Denne artikkelen er produsert og finansiert av De regionale forskningsfondene - les mer.

Katten Celine er fast forskingskonsulent for Ervik Havfisk. Her testar ho hermetisk kattemat produsert langt til havs. (Foto: Ervik Havfiske)

Fiskerester blir kattemat på boks

Tidlegare har fabrikkbåtane i kvitfisknæringa kasta avskjeret frå torsk og hyse rett på havet. No viser ny forsking at avskjeret fint kan brukast til å lage hermetisert katte- og hundemat om bord.

Utfordringa når ein skal bruke fiskeavskjer til å lage katte- og hundemat på ein fabrikkbåt til havs, er tilgangen på einskapleg råstoff.

Dei som fiskar kvitfisk som torsk, sei og hyse, brukar stort sett berre filetane og levra og rogna når desse er i sesong.

Filetane vert frosne om bord, og resten – fleire hundre tusen tonn årleg – vert lempa på sjøen eller brukt til ensilasje. Det siste er ei lite appetittvekkande «gjørme» som kan brukast i produksjon av fiskefôr, men som kastar lite av seg for fiskarane.

All fisk kan bli fôr

No viser forsking på fangsten frå ein av verdas største autolinebåtar – MS Frøyanes – at fiskeavskjeret kan få ei ny framtid som mat for Mons og Max.

– I praksis kan alt som kjem om bord brukast til hunde- og kattemat. Vi kan bruke alle typar avskjer frå fiskeslag som går til menneskeleg konsum, som torsk, hyse, lange, brosme og steinbit, men også det vi kallar bifangst, altså andre fiskeslag enn dei ein fiskar etter. Vi kan til og med bruke muskelmasse frå ein «ufisk» som piggskate som ingrediens, seier marinbiolog Fridrik Sigurdsson.

Sigurdsson er spesialrådgivar for forskings- og konsulentselskapet INAQ og har leia et forskingsprosjekt der ein har prøvd å finne beinaste vegen frå avfall til kjæledyrfôr.

Bak det heile står Ervik Havfiske, som fekk støtte til forskinga frå Regionalt forskingsfond Vestlandet.

– I samarbeid med forskingsinstituttet Matís på Island har vi analysert råstoffet frå Frøyanes. Konklusjonen er at næringsinnhaldet gjer avskjeret særs godt eigna til katte- og hundemat, seier Sigurdsson.

Forskarane har også kartlagt ernæringsbehovet hos ulike hundar og kattar. Trekkhundar har naturleg nok heilt andre behov enn kosehundar som berre ligg på sofaen. Kattungar har andre behov enn vaksne kattar, og for drektige tisper kan det vere nødvendig med til dømes vitaminstilskot.

– Vi fann også ut at lever, som det er mest av i gytetida, kan frysast i sesong og brukast når det er mindre av ho. Innfrysinga har ikkje noko å seie for kvaliteten, og det betyr at det er mogleg å produsere heile året, seier Sigurdsson.

Forsøk viste at tilsetting av lever bidrog både til å auke energiinnhaldet i maten og til å gjere produkta glattare og meir innbydande.

Produktutviklar Åge Lundbrekke hos Ervik Havfiske og forskar Asbjörn Jonsson frå det islandske forskingsinstituttet Matís skjer opp kvitfiskpølse som skal bli hermetisert kattemat. Prosessane skal automatiserast etter kvart. (Foto: Ervik Havfiske)

Veit aldri heilt kva havet byr på

Basert på analysane frå Island drog Frøyanes på tokt med oppskrifter på både paté og fiskebitar.

– Der fekk vi ei utfordring vi ikkje hadde tenkt så mykje over på førehand. Kva råstoff vi får om bord, kan nemlig variere veldig, seier Olav Steimler, prosjektdirektør i Ervik Havfiske.

– Nokre gongar fangar vi mest hyse, andre gongar torsk. Og sjølv om fisken heiter det same, varierer han frå fangstfelt til fangstfelt. Levra varierer frå sesong til sesong; dessutan er ikkje ein torsk i februar det same som ein torsk i september. Å lage eit einsarta produkt med same feitt-, protein- og energiinnhald over tid, er faktisk ei tøffare nøtt enn vi har trudd, forklarer Steimler.

Difor går ein no vidare med eit nytt prosjekt der reseptane skal finpussast og næringsinnhaldet dokumenterast i detalj i samarbeid med NMBU på Ås og Måløy Marine Ressurssenter.

– Denne gongen kjem det meste av eksperimenta til å skje i laboratorium på land, for noko vi også har lært, er at det er kostbart å ha med forskarar på tokt i åtte veker, seier Steimler tørt.

Avskjer frå kvitfisk vert no til hermetisert hunde- og kattemat om bord på ein av verdas største autolinebåtar, MS Frøyanes. (Foto: Ervik Havfiske)

Katten bryr seg ikkje om lukta

Prosjektdirektøren er likevel nøgd med at dei fekk testa ut faktisk produksjon av hermetisert katte- og hundemat om bord.

Fiskeavskjeret vart kverna opp til ein deig som vart vidareforedla både med og utan bindemiddel. Sprøytepistol vart kjapt forkasta, det vart berre søl. Fiskebitane vart til slutt laga som pølse som vart kutta i bitar og hermetiserte.

To forsøksgrupper av hundar og kattar fekk smake maten, som skal ha gått ned på høgkant.

– Forskinga vår viser at så godt som alt som kjem om bord av råstoff – også det ein har sett på som «ufisk» – kan nyttast til næringsrik katte- og hundemat, seier marinbiolog Fridrik Sigurdsson. (Foto: INAQ)

– Vi oppdaga likevel at ting katten sjølv synest er heilt irrelevant så lenge maten smakar godt, som til dømes lukt og konsistens, betyr mykje for eigarane som kjøper maten. Der katten oppfattar lukt som eit kvalitetsteikn, vil ikkje eigaren at ein opna boks i kjøleskapet skal lukte i det heile tatt. Så vi kjem også til å forske vidare på sensoriske eigenskapar som lukt, konsistens og smak, seier Steimler.

– Målet vårt er å utnytte alt råstoffet og lage høgverdiprodukt av det ein tidlegare såg på som avfall, seier prosjektdirektør Olav Steimler frå Ervik Havfiske. (Foto: Ervik Havfiske)

Steimler testa også fiskebitar i ulike versjonar på sin eigen faste forskingskonsulent; katten Celine.

– Ho byrjar rett nok å bli grå i pelsen, men lever elles i beste velgåande og har ikkje fått varige mein av karrieren som forsøkskanin, påstår kvitfiskdirektøren.

Handlar om både miljø og økonomi

I laksenæringa har ein dei siste åra lært seg å utnytte så godt som heile fisken – i dag er det truleg berre blodet som ikkje vert nytta fullt ut. Kvitfiskindustrien har ifølgje Sigurdsson hengt langt etter, og Noreg har hengt etter til dømes Island.

– Dei siste åra er det kasta mykje mindre avskjer på havet, men det heng først og fremst saman med at ein lagar ensilasje, som er eit lågverdiprodukt. No prøver vi å kome opp på eit nivå der betalingsviljen er større, og når det gjeld dyremat, spør eigarane sjeldan om einingsprisen, seier Sigurdsson, som sjølv har to hundar.

Steimler fortel at han har funne små porsjonspakningar med delikat kattemat til ein kilopris på nesten 6000 kroner på britiske supermarknader.

– Vi kjem sjølvsagt ikkje dit, men samanlikna med ensilasjeproduksjon trur vi dette kan bli ganske lønsamt. For oss handlar dette dessutan både om økonomi og miljø. Vi forhandlar med oppkjøparar over heile verda, og det første dei spør om er kva miljøavtrykk vi set og kor godt vi utnyttar råstoffet.

– I tillegg kan produksjon av katte- og hundemat gjere det mogleg å utnytte daudtida om bord, til dømes når vi går til eller frå fiskefelta. For oss er det sjølvsagt økonomisk gunstig å få til produksjon året rundt, og når vi ikkje har fisk til produksjon av menneskemat, kan vi gjerne lage mat for firbeinte i staden, seier Steimler.

Powered by Labrador CMS