Du kan bli din eigen bloddonor

Forskarar har klart å lage blodceller direkte frå hudceller utan å gå omvegen om stamceller. Dette kan hjelpe pasientar til å bli sine eigne bloddonarar i framtida.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

(Foto: Colourbox) (Foto: Colourbox)

I samarbeid med


 

Denne saken er produsert av NRK.

Kanadiske forskarar ved McMaster University i Canada har klart å produsere blodceller frå hudceller hos menneske.

Frå ein 3 x 4 cm stor hudflik, kan ein teoretisk lage nok blod til blodoverføring til ein vaksen person, seier Mickie Bhatia, den leiande forskaren bak studien som er publisert i Nature til CBC.

Det er ikkje første gongen ein har klart å lage blodceller frå andre celler, men dette er første gong at ein har laga nye blodceller utan først å gå omvegen om stamceller.

– Dette er spennande, seier Sissel Rogne, direktør for Bioteknologinemnda til NRK.no. Her dokumenterer forskarar igjen at ved hjelp av spesialisert vev, som hud, så kan ein få ein heilt annan type spesialiserte celler.

– Vi byrjar no å forstå mekanismane for å gå frå ein celle til ein annan, legg Rogne til.

 

____________________

 

Les hele saken på NRK.no

 

Powered by Labrador CMS