Denne artikkelen er produsert og finansiert av NIBIO - les mer.
For bringebærnæringa er kartlegginga av den genetiske samansetjinga til bringbæret ein ressurs, seier Forskar Jahn Davik ved NIBIO.(Foto: Siri Elise Dybdal)
Bringebær kan bli endå betre
Forskar Jahn Davik har kartlagt den genetiske samansetjinga til bringebæret. Det kan bety nye bringebærsortar, betre og finare bær.
Bringebær – dei små, raude saftige bæra med søt smak – er ei god kjelde til vitamin, mineral og antioksidantar og er difor både sunne og deilige.
På verdsbasis har bringebærnæringa vakse enormt dei siste 20 åra. I dag vert det globalt produsert meir enn 800 000 tonn bringebær per år, med ein førstehandsverdi på over 30 milliardar kroner.
Globalt skjer det eit stort foredlingsarbeid på bringebær. Nye gode sortar, produsert med tradisjonelle avlsmetodar, vert stadig slept på marknaden.
Å avle fram nye sortar på nye og meir effektive måtar, har vist seg vanskeleg.
Ein grunn til dette er mangelen på informasjon om den genetiske samansetjinga til planta – det såkalla genomet.
Lite sidespor blei kartlegging
– Vi har tidlegare vore involverte i kartlegginga av den genetiske samansetjinga til jordbæret. Dette har vore ein enorm ressurs i jordbærforsking og -utvikling. No har vi gjort det same med bringebær, seier Jahn Davik, forskar ved NIBIO.
– Det starta med at vi var interesserte i fargane hos bringebær og kor godt dei heldt seg gjennom behandling og lagring av syltetøy. Vi samla mykje informasjon om fargesamansetjing og gen som er involverte.
– Men alt vart hengande i lufta «utan anker», utan å vite kvar i genmassen til bringebærplanta dei ulike eigenskapane vart styrte frå. Det var sånn dette arbeidet starta, forklarar han.
Ankeret i denne samanhengen er genomsekvensen. Det vil seie alle desse byggesteinane som utgjer heile arvematerialet i ei organisme – både genar og DNA-strengar utan kjent funksjon.
Forskaren seier at det er mangt ein kan nytte genomet til i forsking og utvikling:
– I grunnforskinga vil eit genom alltid vere ein viktig ressurs. Men den personlege motivasjon min har vore å skape ein ressurs som planteforedlarar kan bruke.
– I utviklinga av nye bringebærsortar vil ein no meir presist kunne velje ut plantevariantar som inneheld dei spesielle gensekvensane ein er ute etter.
– Alle likar bringebær, også skadeorganismar. Å velje ut dei sortane som er mest robuste mot skadegjerarar er viktig for ein berekraftig bærproduksjon. For konsumentar er kanskje smak og vitamininnhald viktig og for dyrkaren salbar avling, påpeikar han.
Ein ressurs for næringa
For bringebærnæringa er dette ein ressurs å byggje på og ause ut av.
– Vi har gjort dette kartleggingsarbeidet saman med Graminor og engelske og amerikanske forskarar. Graminor er svært interesserte i denne ressursen. No står det igjen litt finpuss, seier Jan Davik.