Denne artikkelen er produsert og finansiert av De regionale forskningsfondene - les mer.

– Klimaomstilling må løysast i heile samfunnet samtidig. Då treng vi sterkare statleg styring, seier forskar Carlo Aall.
– Klimaomstilling må løysast i heile samfunnet samtidig. Då treng vi sterkare statleg styring, seier forskar Carlo Aall.

Samanslåing-boom kan hindre klimaomstilling

Offentleg omstilling siktar mot sektorvis effektivisering av samfunnet. Det er ein fare for klimaomstillinga, som berre kan lukkast full ut gjennom effektiv samhandling på tvers av sektorar, meiner professor.

Publisert

– Eg er redd for at pågåande omstilling av offentleg sektor, som er motivert av effektivisering, fører til at rask og nødvendig klimaomstilling vert utsett. No er «alle» opptekne av samanslåing, både i kommunal sektor og i statlege etatar, seier professor Carlo Aall ved Vestlandsforsking.

Professoren er open for at samanslåing på sikt kan auke kapasiteten til klimaomstilling, men han trur dette kan ta for lang tid.

– Dessutan kan det hende at samanslåingane verkar i motsett retning og gjer oss mindre i stand til å gjennomføre effektiv klimaomstilling. Refleksen i samfunnet er å utvikle stadig meir effektive sektorar, men vellukka klimaomstilling oppnår vi berre gjennom samarbeid på tvers.

– Stadig meir effektive sektorar kan fremje silo-problemet; altså at sektorane blir stadig meir impregnert mot styring og samordning på tvers av siloane, seier han.

Refleksjonane kjem i kjølvatnet av det treårige forskingsprosjektet Samhandling for grønt skifte, der Aall har vore fagleg ansvarleg. Målet har vore å finne ein ny og meir effektiv modell for lokalt klimaarbeid.

Forskarar og deltakarar frå kommunar, statlege etatar og fylkeskommunar har i fellesskap operasjonalisert omgrepet klimaomstilling, slik at det skal gje meining i lokal samanheng.

– Eit tydeleg funn er at klimaomstilling må omfatte både utsleppskutt og tilpassing til klimaendringane. Vi må dessutan sjå desse to fenomena i samanheng for å unngå paradoksale situasjonar der vi til dømes bygger innandørs skihallar fordi det ikkje snør lenger, samtidig som byggeprosessen, produksjonen av kunstsnø og transport til hallen, fører til auka utslepp, seier Aall og held fram:

– Dette problemet oppstår særleg om vi ikkje gjer politikk ut av klimatilpassing og i staden berre let tilpassinga skje av seg sjølv, utan politisk styring.

Klare avgrensingar for lokal klimapolitikk

Professoren meiner også at måten ein før berekna lokale utslepp på, var urettferdig, kanskje også demotiverande for mange kommunar – og dessutan lite fruktbar for å skape effektiv klimapolitikk.

– Tidlegare såg ein berre på direkte utslepp som skjedde innanfor kommunegrensene – til dømes frå industri og jordbruk – men no må vi heilt klart sjå på utslepp i eit breiare perspektiv. Vi må også ta med indirekte utslepp knytt til forbruk og innarbeide dette i berekningane.

– At det korkje er flyplassar eller gardar i Oslo, betyr ikkje at folk i Oslo er klimanøytrale. Dei flyr frå nabokommunen, et mat produsert andre stader og brukar klede laga i og transportert frå Kina, seier han.

At lokal klimapolitikk har klare avgrensingar, meiner Aall er tydeleg også for klimatilpassing.

Bønder i Noreg må truleg tilpasse seg eit varmare og våtare klima framover, til dømes gjennom endra dyrkings- og produksjonsmetodar, nye tidspunkt for såing og hausting eller rett og slett ved å satse på nye typar vekstar eller dyr.

– Men det hjelper lite for til dømes storfebønder på Jæren om dei klarer å gjere lokale tilpassingar til eit varmare og våtare klima, om produksjonen deira framleis er avhengig av kraftfôr basert på importert soya frå Sør-Amerika. Klimaendringane kan nemleg føre til at Sør-Amerika vert for tørt for soyadyrking, seier Aall.

- Klimaomstilling er ei utfordring som må løysast på tvers av sektorar. Då treng vi sterkare statleg styring, meiner professor Carlo Aall frå Vestlandsforsking.
- Klimaomstilling er ei utfordring som må løysast på tvers av sektorar. Då treng vi sterkare statleg styring, meiner professor Carlo Aall frå Vestlandsforsking.

Noregs første interkommunale klimaplan

Aall trekkjer elles fram kommunane Jølster, Førde, Naustdal og Gaular, som nytta forskingsprosjektet som høve til å lage Noregs første lokale plan for klimaomstilling, kanskje også – i alle fall på papiret – verdas første.

Desse kommunane gjekk saman i nye Sunnfjord kommune frå nyttår, og meininga er at klimamål skal ha innverknad på alt anna planarbeid i nykommunen.

– Eg håpar verkeleg at dette vert noko meir ein enn vakker tanke, slik vi har sett altfor ofte. På grunn av manglande kapasitet og ressursar har klimaarbeid mange stader blitt ein slags luksusaktivitet ein har drive litt med når meir handgripelege oppgåver er løyste, seier Aall, som meiner det er ein avgrunn mellom krava stilte til kommunane og reiskapane dei har:

– På lokalt og regionalt nivå kjem vi ikkje i mål med klimapolitikken. Slik det ser ut i dag, finst det ikkje ein sjanse i havet for at kommunane kan oppfylle dei fullstendig urealistiske klimaforventingane staten har stilt til dei.

Aall meiner mellom anna at kravet om nullutslepp innan kort tid er heilt urealistisk om ikkje kommunane også får overført betydelege midlar til å gjennomføre ein meir effektiv klimapolitikk.

Han peiker også på at kommunane møter krav om samordning av energiplanane, planane for kutt i klimautslepp og planane for tilpassing til klimaendringar, medan staten ikkje set dei same samordningskrava til seg sjølv.

Paradoks i statleg klimapolitikk

Ida-Beate Mølmesdal, som er rådgjevar for klima og miljø i Vestland fylkeskommune, har leia forskingsprosjektet. Ho er samd med Aall i at staten stiller urealistiske klimakrav til kommunane.

– Kommunar og fylkeskommunar får eit stort ansvar for å følgje opp nasjonale krav og vedtak, men har i røynda ikkje moglegheit til å oppfylle desse måla så lenge staten ikkje løner innsatsen vi gjer og bidreg med midlar. I tillegg ynskjer vi å sjå effektive tiltak mot klimagassutslepp på nasjonalt nivå, seier ho.

Mølmesdal meiner også at den statlege klimapolitikken er beintfram paradoksal på ein del område.

– Kommunar og fylkeskommunar skal jobbe med å redusere klimagassutslepp frå mellom anna landbruket og redusere forbruk av raudt kjøt, fordi kyrne fis og raper klimagass. Samtidig bidreg staten til enorme globale klimagassutslepp gjennom oljeverksemda. Er dette logisk – og ikkje minst rettferdig? spør Mølmesdal, som sjølv har jobba mange år i oljebransjen.

Ida-Beate Mølmesdal har leia forskingsprosjektet «Samhandling for grønt skifte», som har studert korleis kommunar og fylkeskommunar kan drive meir effektiv klimaomstilling.
Ida-Beate Mølmesdal har leia forskingsprosjektet «Samhandling for grønt skifte», som har studert korleis kommunar og fylkeskommunar kan drive meir effektiv klimaomstilling.

Ambisiøse mål og lita tid

Ho meiner like fullt at kommunar og fylkeskommunar har viktige roller å spele i klimaomstillinga.

– Vi har ambisiøse mål og lita tid. Sogn og Fjordane har drive med klimaarbeid i mange år, men likevel har klimagassutsleppa gått opp. Det betyr at vi må arbeide annleis enn tidlegare. Det viktigaste er at klimaomsyn vert innarbeidt i alle kommunale og fylkeskommunale ansvarsområde, og at vi jobbar på tvers av sektorar, seier ho.

Mølmesdal fortel at den førre klimaplanen i Sogn og Fjordane var svært omfattande og detaljert, men fungerte dårleg fordi ansvaret ikkje var klart definert.

I den nye planen, som vart utarbeidd parallelt og i dialog med forskingsprosjektet, har alle fylkesdirektørane ansvar for å følgje opp klimamåla.

– Planen er basert på eit felles klimamål om at vi saman skal lukkast med klimaomstilling i fylket, og dette gjeld alle ansvarsområda fylkeskommunen har ansvar for: samferdsle, opplæring, næring og meir. Kunnskap om kva som påverkar klimagassutsleppa skal innarbeidast og vil påverke utforminga av politikken på alle samfunnssektorar, seier klimarådgjevaren.

Sjølv om Sogn og Fjordane no er slått saman med Hordaland i nye Vestland fylke, gjeld den nye klimaplanen for gamle Sogn og Fjordane fram til han vert erstatta.

Nye klimabudsjett og klimarekneskap

Gjennom forskinga er det etablert både ein regional kunnskapsbase til støtte for kommunalt arbeid med klimaomstilling og ein modell for samhandling mellom regionalt og lokalt nivå.

Mølmesdal fortel også at fylkeskommunen no skal lage klimabudsjett og klimarekneskap på ein annan måte enn før.

– No er det ikkje lenger eksterne konsulentar som reknar ut utsleppa i ettertid. No undersøker vi også korleis vi på førehand kan sjå kor stort utslepp eit tiltak vil føre til – eller bidra til å redusere. Slik vert det mogleg å omprioritere før politikken vert realitet, seier ho.

Ifølgje Mølmesdal har forskingssamarbeidet med ti kommunar vist at fylkeskommunen ikkje berre har ei formell styringsrolle å spele overfor kommunane i klimaomstillinga.

– Vi såg også at kommunane har behov for å spele ball med fylkeskommunen på eit meir uformelt plan. Det kan handle om effektane av ulike tiltak, om korleis ein skapar samhandling på tvers, om praktisk planarbeid og liknande.

I fylkeskommunane må vi faktisk bli meir medvetne om den rettleiarrolla vi har og om viktigheita av dialog med og mellom kommunane, meiner Mølmesdal.

Vil ha «superdepartement» med makt i klimapolitikken

Professor Aall er bekymra for om samfunnet er skodd til å gje klimaomstilling høg nok prioritet når ressursar og merksemd skal fordelast.

– Eg trur at viss Noreg skal nå ambisiøse klimamål, må eit eige klimadepartement få same sektorovergripande mynde over klimapolitikken som Finansdepartementet har over den økonomiske politikken. Dette perspektivet var oppe i forkant av opprettinga av Miljøverndepartementet i 1972, men då fell ein ned på sektordepartementsmodellen. No er tida moden for å ta opp igjen den diskusjonen, meiner han.

Aall viser til tidlegare riksrevisor Jørgen Kosmo, som sa at Noreg handterer godt problem som kan løysast innan enkeltsektorar, men at vi er dårlege på oppgåver som må løysast på tvers av sektorar.

– Klimaomstilling er det beste dømet eg kan sjå for meg på ei utfordring som ikkje kan løysast i eitt departement eller ein sektor. Det må løysast i heile samfunnet samtidig og då treng vi sterkare statleg styring.

– Dette har ikkje noko med diktatur å gjere, slik enkelte skrik opp om. Det handlar om å sette makt bak den politikken som trengst for å nå demokratisk vedtekne mål, meiner Aall.

Referanse:

Carlo Aall, Ragnhild Freng Dale og Kyrre Groven: Sluttrapport frå prosjektet Samhandling for grønt skifte. Vestlandsforsking, 2019.

Samhandling for grønt skifte

Forskingsprosjekt med mål om å finne ut korleis kommunar kan ta skrittet frå tradisjonell, sektororientert klimaarbeid til effektiv samhandling om klimaomstilling.

Samarbeid mellom Sogn og Fjordan fylkeskommune, fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Statens vegvesen, NVE, Vestlandsforsking, Høgskulen på Vestlandet og kommunane Årdal, Eid, Stryn, Gloppen, Hyllestad, Førde, Jølster, Naustdal, Gaular og Flora.

Regionalt forskingsfond Vestlandet har støtta prosjektet økonomisk.