Mange skred etter siste istid har vore med på å skape det dramatiske landskapet i Flåmsdalen. Framleis er rasfaren i dalen stor. (Foto: Tomoyoshi Noguchi/Wikimedia Commons)

Har funne samanhengen mellom regn og rasfare i Flåmsdalen

Kor går eigentleg grensa mellom vanleg vestlandsk uvêr og farleg vêr som kan utløyse ras? Forsking frå rasutsette Flåmsdalen viser at det kjem an på kor mykje vatn som har samla seg i fjellsida før styrtregnet kjem.

I Flåmsdalen er det stadig rørsler i fjellet, og risikoen for større ras vert rekna som høg.

Det skuldast bratte fjellsider med mykje fyllitt, ein porøs bergart med finkorna avsettingar frå gamle fjellskred. Fyllitten slepper vatnet dårleg igjennom, men samlar det i staden opp i det som etter kvart blir eit slags reservoar av potensielt elende.

– Det skumle med fyllitten er at når det regnar mykje over tid, stig både vasstrykk og vekt. Er vasstrykket allereie høgt og det kjem endå ein runde med intens nedbør, kan det vere alvorleg fare på ferde. Då kan fyllitten, som får ein leireaktig konsistens når den vert blaut, begynne å flytte på seg, seier skredforskar Ulrik Domaas frå Norges Geotekniske Institutt (NGI).

Då er det dårleg nytt at folk i Flåm vert stadig våtare i håret. Periodane med intens nedbør – meir enn 200 millimeter på ti døger – har nemleg auka over 30 prosent i området dei siste 50 åra. Det viser tal utarbeidde av NGI, E-CO Energi, Bane Nor og Aurland kommune.

Har kartlagt risikoområda

Ulrik Domaas fortel at ustabile fjellsider med mykje fyllitt finst mange stader på Vestlandet. (Foto: NGI)

For å bidra til å sikre folk og fe i dalen – og Flåmsbana med ein million reisande årleg – har forskarane kartlagt områda med størst risiko for ras. Ved hjelp av elektromagnetiske målingar frå helikopter, fekk dei eit grovt bilete av kor det var tørt og kor det var mykje vatn – og dermed altså skredfare.

– Vi fann mange ustabile lag på 100 til 150 meters djupne, men så langt ned er det umogleg for oss å overvake rørslene. Vi klarer ikkje bore så djupt, forklarer Domaas.

Helikoptermålingane vart følgde opp av målingar av elektrisk motstand i bakken. Denne metoden er godt eigna for detaljert kartlegging av lausmassar og svake og ustabile fjellparti.

Forskarane fann til slutt vassførande fyllittlag på 20 meters djupne; grunt nok til at dei kunne bore seg ned for å måle vasstrykket kontinuerleg.

– Vi oppretta to målepunkt; eit i skredavsettingane nede i dalen og eit oppe i fjellsida, seier Domaas, som også fortel at forskarane slapp å vente lenge på interessante målingar:

– Etter ein periode med mykje regn, vart vasstrykket så høgt at eit heilt jorde ved målepunktet oppe i fjellsida begynte å sige. Dette var svært nyttig for oss; det gav ein første terskelverdi til bruk i beredskapssamanheng. No veit vi at når trykket når dette nivået, må ein følgje ekstra godt med.

Boring i fjellet i Flåm for å få satt ned instrument til måling av vasstrykk. (Foto: Bjørn Sture Rosenvold)

Superlokale vêrmeldingar

Samanhengen mellom vasstrykk og nedbør har vist seg nokså eintydig. Regnar det mykje, aukar trykket. Regnar det lite, søkk trykket – i alle fall etter kvart. Å kunne føreseie rasfare best mogleg krev difor at ein veit kor mykje det kjem til å regne akkurat i Flåmsdalen.

– Det gir ikkje dei vanlege vêrvarsla gode nok svar på. Når det er meldt «kraftig regn på Vestlandet», treng det ikkje regne på Flåm i det heile tatt. Difor fekk vi StormGeo til å lage lokale nedbørsprognosar for oss. Vi har samanlikna desse med faktisk nedbør i to år no, og dei treffer godt, seier Bjørn Sture Rosenvold, rådgjevar i Aurland kommune.

Væpna med lokale vêrvarsel og vasstrykkmålingar, er kommunen godt rusta til å anslå risikopotensialet i styggevêr som kjem susande. Er det høgt vasstrykk og meldt regn i bøtter og spann, må ein bu seg på at ein alvorleg situasjon kan oppstå.

– Og omvendt, er det meldt intens nedbør utan at det er registrert høgt vasstrykk frå før, er det truleg ikkje så alvorleg. Så denne forskinga hjelper oss til å unngå ein del falske alarmar, fortel Rosenvold.

Forstå faresignala

I kommunen sin nye beredskapsplan inngår no kontinuerleg overvaking av nedbør, vasstrykk og overflaterørsle i fjellet – det siste målt ved hjelp av laserskannar.

– Går målingane over definerte terskelverdiar, må vi vurdere ulike tiltak som går frå observasjon og vurdering av ferdsle på veg og jarnbane til full evakuering, seier Rosenvold.

At store krefter kan kome i sving, er det nemleg liten tvil om. I 2001 var det rørsler i grunnen som fekk stolpane i autovernet langs hovudvegen til å knekke som fyrstikker. Jula 2015 dukka det opp urovekkande sprekkar i den same vegen. Dei viste at trykket hadde fått massane på glid nede i grunnen.

– Dette er prosessar vi menneske ikkje kan stoppe. Naturen er alt for mektig, så det handlar om å bli best mogleg til å lese faresignala. Nokre kallar det klimatilpassing, eg kallar det å tilpasse seg farleg vêr, avsluttar rådgjevaren.

Referanse:

Ulrik Domaas og Bjørn Sture Rosenvold: Lokal varsling av skred og flom i risikoutsatte områder. Kommunal beredskap basert på terskelverdier, lokale analyser og overvåking av risikoutsatte områder. NGI-rapport, 2017

Prosjekt for tidleg varsling av alvorleg flaum- eller skredfare

Klimatilpassing og endringar i kommunal risikohandtering og beredskap er navnet på eit forskingsprosjekt for kartlegging av risiko for ras og flaum i bratt vestlandsterreng i Flåmsdalen. Forskarane har testa ulike målemetodar og instrument og utvikla system for tidleg varsling av alvorleg flaum- eller skredfare. Partnarar i prosjektet har vore Aurland kommune, Bane Nor, E-CO Energi AS og Norges Geotekniske Institutt. Regionalt forskingsfond Vestlandet har støtta prosjektet med to millionar kroner.

Powered by Labrador CMS