Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Folk flest har verken konsentrasjon eller lyst til å lese lange tekstar lenger, ifylgje Ivar Bråten.

Har langlesing blitt ekstremsport?

FORSKARPORTRETT: – Det er mogleg vi ser starten på slutten av langlesing slik vi kjenner ho, seier Ivar Bråten.

Publisert

Førestill deg ein gutunge i Halden på 1950-talet, sonen til arbeidsfolk og dottersonen til ein piperøykande storlesar.

Enno er det ei stund til guten skal byrje på skulen, men han kjenner kunnskapstørsten verke i kroppen, så der ligg han på ein sofa i daglegstova, på arma til bestefar.

Den første i familien med høgare utdanning

Bestefar røyker karva blad og les, og piperøyken stig opp mot taket saman med orda til den amerikanske forfattaren James Fenimore Cooper, kan hende frå eventyrromanen Den siste mohikanar. Det som er sikkert, er at den unge Ivar Bråten følgjer med.

– Eg blei ein storlesar, eg også, først og fremst fordi eg ville lære. Gjennom lesinga fann eg svar på alt eg lurte på, fortel professor emeritus Ivar Bråten ved Institutt for pedagogikk på Universitetet i Oslo (UiO).

Slik gjekk det til at Bråten blei den første i sin familie som tok høgare utdanning, eller det amerikanarane kallar ein «first gen student».

I dag er han ein internasjonal pioner innan multitekstforståing. Han er også av den sjeldne sorten lesarar som klarer å konsentrere seg om ein og same tekst i timevis, til og med i dagevis.

– Å skrive for hand er ein annan tanketeknologi. Eg vert meir kritisk med ein blyant i handa, seier Ivar Bråten.

Overflatisk lesing som mental vane

Medan du les denne korte artikkelen, vert du truleg samstundes pepra med vibrasjonar, pling og melodiar frå informasjonskjelder av varierande kvalitet som prøvar å fange merksemda di.

Korleis handterer du datamengda du heile tida vert utsett for? Ikkje så bra skal vi tru Bråten.

– Måten vi relaterer oss til digitale tekstar og digitale kjelder på, ved at vi ofte klikkar og skrollar oss gjennom nyheitssider, underhaldningssider og sosiale medium, blir til ein mental vane, fortel han.

Og den vanen eller uvanen overfører vi til lesinga av meir komplekse tekstar som krev meir konsentrasjon. Kva er så problemet med det?

Bråten meiner at å meistre kritisk kjeldevurdering og forståing av mangfaldige og ofte motstridande kjelder er ei evne demokratiet er avhengig av for å fungere.

– For å kunne delta aktivt er det ein føresetnad at vi kan lese ulike tekstar med same tema og ikkje minst vurdere truverdet i kjeldene, seier han.

Slik kritisk lesing vil hjelpe oss å forstå kva og kven vi kan stole på og korleis vi kan unngå å bli forført av feilinformasjon.

– På ei anna side er verda fragmentarisk og flyktig. Kanskje er det langlesarane som i framtida får problem med å relatere seg til verda slik ho er? seier Bråten.

Podcast: Om langlesing

I denne episoden av podcasten Universitetsplassen snakkar Ivar Bråten om langlesinga som er i ferd med å forsvinne og kvifor det er viktig å forstå det vi les.

Høyr heile episoden her.

– Mylderet av samtalar om lesing er bra

Vinteren 2023 er vi vitne til fleire debattar i media om lesing.

Ein vitskapeleg artikkel handlar om 15-åringane våre som, ifølgje PISA-studien, slit med å lese på den måten Bråten trur er bra for samfunnet: langt, samanhengande og kjeldekritisk. Særleg strevar dei med å vurdere truverdet til webtekstar.

Ein annan debatt i blant anna avisene Morgenbladet og Klassekampen handlar om studentane våre.

Der hevdar fleire professorar at dei unge heller vil lytte til podkastar og videoopptak av førelesingar (Klassekampen 13. januar), gjerne i høgt tempo, enn å langlese pensum (Klassekampen 10. januar).

Vi snakkar også om leiken vi har tatt frå førsteklassingane for å lære dei å lese tidleg (OsloMet 12. desember), om merksemdskrisa og om teknogigantanes makt over evna vår til å fokusere (NRK 1. januar).

– Det er viktige spørsmål som vert reist, seier Bråten.

– Digitaliseringsprosessen er ein genuin trussel mot lesinga. Leseevnene til studentane og ikkje minst vilje til å investere tid og innsats i lesing, har endra seg og er i endring. På ei anna side: Dei ser ut til å lese meir målretta.

Ein forskar for forskarar

Bråten har arbeidd som forskar i pedagogisk psykologi ved UiO sidan 1987. I 2022 blei han innlemma i American Educational Research Association (AERA), ein av dei tyngste forskingsorganisasjonane i utdanningsfeltet.

For eit par år sidan hamna han på Stanford-lista over dei to prosent mest siterte forskarane i verda, uansett fagfelt. Bråten har alltid sett på seg sjølv som ein forskar for forskarar framfor ein forskar for offentlegheita.

Kva meir må til for å vere i forskingsfronten?

– Eit liv, svarar han; – engasjement og uthald. Eg har to veker ferie kvart år, men eg skrur aldri heilt av. Eg har alltid kontakt med andre forskarar rundt om i verda som eg samarbeider med og er alltid aktivt tenkjande.

Han synest spørsmålet vi stiller om kva det gir han å vere så dedikert, er merkeleg.

– Forskinga mi er meg. Det er identiteten min, seier han.

Å kritisk ignorere for å fokusere

Bråten forskar blant anna på konsentrasjon under lesing, leseforståing og multitekstforståing. Han er ikkje i tvil om at konsentrasjonen vår under lesing er truga.

– Det er så mykje som stel merksemda vår, ting vi rett og slett må ignorere for å spare merksemda til det som er mest vesentleg. Kritisk ignorering, kan vi kalle det. Vi må ta ansvar for å ignorere det vi ikkje synast det er verd å bruke merksemd på, seier han.

Dette er ifølgje forskaren eit kulturelt problem, men likevel oppmodar han den enkelte til å sjølv ta ansvar for å skjerme seg mot bombardementet av informasjon, vise måtehald.

– Vi må ta oss sjølv i nakken og ikkje klikke på alt berre fordi det er lett tilgjengeleg, seier han.

Til dømes kan vi skjerme fokuset vårt ved å skru av meldingar som poppar opp på skjermen medan vi arbeider og slutte å handsame alle meldingar vi får som brannalarmar som krev beinveges handling.

– Vi må ikkje alltid respondere på sekundet, minner han om.

– Den gode lesaren finst ikkje

Kva meiner Bråten kjenneteiknar ein god lesar?

– Ein god lesar, i heilt generell forstand, finst ikkje. Like leis er aldri ein lesestrategi per definisjon god, men fleksibel. Kvar ein såkalla god lesar vil ha problem med mange typar tekster, seier han.

Lesing er til dømes krevjande når vi manglar bakgrunnskunnskap om det vi les om.

– Hadde du lagt ei strikkeoppskrift framfor mange av dei vitskaplege tilsette her ved universitetet, ville dei vore heilt hjelpelause. Den viktigaste faktoren for å forstå det du les, er kva du allereie veit om det du les, seier Bråten, men skundar seg å legge til:

– Du blir ikkje ein god lesar utan å lese.

Referanse:

Ivar Bråten og Hefer Bembenutty: An interview with Ivar Bråten: A pioneer making a scientific contribution to theoretical and empirical research on the role of epistemic cognition in multiple document literacy. Contemporary pioneers in educational psychology: Theory research, and applications, Information Age Publishing, 2022. (Sammendrag)

Powered by Labrador CMS