Denne artikkelen er produsert og finansiert av De regionale forskningsfondene - les mer.

Korleis legg ein til rette for auka friluftsaktivitet og verdiskaping slik at ein tek omsyn til både allemannsretten og grunneigarane sine interesser?
Korleis legg ein til rette for auka friluftsaktivitet og verdiskaping slik at ein tek omsyn til både allemannsretten og grunneigarane sine interesser?

Slik unngår vi bråk om bruk av skog og mark

Mange vil bruke utmarka, men har ulike interesser. Da blir det ofte konflikt.

Publisert

For nokre år sidan brygga det opp til strid i Kaupangerskogen på Vestlandet. Reiselivsaktørar hadde marknadsført eit område for terrengsykling utan å informere grunneigarane. Grunneigarane reagerte med å henge opp plakatar som sa at ein kunne sykle her, men ikkje der.

Då tok friluftsorganisasjonen Bratt Moro forskarkontakt. Dei ville vite kva som eigentleg var lov og rett i skog og mark.

Det vart starten på eit stykke utmarksforsking med Sogndal kommune og Vestlandsforsking i spissen. Målet var å finne ut korleis ein legg til rette for auka friluftsaktivitet og verdiskaping slik at ein tek omsyn til både allemannsretten – som seier at alle har rett til å bruke utmarka – og grunneigarane sine interesser.

- Forskinga viser at ein kjem langt berre med god, gammaldags dialog. Konfliktpotensialet vert kraftig redusert når dei som vil dra i gang ny aktivitet tek tidleg kontakt med grunneigarane. Har ein først oppretta kontakt, viser partane vanlegvis større vilje til å koordinere aktivitetane og tilpasse seg kvarandre, seier Eivind Brendehaug, forskar ved Vestlandsforsking.

Gjennom forskingsprosjektet er det sett i verk ulike tiltak for å betre kommunikasjon og koordinering mellom turvandrarar, hjortejegerar, terrengsyklistar og grunneigarar.

Fleire aktørar med aktivitet i utmarka – frå sykkel- og turlag til kommersielle jaktarrangørar – har vore med.

Størst konfliktpotensial under jakta

- I skogane på Vestlandet er behovet for samspel særleg stort under hjortejakta om hausten. Det seier seg sjølv at ein vanskeleg kan drive jakt og terrengsykling i same område på same tid, seier Brendehaug.

Organisert hjortejakt er ei viktig attåtnæring for ein del skogeigarar i området, og etter at det vart etablert dialog med sykkel- og friluftslag, har konfliktnivået blitt mykje lågare.

- Viss grunneigarane går ut med informasjon på til dømes Facebook om at det vil vere jakt i eit bestemt område til ei bestemt tid, tilpassar andre friluftsfolk seg til ein viss grad. Dei syklar eller går gjerne ein annan stad eller i alle fall ikkje i grålysinga eller skymringa, då jegerane er mest ivrige, seier forskaren.

- I ein fastlåst konflikt mellom grunneigarar og utøvarar av friluftsaktivitetar, er det kommunen som til sjuande og sist må ta avgjerder, seier forskar Eivind Brendehaug.
- I ein fastlåst konflikt mellom grunneigarar og utøvarar av friluftsaktivitetar, er det kommunen som til sjuande og sist må ta avgjerder, seier forskar Eivind Brendehaug.

Han fortel at dei har registrert syklistane med elektroniske teljarar midt i løypene som går i jaktterrenget. Når det er varsla jakt, går talet ganske mykje ned.

Om informasjon i seg sjølv ikkje er nok, kan det ifølgje forskaren vere aktuelt med det som kallast sonering. Då kan ein halde av ulike område til ulike aktivitetar som jakt, beite og turvandring.

- Dersom ein legg godt til rette for ein aktivitet ein plass og informerer om det, vil utøvarane som oftast nytte dette området. Slik kan ein skape sokalla myk sonering. Hard sonering gjennom lovverket er mykje meir omstendeleg og kan i seg sjølv skape konflikt, seier Brendehaug.

Enkel stirydding er lov utan løyve

Forskinga viser også at betre tilrettelegging og vedlikehald av stiar kan redusere potensialet for konflikt. Rydding av vegetasjon gjev betre oversikt og gjer det lettare for syklistar og gåande å ferdast på same tid.

- I Noreg er det lov å foreta det vi kan kalle enkel stirydding utan formelt løyve frå grunneigar der det allereie finst ein etablert sti. Men eg vil likevel oppmode til å snakke saman. Vi menneske er no skrudd slik saman at vi vert meir forståingsfulle når vi vert informerte og tatt med på råd, seier han.

Gjennom § 35 i friluftslova er kommunane pålagde å legge til rette for at folk kan kome seg meir ut i skog og mark. Det skal bidra til å fremje folkehelse og trivsel. Kommunane har mynde til å merke og varde opp stiar i utmark, og denne retten kan dei delegere vidare til frivillige lag og organisasjonar om dei ønskjer det.

- Den same lova skil elles ikkje mellom kommersiell og ikkje-kommersiell aktivitet i utmarka. Det betyr at grunneigarane ikkje har lov til å stoppe firma som tilbyr til dømes guida turar, sjølv om dei opplever det som urettferdig at andre tener pengar på deira grunn.

Gloppen kommune i Nordfjord har også vore med i forskingsprosjektet. Der finn ein ifølgje Brendehaug eit godt døme på korleis ein bør samarbeide når ein skal utvikle nye friluftsområde for allment bruk.

- I Gloppen har frivillige lag og organisasjonar gjennomført ei ganske omfattande tilrettelegging av eit turområde i nærleiken av Sandane sentrum. Her sørgde ein for god deltaking frå bygdefolk og grunneigarar tidleg i prosjektet, samla seg om felles mål og har difor unngått konfliktar. No har Trivselsskogen i Sandane blitt eit turområde som bidreg til at folk kjem seg ut, fortel Brendehaug.

Har laga modell for kommunane

For å gjere det lettare for kommunane å legge til rette for auka friluftsliv, har Vestlandsforsking utvikla ein modell for aktivitetsutvikling og konfliktløysing i utmarka. Brendehaug fortel at modellen er karakterisert av følgjande:

  • Tett dialog mellom grunneigar, frivillige lag og kommune
  • Tydeleg avklaring av måla for tilrettelegging av friluftsområde
  • Stimulering til felles eigarskap og sosialt fellesskap gjennom dugnadar med fridom under ansvar og felles mål for deltakarane
  • Kontinuerleg og tillitsskapande dialog og åtferd: «gjere det ei seier og seie det ein gjer»
  • Integrering av ein utmarkspolitikk i kommunale planar og prioriteringar

Skulle det oppstå konfliktar sjølv gode planar ikkje kan dempe, er det ifølgje Brendehaug naturleg å bringe kommunen til bords.

- I ein fastlåst konflikt er det til sjuande og sist kommunen som må ta avgjerder om kven som har rett til kva. I nokre tilfelle, der vi snakkar om verdifulle naturområde som må vernast mot bestemte aktivitetar, kan det vere aktuelt å bringe inn staten og kome med framlegg om områdevern. Då går ein i så fall over frå det som er regulert av plan- og bygningslova til lova om biomangfald, seier han.

Viktig for Sogndal kommune

Ifølgje leiar for Plan og forvaltning i Sogndal kommune, Markus Mohn Werner, har forskingsprosjektet vore viktig for kommunen. Både friluftsliv og fortetting – altså det å utnytte ledig areal til bustadbygging der det allereie er busetnad – er hovudtema i kommuneplanen.

- Fleire bustader gjev auka bruk av naturen, og då særleg av dei nære turområda, mellom anna på Kaupanger, som prosjektet har studert. Den auka bruken av utmarka har skapt interessekonfliktar mellom friluftsliv – særleg nyare former som terrengsykling – og tradisjonell næring som landbruk og jakt, seier han.

For kommunen har det vore eit mål å finne fram til løysingar som skapar samspel mellom ulike interesser i bruken av utmarka, framfor å regulere han gjennom den offentlege myndigheitsrolla.

- Prosjektet har vist at dialogen mellom grunneigarar, ulike brukargrupper og kommune er viktig for å skape felles situasjonsforståing og framlegg til løysingar. På bakgrunn av dialogen har kommunen tona ned ei satsing på terrengsykling som reiselivsprodukt, fordi vi ser at det har auka konfliktnivået, seier Werner.

Han meiner at prosjektet har utfordra kommunen til å ta ei leiarrolle for å leggje til rette for samarbeid med lag og grunneigarar:

- Vi ønskjer å få til eit tettare samarbeid gjennom ny organisering av friluftsmyndet og næringsarbeidet i nye Sogndal kommune. Samstundes bør kommunen vere budd på å bruke verkemidla i friluftslova i tilfella der friluftsinteressene er store og ein ikkje får til minnelege avtalar.

Nytt forvaltningssystem for fleirbruk i utmark

Forskingsprosjekt som har utvikla ein ny forvaltingsmodell for å koordinere friluftsliv i utmark.

Modellen skal redusere potensialet for konflikt mellom ulike brukargrupper, stimulere lokal verdiskaping og ta omsyn til både allemannsretten og grunneigar sine interesser.

Vestlandsforsking, Høgskulen i Sogn og Fjordane, West Highland College i Storbritannia, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, kommunane Sogndal, Luster og Gloppen, Sogn Næring AS, Forum for natur og friluftsliv, Sogn og Fjordane Skogeigarlag BA, Sogn og Fjordane Turlag, Allemannsretten.no (Marianne Reusch) og Sogn og Fjordane Bondelag har vore med i forskinga.

Prosjektet byggjer på eit forprosjekt Vestlandsforsking utførte i 2015 saman med Sogndal kommune, Sogn Næring, Bratt Moro og Interplan.

Regionalt forskingsfond Vestland har støtta prosjektet med tre millionar kroner.

Du kan lese meir om prosjektet på heimesidene til Vestlandsforsking