gjentakande villa eigenskade. Her fann dei at både alder og kjønn spelar inn:

Blant menn mellom 25 og 39 år og over 65, er rusbrukslidingar sterkast assosiert med gjentakande villa eigenskade.

Blant middelaldrande og eldre menn er det alkoholbrukslidingar som gjev den sterkaste assosiasjonen.

Blant unge kvinner er ustabil personlegdomsforstyrring den lidinga som er tettast knytt til dette. Dette er ei stadfesting av tidlegare funn.

Depresjon gjev størst risiko blant eldre

Forskarane fann vidare at den sterkaste risikopåverknaden frå psykisk sjukdom ikkje er blant unge, men blant dei over 65 år. Her kjem depressive lidingar inn som ein diagnose som rammar folk i alle aldrar, men som i størst grad aukar risikoen blant eldre.

– Dette er eit viktig funn: at depressive lidingar utgjer ein risiko for gjentakande villa eigenskade blant eldre, men ikkje blant yngre. Blant yngre er andre risikofaktorar sterkare, seier Bøe.

I tillegg fann forskarane at angst aukar risikoen for repetisjon av villa eigenskade blant eldre kvinner.

Bøe legg til at ho på grunnlag av registerdataanalysar ikkje kan seie noko sikkert om årsakssamanhengar.

– Difor skriv vi heile tida om korleis ting heng saman, heller enn om kva som fører til kva.

– Må evaluerast grundig

Å gjenta villa eigenskade er relativt vanleg. Då professor Ping Qin og kollegaer i 2020 samla resultat frå ei rekkje studiar, fann dei at 17 prosent hadde skada seg sjølve på nytt eitt år etter det første tilfellet. Etter tre år hadde delen auka til 24 prosent.

Men til no har ein visst lite om kva diagnosar desse pasientane har.

– Det handlar om menneske som det kan vere utfordrande å hjelpe. Blant nokon er det snakk om tydelege sjølvmordsforsøk, blant andre veit vi ikkje. Det er viktig å finne ut korleis vi kan hjelpe dei best mogleg, seier Bøe.

Ho meiner at pasientane må få ei grundig psykiatrisk evaluering når dei er innlagde, for å identifisere kor vidt dei skal sendast vidare i behandlingsapparatet.

Kliniske retningslinjer

Behandlinga må dessutan skreddarsyast etter kva type liding pasienten har, ifølgje Bøe.

Dialektisk åtferdsterapi har til dømes vist seg å ha god effekt i behandling av personar med ustabil personlegdomsforstyrring.

– Når vi no veit at enkelte lidingar disponerer kraftig for repeterande villa eigenskade, treng vi kliniske retningslinjer som sikrar at behandling er tilgjengeleg på nasjonalt nivå, og at pasientane som treng det, får tilbod om spesialisert behandling og oppfølging.

Datagrunnlaget for studiane er tal frå tre norske befolkingsregister. Tala omfattar i underkant av 40.000 vaksne personar som vart innlagde på norske somatiske sjukehus med sannsynleg villa eigenskade i perioden mellom 2008 og 2018.

Kor mange rammast?

  • Villa eigenskade omfattar både sjølvskading og sjølvmordsforsøk. Det finst ingen sikre tal på kor mange tilfelle som kjem til norske sjukehus.
  • Etter å ha analysert tal frå Norsk pasientregister i perioden 2008–2013, har forskarar estimert at det truleg er rundt 6.400 tilfelle hos 5.100 personar årleg.
  • Dette er nesten tre gonger høgare enn dei tala sjukehusa har registrert.

Saka er oppdatert 19. desember klokka 1200. Setninga «Blant unge menn er rusbrukslidingar sterkast assosiert med gjentakande villa eigenskade. Blant menn mellom 25 og 39 og over 65 er det alkoholbrukslidingar som gjev den sterkaste assosiasjonen» er erstatta med «Blant menn mellom 25 og 39 år og over 65, er rusbrukslidingar sterkast assosiert med gjentakande villa eigenskade. Blant middelaldrande og eldre menn er det alkoholbrukslidingar som gjev den sterkaste assosiasjonen.»

Referanser:

Ping Qin, Anne S. Bøe mfl.: Forekomst av villet egenskade estimert ved data fra Norsk pasientregister. Suicidologi, 2021. Doi.org/10.5617/suicidologi.8536

Anne Seljenes Bøe mfl.: Psychiatric disorders among adults treated for deliberate self-harm in general hospital: A national register study. Journal of Affective Disorders, 2022. Doi.org/10.1016/j.jad.2022.09.066

Anne Seljenes Bøe mfl.: Clinical determinants of hospital treated deliberate self-harm repetition: A time to recurrent event analysis. Acta Psychiatrica Scandinavia, 2022. Doi.org/10.1111/acps.13503

Bao-Peng Liu mfl.: The short-term rate of non-fatal and fatal repetition of deliberate self-harm: A systematic review and meta-analysis of longitudinal studies. Journal of Affective Disorders, 2020. Doi.org/10.1016/j.jad.2020.05.072

Powered by Labrador CMS